Berekraftig?

Er velferdsstaten berekraftig? Eg har mellom anna forska på innvandringspolitikk og eldreomsorg dei siste åra. Felles for begge desse emna er at spørsmålet om berekraft gjerne blir stilt igjen og igjen. Er innvandringa berekraftig? Er eldrebølgja eit trugsmål mot eit berekraftig samfunn?

Spørsmåla har ein undertone av krise fordi det svaret som ligg mellom linjene syns å vera nei. Kva meiner ein eigentleg med berekraft i desse samanhengane?

FN-sambandet definerer berekraftig utvikling på denne måten: “Utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov”. Dei understrekar at dette særleg handlar om fattige folk sine behov for å få oppfylt sine grunnleggande rettar.

Ordet “berekraftig utvikling” vart først brukt i rapporten Vår felles framtid fra 1987 (Brundtland-kommisjonen) I denne rapporten var det klimautslepp, menneskeskapte klimaendringar og fattigdom som sto på dagsordenen. Men i dagens debatt blir altså omgrepet brukt i ein rekke andre samanhengar, mellom anna i diskusjonar om velferdsstaten.

Eg kom til å tenkja på dette etter at eg las Arbeiderpartiets migrasjonsutvalg si innstilling til ein ny asyl- og innvandringspolitikk i førre veke. Premisset dei legg til grunn er at dagens asylordning ikkje er berekraftig. Med dette som utgangspunkt føreslår dei ei rekke innstrammingar i norsk asylpolitikk og ei større satsing på humanitær hjelp i nabolanda til land i krig.

Spørsmål om berekraft rettar gjerne blikket vårt i ei bestemt retning. Spør me om den norske velferdsstaten eller asylpolitikken er berekraftig rettar me blikket mot alle dei av oss som er unge og bur her i landet frå før. Innvandrarar og dei gamle – trugar dei vår og framtidige generasjonar si moglegheit til å få dekka våre grunnleggjande behov?

Ein kan også stilla andre spørsmål om berekraft, som for eksempel:

Der er ingen opplagde svar eller enkle løysingar når det gjeld kva ein skal gjera med krig, klimakriser, matmangel, terrorisme og fattigdom som nødvendigvis fører folk ut på flukt. Men det er viktig å seia noko om kven sine behov – i dag og i framtida – me snakkar om. Det ville kanskje vore meir klargjerande å snakka om ressursfordeling, makt og marginalisering enn om berekraft, for eg er ikkje så sikker på om me alle er i same båt.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content