List

Eg les mykje barnebøker for tida. Magnus er blitt så stor at han har glede av ei god historie og ikkje berre pekebok med sau, ku og traktor. Der er masse flotte bøker, gamle klassikarar som «Geitekillingen som kunne telle til ti», «Eventyret om bukkene bruse» og «Emma i barnehagen», samt nye klassikarar som «Gruffalo» og «Bukkene bruse på badeland».

Der er mange bøker eg gler meg til å lesa til han. «Brødrene Løvehjerte» var eg så heldig å få lesa dei tre første kapitla av til Simon då eg var i Bergen sist. Mummibøkene til Tove Janson har eg lese oppatt og oppatt til Eli og Katrine i tidlege vinterkveldar i teltet.

Då eg var i Sandnes sist kom eg over ei av min barndoms favorittar då Elida og eg leita etter ei bok å lesa på sengekanten: «Barna ved Yangze Kiang». Utgiven i 1982 men tilgjengeleg elektronisk via Nasjonalbiblioteket. Boka handlar om to vener og familiane deira som opplever ein flaum, og korleis folka i landsbyen bergar seg og bygg opp igjen landsbyen. Eg elska denne historia om dei to kinesiske ungane Mei Mei og Chang.

Dei bøkene som gjorde sterkast inntrykk på meg då eg var barn har det til felles at det er forteljingar om ungar som bur andre stader Noreg eller har anna bakgrunn enn det majoritetsnorske. «Vi på vidda» var ei av dei eg lika best i barnehagens sitt bibliotek. Det er ei bok om ein reindriftsfamilie som me får følgja eit heilt år og vera med på kalvemerking, rundt bålet i lavvoen og uroa for islåsing av beitene. Eg drøymde om å liggja nedpakka i reinskinn i ein slede bak skuteren medan stjernene dukka opp på himmelen éi etter éi.

Der var ein bokserie som eg aldri vart lei av. Éi bok om ein skopussargut i Ecuador, Fernando som arbeidde som bananplukkar, ei jente og familien hennar som budde i slummen i ein storby i Latinamerika. Som det plar vera i sosialrealistiske romanar, så var verda urettvis og brutal og bøkene ende ikkje særleg lukkeleg. Urettvisa sette seg i kroppen og gjorde vondt, men eg ville høyra dei igjen og igjen.

Dessutan var der ei bok, basert på ein serie frå barne-tv, kor me fekk følgja nokre familiar med innvandrarbakgrunn i Noreg på ein heilt vanleg dag. Norske ungar med foreldre frå Gambia og Vietnam, hugsar eg. I boka fekk me vera med dei ein ettermiddag, kor dei gjorde ting som å gå i symjehallen og spela fotball. Dei laga litt annleis og spennande mat og fekk høyra eit eventyr på sengekanten som eg aldri hadde høyrd før. Både oppskrifta og eventyret kunne ein lesa i boka.

Medan eg tenkte på alle desse vidunderlege lesaropplevingane, så slo det meg at dei barnebøkene eg les for Magnus no, og som eg har høyrd om frå andre, i stor grad handlar om ungar som er kvite i huda eller fiksjonsfigurar og dyr av hankjønn, som har mor og far og lever i eit slags nordisk (fantasi)univers.

Brillebjørn er eit befriande unntak frå den morfarbarn-greia, som ein gjentek til det keisame i alle moglege sangar og bøker. Brillebjørnboka eg nett kjøpte er ei spennande historie om å skli på den store sklia på lekeplassen. Ho er skummel, men med hjelp frå ei stor jente, så går det bra! Morosamme sitat til foreldrene – som fangar tidsanden – av typen: «Brillebjørn, vil du ikke heller komme opp i senga vår og se på barne-tv på telefonen?» Og så har Brillebjørn ei mamma og ei mor. Boka gjer altså ikkje eit pedagogisk overtydeleg poeng av mødrene, à la «Brillebjørn er VELDIG annleis som ha TO mammaer i staden for EIN PAPPA og ei mamma  SLIK SOM ALLE OSS ANDRE». Plusspoeng.

Eit anna befriande unntak er «Snart sover du; et års god natt» av Haddy N’jie og Lisa Aisato. Boka er ei nydeleg godnatthistorie på rim med vidunderlege illustrasjonar. Og så har dei ungane som søv og dei figurane som personifiserer årstidene litt ulike hudfargar og hårfargar. Litt merkeleg at dette – i Noreg i 2018 – framstår som eit synleg unntak. Kanskje eg berre har for dårleg kjennskap til kva som finst på marknaden. Men uansett, plusspoeng til N’jie og Aisato.

Etter ein liten runde på Facebook fekk eg nokre tips til barnebøker kor ulike familiar og ulike kjønn er representert. Trikset er at helten ikkje alltid er av hankjønn og at familien ikkje alltid er morfarbarn. Meir av dette i Sverige enn i Noreg, etter hva eg forstår. Takk til Linn Bylund, Mari Aarbakke, Sunniva Jarmann og Hilde Arntsen og Aase Kristine Lundeberg som har delt raust av sine beste tips:

  • Lolly
  • Var er pappas skor?
  • Drømmeprinsen
  • Her er teddy
  • And tango makes three
  • Familiemyldreboka
  • Barnehagedagen
  • Forelska i Feisbukk
  • Wilma har to mammaer
  • Familier – ulike og unike
  • Hannemone og Hulda
  • Vem kommer nu? (av Stina Wirsén som visstnok har skrive mykje bra)

Her har eg altså ein del å testa ut. Men eg lurer framleis på kva som er dei gode barnebøkene om ungar som ser litt forskjellige ut, har foreldre frå litt ulike land og ungar som bur ein heilt annan stad og lever ein heilt annan kvardag enn me gjer i Bodø. Det fantastiske med bøkenes verden er at ein får ta del i andre sin verden og dermed utvida sin eigen verden. Meir av det! Eg treng fleire tips, og her er tipsa eg har fått etter at eg delte denne teksten:

  • Hemma hela sommaren
  • Veckan føre barnbidraget
  • Samirs reise
  • Unni og Gunni
  • Mine to oldemødre av Lisa Aisato Njie Solberg
  • A day in the life of Marlon Bundo
  • Malvin-bøkene
  • Tambar-bøkene
  • Jakop og Neikop
  • Albert Åberg
  • Bæsj av Stephanie Blake
  • Trekant av Mac Barnett
  • I Huttetuenes land
  • Serafin og hans makeløse mesterverk
  • Den kjempestore pæra og lillefrosk-bøkene og E.T av Kim Smith
  • Rosa Parks sb Lisbeth Kaiser, Marta Antelo, Ingrid Hafredal m.fl, en del av en bildebokserie om kjente historiske kvinner
  • Stina wirsen Hvem-serien

Utsikt

Foto: Privat.

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

oktober 7th, 2018

Bøkenes verden

Eg les mykje barnebøker for tida. Magnus er blitt så stor at han har glede av ei god historie og […]

september 27th, 2018

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv – Plikta til aktivt likestillingsarbeid

Jamfør likestillings- og diskrimineringslova har arbeidsgjevarar, partane i arbeidslivet og offentlege myndigheiter ei plikt til å jobba aktivt og målretta for likestilling. […]

september 24th, 2018

Berekraftig?

Er velferdsstaten berekraftig? Eg har mellom anna forska på innvandringspolitikk og eldreomsorg dei siste åra. Felles for begge desse emna er […]

september 18th, 2018

Kortreist mat

På måndag hadde Magnus og eg ein super ettermiddagsaktivitet: Me sykla til Fenes for å hausta av markens grøde. Berre […]

september 4th, 2018

Mørkvedodden

Friområdet nedføre huset vårt heiter Skagen, og ytst på neset heiter det Mørkvedodden. Blant lokalbefolkninga er området mest kjent som […]

august 29th, 2018

Berg og båre brytes

Allereie midt i august kom den første sørveststormen inn over Bodø. For oss som er nye i nabolaget var det […]

august 29th, 2018

Menns vald mot ciskvinner og transkvinner

I sommar har der vore offentleg debatt om transpersonar sin tilgang til offentlege garderobar. I feministiske krinsar, mellom anna på […]

august 19th, 2018

Ingen skam å snu – endelig håndheving av forbudet mot seksuell trakassering

2. juli 2018 år sendte Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland et historisk lovforslag på høring: I følge forslaget skal […]

august 13th, 2018

Klimaangsten

Klimaet endrar seg på grunn av klimagassutslepp. Endringane er menneskeskapte. Dette har vore allmen kjend så lengje eg har levd, […]

august 8th, 2018

Givær

Givær er ei lita øygruppe i Vestfjorden som ligg langt ute i havet, omlag tre mil vest for Bodø. Hovudøya, […]