List

Måndag lanserte regjeringa sin strategi mot hatefulle ytringar. På lanseringa presenterte eg dette innlegget, med hovudpoenga frå rapporten Hatefulle ytringer. Delrapport 2: Forskning på hat og diskriminering som kollega Elisabeth Stubberud og eg har skrive i samarbeid med Marjan Nadim, Audun Fladmoe og Jon Wessel-Aas. Presentasjonen er også strømma og offentleggjort på nettv.

Per dags dato er der svært lite empirisk forsking på hatefulle ytringar i Noreg. I kunnskapsgjennomgangen har det derfor har det vore viktig å undersøkja tilgrensande forskingsfelt. Sjølv om der er lite forskingslitteratur som spesifikt brukar omgrepet «hatefulle ytringar», så er det forska på nedsettande og krenkande ytringar og vold mot ulike minoritetsgrupper. Me har derfor gjennomgått relevante delar av norsk forsking på 1) diskriminering, likestilling og levekår og 2) norsk forsking på mobbing og trakassering. I tillegg har me teke føre oss den internasjonale forskingslitteraturen om hatkriminalitet, som inkluderer hatefulle ytringar.

Både norsk diskrimineringsforsking og internasjonal forsking på hatefulle ytringar er i stor grad organisert slik at konkrete studie tek føre seg eitt utvald diskrimineringsgrunnlag, eksempelvis enten personar med nedsett funksjonsevne. Eller lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Eg gje eit overordna bilde av forskingsstatus når det gjeld kvart enkelt diskrimineringsgrunnlag.

Etnisitet, religion, hudfarge mv.

I Noreg har me hatt eit strafferettsleg vern mot hate fulle ytringar på grunn av etnisitet, religion og hudfarge sidan Noreg ratifiserte FNs rasediskrimineringskonvensjon på 1970-talet. Etnisitet, religion og hudfarge er det diskrimineringsgrunnlaget som først fekk merksemd og vern innanfor i lovverket.

Forskninga på etnisk diskriminering i Noreg er etterkvart blitt eit ganske omfattande felt, kor det meste av forskinga handlar om personar med innvandrarbakgrunn. Denne forskinga handlar blant anna om diskriminering på arbeidsmarknaden, i skulen, i offentlegheita og i møte med offentlege tenester. Noko, men ikkje særleg mykje av diskrimineringsforskinga, dokumenterer verbal trakassering, verbal mobbing, nedsettande kommentarar og så vidare. Det er slike ytringar som kan tenkjast å overlappa med eller grensa til hatefulle ytringar.

Når det gjeld andre etniske minoritetar i Noreg finst det derimot svært lite forsking. Ei studie dokumenterer at den samiske og kvenske befolkninga er meir utsette for mobbing og diskriminering enn befolkninga elles. Når det gjeld skogfinnar og tater/romanifolk, finst det så godt som inga forsking som handlar om diskriminering i dag. Den eksisterande forskinga er historisk orientert. Ei studie som Holocaustsenteret har utført dokumenterer omfanget av antisemittiske haldningar i Noreg. Vidare finst det noko forsking som dokumenterer krenkingar, trakassering og diskriminering av tilreisande rom.

Eksisterande forskning viser at etniske minoritetar rapporterer om negative kommentarar, skjellsord, mobbing, trakassering og hat i ulike undersøkelsar. Begresninga med forskninga, når det er hatefulle ytringar me er interessert i å vita noko om, er at den eksisterande forskninga gjerne ikkje tydeleg skiljer mellom verbal diskriminering og andre formar for diskriminering. At man bruker andre omgrep, til dømes mobbing, og at det gjerne ikkje går klart fram om mobbinga skjer på grunn av etnisitet, men rapporterer om mobbing meir generelt.

Kjønn

Norsk forsking på kjønnsdiskriminering blir vanlegvis omtalt som likestillingsforsking. Likestillingsforskinga handlar om kvinners og menns deltaking i arbeidsliv, politikk, næringsliv og familieliv. Det har ikkje vært tradisjon for å forska på kjønnsdiskriminering i form av nedsettande og hatefult språkbruk. Det finst litt forsking på seksuell trakassering, og slik trakassering kan vera verbal og ramma på grunn av kjønn. Dessutan finst det relativt mykje forsking på kjønnsbasert vald. Men forskinga på trakasseirng og vald har fram til no ikkje vore knytt til begrep som hatefulle ytringar eller hatkriminalitet. Eit par nyare forskingsbidrag om hat på nettet, til dømes KUN-rapporten «Erfaringer med digitale krenkelser» trekk linjene mellom vald, trakassering og hat som rammer på grunn av kjønn.

Innanfor den internasjonale litteraturen er der ein pågåande diskusjon om kor vidt kjønn bør vera inkludert i dei strafferettslege definisjonane av hatkriminalitet. Det prinsipielle argumentet som har vore fremja i eksisterande forsking er at vald og hat som rammer på grunn av kjønn er eigna til å skapa frykt hos og fremja hat for kvinner som gruppe. På lik linje med hat mot etniske minoritetar rammar det dermed ikkje berre individet, men gruppa som heilskap. Prinsipielt sett er det derfor ingen grunn til å utelata kjønn frå det strafferettslege vernet, sjølv om kvinner ikkje er ein minoritet i numerisk forstand. Kjønn inngår i nokon land sitt lovverk mot hatkriminalitet, til dømes Canada og enkelte statar i USA.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Verken hat på grunn av kjønn, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk er verna i den norske straffeloven. Det vil seia at verken kvinner, menn eller transpersonar har dette gruppevernet. «Homofil orientering» derimot, har eit strafferettsleg vern. Forsking på levekår blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, lhbt-personar, dokumentere at negative haldningar og kommentarar retta mot LHBT-personar er utbreitt i Noreg i dag, om enn i mindre grad enn tidlegare. Mobbeforskinga viser også at LHBT-ungdommar er meir utsette enn andre elevar, og homorelaterte skjellsord er svært vanleg. Rapporten «Alskens folk» viser at transpersonar er svært utsette for diskriminering, vald og trakassering på grunn av kjønnsidentitet. Hovudbildet frå den internasjonale forskinga på «LGBT hate crime», hatkriminalitet mot LHBT-personar, er at dei av oss som lever skeivt er utsett for betydeleg grad av hat.

Nedsett funksjonsevne

Internasjonal forsking på såkalla «disabilist hate crime», det vil seia hatkriminalitet mot personar mot nedsett funksjonsevne, er i startgropa. Nokre britiske studie viser med all tydelegheit at personar med nedsett funksjonsevne er betydeleg meir utsette for vald og hat enn befolkninga elles. Også norsk levekårsforsking dokumenterer at dei av oss som har nedsett funksjonsevne er meir utsette for vald. Men norsk levekårsforsking har så langt ikkje teke føre seg verbale krenkingar, trakassering, negative haldningar og hatkriminalitet. Det er derfor veldig gledeleg at Bufdir, i samarbeid med Nordlandsforskning og NTNU Samfunnsforskning, lanserer nybrottsforsking på akkurat dette temaet no i desember.

Kven er mest verdig eit vern?

Historisk var det vernet mot hat på grunn av rase og etnisitet som kom først. Etter kvart har ein mobilisert politisk for å få inkludert fleire grupper, som LHBT-personar og personar med nedsett funksjonsevne. Både rettsvernet og forskinga er delt opp etter diskrimineringsgrunnlag, og både blant både forskarar og aktivistar kan ein spora ein viss tendens til konkurranse om kva for grupper som er mest verdig eit vern mot hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Fleire nyare forskingsbidrag problematiserer tendensen til oppdeling og konkurranse mellom grunnlag. Det blir mellom anna vist til at muslimske kvinner blir utsett for betydeleg meir hat enn muslimske menn. Hatet kjem til uttrykk fordi dei bærer sjal, noko som er knytt til både kjønn og religion og som ikkje kan reduserast til det eine eller det andre. Fleire argumenterer for at ein derfor må studera hatefulle ytringar og hatkriminalitet på ein måte som gjer at ein kan sjå fleire diskrimineringsgrunnlag i samanheng.

Konsekvensar av hatefulle ytringar – på individ, gruppe og samfunnsnivå

Kva er konsekvensane av hatefulle ytringar? I rapporten har me teke føre oss konsekvensar på individ, gruppe og samfunnsnivå.

Konsekvensar på individnivå

Det er grundig dokumentert hatkriminalitet, inkludert hatefulle ytringar, samt mobbing, diskriminering og vald gjerne har svært alvorlege konsekvensar for dei individa som blir utsette. Negative psykologiske effektar er depresjon, angst, dårleg sjølvtillit, sinne, søvnproblem, konsentrasjonsproblem og ei generell kjensle av at ein ikkje er trygg. Forskinga viser dessutan tydeleg at vald og krenkingar som er basert på hat mot deg som person og gruppa du høyrer til, gjerne har meir alvorlege og omfattande konsekvensar enn andre formar for krenkingar. Nettopp fordi det kan opplevast som eit eksistensielt angrep på din verdigheit som menneske.

Også ytringar som ikke kan defineres som hatefulle kan ha svært alvorlege konsekvensar på individnivå. For den enkelte vil subtile formar for hvardagsdiskriminering og meir alvorlege hatefulle utsagn og angrep vera ein del av den heilskapelege opplevinga av diskriminering, og konsekvensane er eit resultat av det samla bildet av kvardagslege og alvorlege diskrimineringserfaringar.

Men alle nedsettande kommentarar har ikkje like alvorlege konsekvensar. Forskinga viser at både kven som kjem med kommentarane og konteksten dei inngår i har betydning. Det er mindre skadeleg når ein venn brukar «homo» som skjellsord enn når ordet blir brukt i ein mobbekontekst eller i verste fall i forbindelse med vold. Ein britisk studie har vist at det å bli utsett for hatretorikk og hatvold i nabolaget hadde særleg alvorlege konsekvensar for dei utsette. Dei isolerte seg fullstending frå lokalsamfunnet eller flytta derifrå.

Gruppenivå

Det er viktig å understreka at hatefulle ytringar ikkje berre har konsekvensar for dei som sjølv blir ramma direkte, men også for andre medlemmar av gruppa. Islamofobi og homofobi påverkar muslimar og skeive si helse negativt, også utan at ein sjølv har vore direkte utsett. Det er nettopp dette som danner grunnlaget for å forstå hatytringer som forskjellige fra andre typer negative ytringer. Hatefulle ytringar rammar fleire enn enkeltindivida. Konsekvensane av hatefulle ytringer og anna hatkriminalitet, som redsle, sinne, angst, skam og tilbaketrekking, kan kjennast på kroppen av andre gruppemedlemmer som ikkje sjølv har vært direkte utsatt.

På den eine sida kan altså tilhørighet til ei gruppe føre til at ein er meir utsett for diskriminering, vold og hatefulle ytringar. Men på den andre sida kan gruppefellesskapet utvikla felles mestringsstrategiar for å handtere hatefulle ytringer. Å tilhøyra eit felleskap kan gje tryggleik. For dei av oss som blir utsette, anten direkte eller indirekte, kan hat fungera som ein motivasjon for å organisera seg i interesseorganisasjonar og kampanjar.

Samfunnsnivå

Konsekvenser av hatytringer på samfunnsnivå henger naturlig nok sammen med konsekvensene på gruppe- og individnivå. Som Audun var inne på veit me at grupper som rammes av hat, for eksempel kvinner og innvandrarar, kan bli meir forsiktige med å delta i den offentlige debatten. Ein konsekvens av slik tilbaketrekning kan vera systematisk underrepresentasjon av noen gruppene i offentligheten, og dette kan utgjøre et demokratisk problem.

I den norske offentlege debatten om hatefulle ytringar og ytringsfridom, har den såkalt «trykkokerteorien» stått sentralt. Tanken er at dersom ekstreme holdninger ikke luftes ut i form av meningsytringer, vil hatet kunne bygge seg opp (som i en trykkoker) og få mer ekstreme og voldelige uttrykk. I NOUen Ytringsfrihed bør finde sted (1999) slo man fast at ein videst mulig ytringsfrihet er det beste vernet mot diskriminering, fordi hatefulle ytringer kan få motsvar dersom de kommer frem offentlig. Denne ideen omtales som «offentlighetens rensende funksjon». Dette perspektivet gjorde seg særlig gjeldende i mediedebatter i tiden etter 22. juli 2011, men er kanskje noko mindre framtredande no.

Vi har i litteraturgjennomgangen ikke funnet empirisk forskning som støtter trykkokerteorien. Snarere ser det ut til at holdninger og meninger som får plass for eksempel i offentlig debatt, breiar om seg. Det er forskningsmessig belegg for å hevde at det er sammenheng mellom hatefulle ytringar i samfunnsdebatten, den generelle antipatien i samfunnet mot en gitt gruppe, og hatvold mot denne gruppa. (Den amerikanske forskaren Barbara Perry viser dette særlig tydelig. Hatet mot muslimar i tida etter 11. September 2001, førte til ei dramatisk auke i vold mot muslimske kvinner i USA. Den same tendensen har vært å spora etter andre terrorangrep, og i Storbritannia etter Brexit. Den internasjonale forskinga viser nokså eintydig at hatretorikk motiverer og legitimere grovere straffbare handlinger og vold). Når verbalt hat breier om seg, så vil hatet også koma til uttrykk i from av direkte og valdelege angrep. Arbeidet med å førebyggja og hindra hatvald bør derfor sjåast i samanheng med førebygging av hatefulle ytringar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

november 11th, 2020

No er me her igjen og tida mellom virkar så kort

No er me her igjen. Landet – og mykje av livet – er stengt ned, stengt inne, stengt. Plutseleg virkar […]

oktober 30th, 2020

Portvakt og kvalitetssikrar – om fagfellevurderingar i akademia

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til […]

oktober 9th, 2020

Glede og demens

Demens er ein av dei sjukdommane me er mest redde for. Det er ikkje så rart. Dei av oss som […]

oktober 9th, 2020

Mer midlertidighet for innvandrere

Viktige endringer i integreringsloven og statsborgerloven skal behandles i Stortinget i oktober. Et omdiskutert punkt er innføring av bestått språktest på såkalt B1-nivå for […]

september 29th, 2020

Annes metode

Det heile byrja med at eg kom over boka Eltefri bakst i sommar. Eller forresten, det byrja vel då eg […]

september 24th, 2020

Kva veit me om klima og likestilling?

Norsk likestillingspolitikk er basert på likestillingsintegrering – det vil seia at eit kjønnsperspektiv skal integrerast på alle politikkområde. I denne […]

juni 15th, 2020

Koronakompatibelt kollektivt skriveseminar

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar og organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» […]

mars 19th, 2020

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer […]

mars 13th, 2020

Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, […]

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]