Forskningsinteresser: innvandring, likestilling, integrering, velferdsstat, byråkrati.

Eg har doktograd frå Universitetet i Bergen. 1. mars 2013 disputerte eg over avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Dette er det første omfattande forskningsprosjektet om regulering av familieinnvandring til Noreg.

Eg har brei erfaring frå forskning på kjønn og likestilling. Eg har vore knytt til Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo både som masterstudent og stipendiat. Mellom 2010 og 2012 var eg medlem av det regjeringsoppnemnde Likestillingsutvalet, ei gruppe på 12 forskarar leia av professor Hege Skjeie. Utvalet leverte dei to NOUane Politikk for likestilling og Struktur for likestilling.

Eg arbeider som seniorrådgjevar ved KUN som er lokalisert i vakre Steigen i Nordland. Ved KUN forskar eg mellom anna på seksuell orientering og kjønnsidentitet, hatefulle ytringar og digitale krenkingar. Eg tek oppdrag som førelesingar, sensur, fagfellevurderingar, kronikkar og sakkyndig vine. Eg har jamleg gjort fagfellevurderingar for mellom anna Journal of Ethnic and Migration Studies, Tidsskrift for kjønnsforskning og Acta Sociologica.

 

Morning Research with coffee

Illustrasjonsbilete: Morning Research with a cup of Coffee av Junichi Ishito tilgjengelig under CC BY-NC-SA 2.0