List

Det er nøyaktig 10 år sidan eg første gong landa på flyplassen i Alta. Det snødde lett, det var midt på dagen og ikkje heilt lyst ute. Eg skulle til Alta folkehøgskule (tidlegare Øytun) for å delta på halvårskurset Cirkum Polare.

Eg tok drosje til skulen, vart vist til rommet mitt og sette frå meg ein haug med turutstyr. Dei andre var på tur denne føremidagen. Kva i alle dagar har eg begitt meg ut på, hugsar eg at eg tenkte. Lite visste eg då om kva for eit fantastisk halvår dette skulle bli, fylt til randa av friluftsliv, fellesskap og eventyr.

IMG_0137

Vinter08 257

Eg var svært spent då klassen min kom frå tur og eg endeleg skulle få helsa på denne gjengen. For å markera overgangen og kanskje gli litt meir friksjonsfritt inn i mengden, hadde eg, etter sju år med raude dread looks, klipt håret og fått meg ein vanleg sveis. Ei av dei første som møtte meg var ei ung kvinne med eit stort smil og heilt nylaga dreads. Ho tok meg i handa med eit fast grep og sa: «Eg heiter Katrine og kjem frå Bindal!» Her kunne ein altså ha passa minst like godt inn i flokken med dreads, men å gli ubemerka inn i mengden er vel uansett ikkje heilt min stil. Då var me i gang!

Alaska 2008 063

Eg kom nokså direkte frå ein internasjonal forskarkonferanse og eit hektisk liv i Oslo. Kontrasten var stor til det dei glade dagane på folkehøgskule: Me fekk servert mat fire gonger til dagen og hadde knapt ansvar for anna enn å vaska kleda våre sjølv. Alt av logistikk og planlegging til Alaska gjorde me i skuletida. Elles var det berre å gå på tur, fjasa rundt på internatet eller spela bordtennis, til dømes. Happy days!

Den første ordentlege prøveturen gjekk til Vestrelvdalen på Finnmarksvidda. I januar i Finnmark er dagane korte og viddelandskapet kan vera krevjande å navigera i. Første dagen vart lang og på ettermiddagen sank temperaturen medan det klarna opp. Me på teltlaget mitt gjorde vårt beste for å setta opp teltet, laga raskt mat og kraup ned i soveposane. Det var hustrig og stusseleg og teltduken hang over hovuda på oss. Kva skulle me finna på resten av ettermiddagen? Berre ligga her og frysa? Heldigvis kom der ein klassekamerat på døra og inviterte oss inn på besøk. Det var som å koma inn i ei heilt anna verd. Her var teltduken stramt spent opp på korrekt vis, der var reinskinn på heile glovet og primusen dura og gjekk. Temperaturen var behageleg, heile klassen var samla i teltet og ein pose med seigmenn vart sendt rundt. Kjempestemning! Så stor skilnad kan det altså vera på telt og telt.

P1000498

P1000517

DSC_0114

 

Dei påfølgjande vekene var læringskurva bratt. Me trente på vinterfriluftsliv, teltrutiner, var på førstehjelpskurs, skredkurs og eigenorganisert treningstur. Og plutseleg var dagen der kor me skulle reisa til Alaska! Om lag eit døgn etter avreise landa me i Anchorage og vart sendt gjennom den omfattande pass- og tryggingskontrollen ved USA si grense. No skulle me snart, snart ut i villmarka!

Etter proviantering og eksotisk innlosjering hjå ein haug med trivelege medlemmar av organisasjonen «Son´s of Norway» tok me propellfly og så småfly ut i bushen og kom til landsbyen Takotna. Her skulle me læra pelsjegerlivet i det indre av Alaska og vera frivillige under det berømte hundekøyringsløpet Iditarod. I Takotna og på «Cabin», tre mil lengre opp langs elva, vart me kjend med kvarandre, dei fine folka i Takotna, og ein haug med frivillige og hundrekøyrarar. Eg kunne ha framstilt tida på Cabin som barskt pelsjegerliv, men sånn som eg hugsar det bestod dagane først og fremst av å vasa litt rundt på ski, brenna mange lange furubål og eta god mat. I tillegg fekk me drept og flådd ein og annan mår eller gjerpefugl. Det var fantastiske dagar, så vemodet var stort då me reiste frå Takotna, flaksande i småfly, den 8. mars 2008.

P1010243

The Cabin 070

P1010284

P1010400

Etter Takotna bar ferda nordover til Fairbanks. Også her vart me tekne godt i mot av familiane som skulen hadde kontakt med og var gjestar hjå dei medan me laga mat, handla og pakka til langtur. Desse periodane med proviantering var ikkje berre nødvendig førebuing, men også ein unik moglegheit til å bli kjend med spennande og fantastiske folk i Alaska.

P1010923

Alaska 2008 016

Me skulle på langtur i fjellkjeda Brooks Range i nordre Alaska. Me vart køyrde i svære pick-up truckar opp langs den einaste vegen som går nordover i Alaska, nemleg «pipe line road», langs oljeledninga som går heilt ut til havet i nord. Me starta turen med ei siste hytteovernatting før me la ut i den iskalde villmarka kor me skulle gå omlag 20 mil (trur eg) inn til landsbyen Anaktuvuk Pass som ligg heilt isolert midt inne i Brooks Range.

Vinter08 254

Langturen vart ganske tøff. Då me starta var der enorme mengder puddersnø. Me sank ned til midt på låret, og då kan eg lova deg at det er uendeleg tungt å trekka pulk. Me tråkka 50 steg kvar, for så å leggja oss bakerst i rekka. Etter desse 50 stega var eg utsliten og svett. På den eine sida var det deileg, og heilt påkrevd, å få kvila litt baki rekka. Men på den andre sida var det heilt uunngåeleg å frysa når ein hadde gått seg sveitt der framme. Etter djupsnøen vart det overvatn på elva, ugjennomtrengelege kratt å forsera, ein halv dag med fint skiføret før me kom til islagd elv og barmark utan snø. Deretter følgde ein dag med masse vind, ein halv dag vêrfast og ei hard oppstiging mot fjellpasset. Først etter å ha kryssa passet hadde me nokre dagar med fint og lett skiføre inn mot Anaktuvuk.

 

DSC_0167

DSC_0093

DSC_0150

Dei harde tilhøva til trass, så hugsar eg aller best all fjas og moro me hadde på den turen. I kvar einaste lunsj hadde Paul, som var læraren vår i Alaska, eit spontant radioshow med radiolyttarkarakteren Peder fra Dønna som trufast ringte inn svaret på «Nordlandsnøtta, i dag!». Me lo så tårene skvatt! Og så var det kveld etter kveld med timevis rundt bålet og utanom den første natta hadde eg det stort sett varmt og godt i soveposen.

DSC_0225

P1010942

Etter 14 dagar kom me endeleg fram til Anaktuvuk. Ei rekke med skigåarar frå Noreg kom ein dag vandrande inn i landsbyen med pulk etter seg. For første gong på heile turen var det så varmt at me kunne gå i ullskjorta. Eg veit ikkje kor mange minus det kan ha vore, men ungane i landsbyen syns også det var varmt og sprang rundt i kortbukser i snøen. I løpet av den første dusjen på 14 dagar kunne eg konstatera at me hadde brent meir kaloriar enn me hadde fått i oss; huden på magen hang og slang. Men det ordna seg snart, for me heiv oss i burgarane så fort me kunne.

DSC_0177

Vinter08 494

Også i Anaktuvuk fekk me glede av å bli kjent med heile lokalsamfunnet. Eg leika ganske mykje med ein flokk ungar, og heile klassen vart invitert på koldtbord og bygdefest ein kveld. Her serverte dei kokt kvalspekk og anna eksotisk tradisjonsmat. Litt som Rockefort syns eg, i den forstand at det var skarp og uvan smak, men godt og noko eg kunne ha lært meg å lika veldig godt. Dei kommande vekene vart Magne, Magnus og eg verande i Anaktuvuk og levde glade dagar vekselvis i landsbyen og ute i bushen i eit luftig lerretstelt. Me klatra Helge Ingstad Mountain, jakta ryper og hare og syns at meininga med livet var å vera ute.

P1010997

P1020225

P1020202

P1020227

Historia om Alaska og Alta folkehøgskule er lang. Og for å gjera den siste delen av ei lang historie kort: Eg hadde meg ein spennande åleinetur tilbake mot Anchorage, trefte igjen dei andre og så reiste me heime til Noreg. Vidare den våren var Kristin, Eli og eg med Nils og Tove Utsi på reinflytting. Uti mai kom avslutningsturen. Då gjekk me lite tur og satt opp mesteparten av dei lyse mainettene og sang Halvdan Sivertsen-songar, mimra om månadene som hadde gått, snakka om livet og var glade i kvarandre. Og snipp snapp snute, så var eventyret om Alaska ute!

P1020967

Men det viste seg snart at eventyret ikkje tok slutt, og det halvårskurset har balla på seg og blitt til ti år lange vennskap og ei nesten endelaus rekke med nye turar i villmarka. Eg hugsar eg sa til meg sjølv då eg meldte meg på Cirkum Polare hausten 2007 i Oslo at eg ville ta dette kurset for å sørgja føre at friluftsliv vart noko eg aldri ville prioritera vekk i livet mitt. Og det forsettet har holdt vatn, kan eg lova deg! Mon om eg hadde reist til Steigen, treft Marius og blitt mamma til Magnus dersom eg ikkje mange år tidlegare hadde reist til Alaska?

IMG_0484

Foto: Cirkum Polareklassen 2008.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

juli 12th, 2018

Flukt, splittelse, konsekvenser – funn fra internasjonal og norsk forskning på familieinnvandring

Over hele Europa blir hensynet til integrering brukt som et av argumentene for å stramme i regelverket for familieinnvandring. Et […]

juli 8th, 2018

Gratulerer med dagen!

Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er […]

juni 21st, 2018

Flyttar inn i nytt hus

Endeleg var dagen der som me har venta på så lenge. I går tok me over det nye huset i […]

mai 30th, 2018

Hver gang vi møtes

Det er 10 år sidan eg trefte Katrine Berg-Hansen og Eli Børve. Det skjedde på Cirkum Polare – eit halvårskurs […]

mai 29th, 2018

Family migration and integration

Restrictive measures on family migration, such as income requirements, pre-entry language and integration tests, and age limits, reduce the number of applications […]

mai 27th, 2018

Familieinnvandring og integrering

Over heile Europa blir omsynet til integrering brukt som eit argument for å stramma inn regelverket for familieinnvandring. Nye vilkår […]

mai 24th, 2018

Fedrekvote og andre meiningslause påfunn

Frps Jon Helgheim har fått mykje merksemd i dag fordi han har skrive på Facebook at «kjønnskvotering, fedrekvoter og andre […]

mai 12th, 2018

Me analyserer intervjudata

Denne veka har Elisabeth Stubberud og eg hatt workshop kor me har analysert intervjua frå det pågåande forskingsprosjektet «Queer Migrants […]

mai 5th, 2018

#UngIDag – likestillingsutfordringar blant barn og unge

Barne- og likestillingsministeren har sett ned eit nytt offentleg utval som skal undersøkja kva for likestillingsutfordringar barn og unge møter […]

april 30th, 2018

Hjemme best – for hvem?

Vi vet at mange eldre ønsker å bli boende i egen bolig så lenge som mulig når de eldes og svekkes. […]