Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, og det som kanskje var byens siste hårklipp på lang tid, og gjekk for å henta i barnehagen.

Eg roa meg litt ned då unntakstilstanden var eit faktum i går. Endeleg litt handlekraft og tiltak som kanskje kan stoppa eksponensiell smittespreiing. Eg har vore uroa ei god stund. Og på sett og vis har eg vore uroa for noko som dette sidan eg såg Outbreak på kino i 1995.

På den positive sida: Mine arbeidsoppgåver har vore planlagd avslutta denne veka uansett, så eg treng ikkje kombinera barnepass med heimekontor. Eg er i foreldrepermisjon og får utbetalt ordinær løn. På den negative sida: Det kjennest som litt dårleg timing med termin om to og ei halv veke. Den informasjonen me har tilgjengeleg tyder ikkje på at viruset er særleg farleg for gravide og barn. Men tanken på å bli eit testcase er ikkje så oppløftande. På sjukehus må eg uansett i løp av dei næraste vekene. Eg kryssar fingrane for at det ikkje blir personalmangel eller ukontrollert smitte på Nordlandssjukehuset. Eg er ikkje per definisjon i ei utsett gruppe, men eg kjenner meg sårbar.

Unntakstilstand dag 1 – 13. mars 2020 – har eg prøvd å halda meg roleg. Magnus og eg har hatt ein fin dag i lag. Ikkje verken krangling, masing eller raseriutbrot i dag. Kanskje fordi me har hatt så god tid? Me skulle jo absolutt ingen ting, så kva gjorde det vel om treåringen brukte lang tid på å finna konsentrasjon og motivasjon til å kle på seg. Me har gått litt på ski i hagen, laga over 20 kaker av snø i sandkassen, snakka med søskenbarna på Facetime, øvd på å skrella poteter til middagen, lekt med Playdough og fått oss ein kveldstur på Mørkvedodden og spist litt sjokoladekake i gapahuken.

Omlag slik skal me vel ha det framover, til fødselen er i gang i alle fall. Me skal ikkje treffa nokon. Me skal ikkje reisa nokon stad. Me skal ikkje på jobb og ikkje i barnehagen. Me skal berre gjera alt veldig, veldig sakte. Pusta roleg og halda oss heime. Kanskje er det noko å ta med seg vidare i livet.

Men når kvelden kjem og ungen er i seng kjem uroa. Korleis kjem det til å gå med denne fødselen? Med ungen som skal bli fødd i Coronaens tid? Korleis skal det går med alle dei av oss som ikkje har så god helse? Og kva med dei av oss som ikkje har mykje å gå på økonomisk, og som no blir permittert?

For dei av oss som har lett for å bli uroa, bekymra og redd i utgangspunktet, så er det ikkje godt å bli sittande åleine og tenkja på viruspandemi. For dei av oss som kanskje kjenner oss åleine i utgangspunktet, så er ikkje isolasjon ein god situasjon.

Eg snakka med gamaltanta mi på telefonen i går. Ho blir 100 år i 2020. Ho satt og følgde med på nyhenda om pandemien. Ho er ikkje redd for å døy, fortalde ho. “Om eg som er så gamal lever eller døyr betyr ikkje så mykje”, sa ho. Kanskje ligg det styrke i å ha levd sitt liv. Ingen kan ta ifrå deg det livet som allereie er levd. Men dei fleste av oss har vel heller ei kjensle av at me har mykje å miste?

Foto: Helga Eggebø.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content