List

16. mai kom Justisdepartmentet med ein ny innstruks til UDI som inneber ei drastisk endring av norsk asylpraksis. Dette har skjedd heilt utan offentleg debatt eller behandling i Stortinget. Endringa inneber at UDI skal tilbakekalla opphaldsløyvet dersom situasjonen i heimlandet betrar seg. Dette betyr at alle som har fått asyl i Noreg – og som fram til no har kunne vera relativt trygge på at dei får bli her – må leva i uvissa heilt fram til dei får permanent opphaldsløyve. Fram til det vil dei heile tida risikera tilbaketrekking og deportasjon.

For berre eit halvt år sidan – i samband med prosjektet «Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn» – intervjua eg ein person med flyktningbakgrunn. Trass i at han hadde fått innvilga asyl i Noreg var han veldig redd for at norske myndigheiter kunne koma til å revurdera asylgrunnlaget å sende ham tilbake dersom tilhøva i heimlandet endra seg. Eg forklarte at han ikkje trong vera redd for dette. Når UDI først har vurdert beskyttelsesbehovet og kome fram til at ein person har krav på trygging, så er fornyinga berre ein formalitet. Dei revurderer ikkje asylgrunnlaget når ein søkjer om fornying av opphaldsløyvet.

Men informanten vart ikkje mindre uroa av mine forklaringar av gjeldande regelverk. Han hadde erfart at innvandringspolitikken stadig var stramma inn og at han og andre i hans situasjon var blitt ramma av mange nye reguleringar som ikkje eksisterte då han først fekk asyl i Noreg. Eit halv år etter intervjuet viste det seg at han fekk rett. Den situasjonen han frykta har blitt ein realitet. Mine forklaringar og tryggingar viste seg å vera verdilause og naive.

Informanten hadde dessutan heilt rett i at norsk innvandringspolitikk har blitt stramma inn på mange område i løp av få år. Eit anna døme på det er inntektskravet om permanent opphald som vart gjort gjeldande frå hausten 2017. No må alle som søkjer om permanent opphaldsløyve i Noreg dokumentera ei inntekt på minst 250.000 kroner i året og at dei ikkje har teke imot sosialhjelp siste året. Statistikken viser at den gjennomsnittlege flyktningen i Noreg ikkje tente så mykje pengar sjølv etter 10 år i Noreg. Mange flyktningar vil derfor måtta leva med uvissa om tilbakekall og deportasjon i svært mange år – kanskje alltid.

Kombinasjonen av desse to regelendringane er dramatisk. Svært mange innbyggarar i dette landet vil måtta leva i ein utrygg situasjon i Noreg over veldig lang tid. Ein ny forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforsking har vist at usikkerheit og frykt for tilbakekall av opphaldsløyve trugar integreringa: Folk opplever fysiske og psykiske plager, trekk seg tilbake frå det sosiale livet og er mindre motiverte for utdanning og arbeid i Noreg.

Frykt øydelegg tillit. Som ein av våre informantar peika på: «Jeg har ingen garantier for å få bli i Norge. Nye reguleringer ødelegger den tilliten som det norske samfunnet er bygd på».

Merk også at departementet skriv: «Det skal ikke foretas en vurdering av om tilbakekall av oppholdstillatelsen er et forholdsmessig tiltak overfor utlendingen». Det betyr at same kor lenge du har budd i Noreg, same kor godt integrert du er og same kor grufullt det måtte vera å bli riven vekk frå alle relasjonane du har i Noreg, så skal løyvet trekkast tilbake dersom tilhøva i heimlandet tilseier det.

Korleis er det mogleg at Justisdepartementet gjer så drastiske endringa heilt utan politisk behandling? Departmentet viser til asylforliket i Stortinget i 2015 kor storingsfleirtalet oppfordra til å kalla tilbake opphaldsløyve ved varig betre tilhøve i heimlandet. Vidare kom det ein ny instruks i 2016 som peika i same retning GI04/2016. Men dei konkrete forslaga som følgde opp asylforliket vart sendt på høyring i jula 2015 og handsama i Prop L 90 (2015-2016). Endringa som no er gjort var ikkje med i denne stortingsbehandlinga. Den drastiske endringa som vart gjort i mai i år er det ingen som har vurdert konsekvensane av og sivilsamfunnet har ikkje fått høve til å koma med sine synspunkt og vurderingar. Kombinert med manglande behandling i Stortinget er det grunn til å stilla spørsmålsteikn med kor demokratiske denne prosessen har vore.

Eg vil dessutan tru at dei aller færresta har fått med seg denne endringa. I alle fall ikkje dei av oss som lever trygt utan å uro oss for opphaldsløyver og deportasjon. Kanskje vil folk først forstå alvoret den dagen naboen – som kanskje har budd i Noreg i 8 år, men aldri fått anna enn mellombels og dårleg betalte jobbar og som derfor ikkje har permanent opphald – plutseleg ein dag blir deportert fordi tilhøva i landet han ein gong flykta frå er blitt betre.

Kjelder: 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

juni 15th, 2020

Koronakompatibelt kollektivt skriveseminar

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar og organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» […]

mars 19th, 2020

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer […]

mars 13th, 2020

Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, […]

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]

januar 10th, 2020

Eit organisert angrep på seksuelle og reproduktive rettar

“Me har eit kort tidsvindauge på mellom 10 og 20 år. Dersom me ikkje nyttar dette vindauget kan den vestlege […]

januar 1st, 2020

Nyttårshåp – fem ønske for det nye tiåret

Måtte 2020 bli det året der me verkeleg tek inn over oss det trugsmålet som klimaendringar og naturøydeleggjing er får […]

desember 17th, 2019

Pepperkake spesial

I fjor laga me pepperkaker, Marius, Magnus, naboane og eg. Eg trur det må vera første gongen eg har laga […]

november 24th, 2019

Folkemord eller forbrytelser mot menneskeheten?

Korleis skal me laga eit internasjonalt rettsvern som på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging […]

november 18th, 2019

Sommarminner

Det er ingen eg har vore så mykje på tur i lag med som Eli og Katrine. Sommarens høgdepunkt var […]

november 5th, 2019

Revisjonssmerter

Etter ni månader venting og tre purringar dukka endeleg e-posten med det karakteristiske tittelfeltet – #JPOA-D-18-00047 – DECISION – opp […]