Listhaug blir nedstemt

Regjeringa sine forslag til kraftige innstrammingar i innvandringspolitikken har blitt kraftig kritisert. Enden på visa er at mange av dei mest kontroversielle forslaga er nedstemt. Men det er også fleirtal for ei rekke drastiske innstrammingar.

På måndag vart forslaga handsama i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Den formelle avstemminga i Stortinget er ikkje før på fredag, men i hovudsak er det avgjort gjennom komiteinnstillinga:

Forslag utan fleirtal:

  • Forslaget frå regjeringa om inntektskrav på 305 200 kroner i året for at flyktningar skal få familien sin til Noreg, fekk ikkje fleirtal. Flyktningar skal, slik som i dag, ha unntak frå inntektskravet.
  • Auka i inntektskravet frå ca 250.000 til 300.000 skal tilbake til omlag 250.000.
  • Forslaget om å gjera den såkalla 3-årsregelen til ein 5-årsregel, fekk ikkje fleirtal.
  • Forslaget om krav til 3 års arbeid eller utdanning i Norge før flyktningar kan søkja familiegjenforeining har ikkje fleirtal.
  • Forslaget om å innføra eit kunstig skilje mellom dei som får beskyttelse etter flyktningkonvensjonen og dei som får beskyttelse etter andre konvensjonar, fekk ikkje fleirtal.

Forslag med fleirtal:

  • Forslaget om 24 års aldersgrense for ekteskapsinnvandring fekk fleirtal. Det er gjort unntak “det er åpenbart at ekteskapet eller samlivet er frivillig”.
  • Det har dukka opp eit nytt forslag som ikkje har vore oppe i debatten så langt: “Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til lovendring om seks års krav til arbeid eller utdanning i Norge før familieetablering kan finne sted”. Det vil bety at flyktningar og andre innvandrar som ønskjer å stifta familie, får 6 års karantenetid før den kan gifta seg med ein annan utanlandsk person.
  • Forslaget om såkalt “tilknytningskrav” er det fleirtal for. Dagbladet forklarer tilknytningskravet slik: “Dette betyr at hvis far og barn er i Tyrkia eller i Jordan, for eksempel, og mor er i Norge, så mener regjeringen at familien kan familiegjenforentes der. Altså bør da mor heller reise til Tyrkia eller Jordan hvis hun vil være med familien, enn at familien kommer hit”.
  • Ein må bestå prøve i norsk og samfunnskunnskap, og dokumentera at ein har vore sjølvberga i 12 månader, for å kunna få permanent opphaldsløyve i Noreg.
  • Kutta fritt rettsråd for asylsøkjarar.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content