Detox

Internett, skjerm, smarttelefon, sosiale media og e-post driv meg fra vettet for tida. Gode sju timar kvar dag sit eg framføre skjermen på jobb med e-post, telefon og forskingsprosjekt-promotering på Facebook. Når det endeleg er på tide å gå heim, så tek eg meg sjølv i å sjekka e-post på vegen heim. I gangen heime. Eg snik meg til å sjekka endå ein gong. Og berre nett ein gong til. Dersom det varsla talet på e-postar har auka sidan sist, stig spenninga før eg klikkar meg inn. Og slik held eg fram heile kvelden.

Eg har ikkje ein jobb som gjer det er naudsynt å sjekka e-posten på ettermiddagen. Det er aldri noko som ikkje kan venta til morgonen etter. Det er som regel ikkje veldig spennande det som kjem i innboksen. Mykje informasjonsbrev, ein del ordrestadfestingar, meldingar frå banken om kontoutskrift, og så bortetter. I tillegg til heilt ordinær og ikkje særleg viktig jobbmail.

Men eg sjekkar likevel. Det hender i ny og ne at det ramlar ein interessant førespurnad ned i e-postkassa. Nokon som vil at eg skal halda føredrag, stilla opp til intervju, kommentera ei sak eller noko anna morosamt. Nokon som stadfestar at eg kan noko, har noko å melda og er verd å lytta til. Det er vel her det ligg – eg vil gjerne ha bekreftelse heile tida.

I tillegg kjem Twitter og Facebook. Med likes, varsel, venneførespurnader og meldingar. Kor mange har likt sida “Queer Migrants in Norway – A Research Project” no? 6 fleire enn før i dag? Har nokon kommentert? Har forresten nokon delt bloggen eg la ut før i dag? Skal berre nett sjekke.

Resultatet av denne galskapen er at eg tenkjer på jobb heile ettermiddagen. Eg burde fått betalt overtid for alt det intense tenjkearbeidet som eg gjer på fritida. Og på natta somme tider.

Det er lenge sidan eg slutta å ha telefonen på soverommet. Me har kjøpt “mobilparkering” – ei fin liten stasjon til telefonane – som heng på gangen. Eg har skrudd av push-varsel på alle appar. Det er ikkje lov til å opna Facebook før på slutten av arbeidsdagen! Og ingen føremålslaus Facebooking på ettermiddagen. Ikkje lov til å opna e-posten om morgonen før eg har skrive ein time.

Men plutseleg, trass i alle tiltak, så er eg på kjøret igjen. Eg snik meg ut i mobilparkeringa og sjekker e-posten. Eg skal berre nett sjekka “noko viktig og veeeeldig jobbrelatert” på Facebook. Eg skal berre nett dela denne bloggen og kanskje berre sjå etter kva folket syns….

Eg las ein veldig interessant artikkel som oppsummerte forsking på korleis skjermane påvirkar oss (Las om det på sosiale media, sjølvsagt, og finn det ikkje igjen sjølv om eg både likte og delte). Det var nedslåande nytt. Me søv dårleg, blir dårlegare til å forstå og tolka ansiktsuttrykk og sosiale relasjonar. Konsentrasjonsevnen blir elendig. Me taster i stadenfor å høyra etter på kva folk seier. Mobilen er den nye store faren for småbarns utvikling, seier helsesystrene. Spedbarn lærer at mamma og pappa syns telefonen er viktigare enn dei. Sånt må det bli skyhøge psykologutgifter av i framtida.

Eg innrømmer det. Eg er ei litt dystopisk anlagt kvinne på ikkje langt unna 40 år, og trur at teknologikøyred ikkje er bra for verken for vaksne eller barn. Eg er sikkert både gamaldags, bakstreversk og akterutseilt. Men eg, som ikkje eigde mobil før eg var myndig, er på kjøret. Og no blir det detox. Nok ein gong.

cafnr app_0031, av CAFNR, CC BY-NC 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content