List

Kva er det eigentleg med bilar som gjer at både barn og bransjefolk veit at kvinner alltid køyrer kjerra og dessutan ikkje veit att og fram på far sin bil?

For halvanna år sidan kjøpte eg meg bil. Som ein kan venta av ein bil, har det sjølvsagt skjedd meir enn ein gong at saker og ting ikkje fungerer. Rett før eg skulle på bilferie i sommar til dømes, streika alle varsellamper i heile bilen. Potensielt på randen av totalt motorhavari, meinte verkstaden.

Eg tok bilen med på merkevareverkstad i byen for å få saka ordna. Med meg inn hadde eg kjærasten, ettersom det var me to som skulle på denne bilferien. La oss i denne samanhengen berre kalla han Mr. M. Kjærasten altså. Ikkje bilen.

Mr M og eg sette oss ned på kvar vår stol i lag med kundehandsamaren. Eg forklarte kva som var i vegen, kva tid problema hadde oppstått og kva feilsøking som var gjort så langt. Då eg var ferdig med det snur Skodamannen seg mot Mr M og flirer: ”Prater ho alltid så mykje?”

Etter ei tid måtte eg på ny levera inn bilen til feilsøking og reparasjon. Eg henta bilen på kveldstid, og venta på rapport frå verkstaden. Eg trengte heldigvis ikkje venta lenge; då eg kom heim til middag kunne Mr M fortella meg alt om problemet. Han hadde nemleg treft på mekanikaren på kaia. Og kva er vel meir naturleg enn å rapportera til kundens betre halvdel?

Det vart endå ein telefonrunde til verkstaden. Eg ville gjerne ha kopla på igjen ei mellombels fråkopla ledning før eg køyrde kjerra til merkeverkstaden. Kva føreslår den lokale bilekspertisen?

  • Kan ikkje Mr M. koma innom med bilen, så kan eg visa han korleis han koplar til ledninga, og så ordnar han det for deg før du køyrer?
  • Ok, då kjem EG innom før eg reiser, og så viser du MEG det med ledninga, konkluderte eg og la på.

Dette er sjølvsagt same verksemda som har eit rosa skilt i butikken med teksten ”dameavdeling”. I dei hyllene står det syltetøyglas og lysestakar. I resten av butikken er det utstyr til motor, fiske og båt.

Men over til bil igjen. For ei tid tilbake kunne Mr M fortella at ein av elevane hans hadde kome bort og spurd:

  • Kvifor køyrer du Helga sin bil?
  • Eg køyrer ikkje Helga sin bil. Eg køyrer min eigen, svarer Mr M.
  • Hæ?! Eg trudde du hadde den fine bilen! utbryt barnet.

Kva er det med bil, eigentleg? Kva er det som gjer at sjølv barn har fått med seg at det ALLTID er kona som køyrer det gamle vraket, og at det er mannen i forholdet som køyrer den store, fine bilen? Det kan ikkje vera mange unntak frå den norma når ein har plukka det opp frå barnsbein av, sjølvsagt utan at det nokon sinne er blitt sagt rett ut at det er sånn det skal vera.

Og kva er det med ein bransje der det er comme il faut å latterleggjera kunden etter beste evne? Eg hadde trudd at marknadslogikken – i alle fall til ein viss grad – trumfa kjønnsrollar frå 50-talet. Men neida, ikkje i bilbransjen. Kva betyr det vel å mista ein kunde her og der så lenge ein får markert at kvinner har med å sitta fint oppa panseret, og ikkje bry det vakre hovudet sitt med kva som er under det. 1-0 til 50-talet.

Eg er heilt akutt lei av å la ting fara. Ikkje irritera meg. Ikkje bry meg. Oversjå forsøk på usynleggjering og latterleggjering. Av å berre roleg ta kontrollen på situasjonen og markera at dei ikkje vipper meg av pinnen. Akutt lei av å bli sett på som ei qvinde i nød.

Loi skreiv på Maddam for ikkje lenge sidan at: ”Det er ikke alltid like lett å ’ikke tenke på det’, selv om jeg gjerne vil tolke andres handlinger i beste mening”. Eg veit søren ikkje om eg gidder å tolka bilbransjefolka i beste meining særleg mykje lenger.

Kva gjer eg neste gong? 1) Sukker i bensintanken, 2) spikermatte i innkjørselen, 3) banan i eksosrøret? Eller 4) berre setta fyr på heile jævla bilsjappa? Gje di stemme no!

Innlegget vart først publisert på Maddam.no 15. mars 2016.

Illustrasjonsbilde: Pinup Model: Erika – The Texas Timebomb av Christopher Allison Photography, CC BY-NC-ND 2.0

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

desember 23rd, 2020

Pepperkakespesial 2020

Alle i heile verda er vel samde om at det er ein ting som har sett sitt preg på 2020, […]

desember 20th, 2020

Skrivelyst

Då eg var barn hadde eg lyst til å skriva. Ein gong på 80-talet, i god tid før eg vart […]

desember 9th, 2020

Kollektiv kvalitativ analyse – ein metode i fire trinn

Som doktorgradskandidat hugsar eg at eg kjente meg overvelda og rådlaus den dagen eg hadde samla inn alle data og […]

november 27th, 2020

Voldsutsatthet blant skeive med innvandrerbakgrunn

Forskning og politikk på vold i nære relasjoner har de siste 40 årene hatt et tydelig fokus på kjønnsforskjeller, og […]

november 11th, 2020

No er me her igjen og tida mellom virkar så kort

No er me her igjen. Landet – og mykje av livet – er stengt ned, stengt inne, stengt. Plutseleg virkar […]

oktober 30th, 2020

Portvakt og kvalitetssikrar – om fagfellevurderingar i akademia

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til […]

oktober 9th, 2020

Glede og demens

Demens er ein av dei sjukdommane me er mest redde for. Det er ikkje så rart. Dei av oss som […]

oktober 9th, 2020

Mer midlertidighet for innvandrere

Viktige endringer i integreringsloven og statsborgerloven skal behandles i Stortinget i oktober. Et omdiskutert punkt er innføring av bestått språktest på såkalt B1-nivå for […]

september 29th, 2020

Annes metode

Det heile byrja med at eg kom over boka Eltefri bakst i sommar. Eller forresten, det byrja vel då eg […]

september 24th, 2020

Kva veit me om klima og likestilling?

Norsk likestillingspolitikk er basert på likestillingsintegrering – det vil seia at eit kjønnsperspektiv skal integrerast på alle politikkområde. I denne […]