God nok forelder

Det var gjennom teikneserieromanen “Are You My Mother?” av Alison Bechdel at eg første gong høyrde om teoriane til barnelegen og psykiateren Donald Woods Winnicott. Eg festa meg særleg ved omgrepet “the good enough mother”. Ei god nok mor er, jamfør Winnicott, det som skal til for at barn kan få utvikla seg på sine eigne premiss i ly av ein trygg og støttande omsorgsperson.

God nok er det som skal til. Ikkje perfekt mor. Ikkje ein gong “god mor”. God nok.

I England på midten av 1900-talet, då Winnicott studerte mor-barn-relasjonar, praktiserte som barnelege, dreiv psykoterapi og utvikla sine teoriar var det sjølvsagt at mor var den primære omsorgspersonen. I Winnicott sine arbeid er far redusert til den som støtter mor og forsørgjer familien. For ikkje å vera fullt så 1950, så la oss omsetta omgrepet til “god nok forelder”.

Ein god nok forelder er ein heilt vanleg forelder som sett pris på ungen sin, irriterer seg over hen, blir sint, og alt det andre som høyrer med. Det står i kontrast til den perfekte forelder. Det å vera oppteken av å gjera alt heilt rett, bygg på ein feilaktig ide om at ein kan vita akkurat kva det rette er. Å tru at ein allereie veit kva som er rett er ikkje eit særleg konstruktivt utgangspunkt når foreldre og barn skal læra kvarandre å kjenna. Ein må vera open for å lytta, læra og finna ut av kva som kan vera rett for barnet. Ein god nok forelder – ikkje perfekt forelder – er hen som i passe grad fornemmer korleis ungen har det, sett pris på ungen og gjev ungen tryggleik (Hart og Schwartz s 46).

Søken etter å vera ein perfekt forelder handlar kanskje om at ein har ei overdriven tru på at ein som foreldre kan forma barnet. Men slik er det ikkje: “En mor og far skaper ikke spedbarnet sitt slik en kunstner maler et bilde eller en pottemaker dreier en krukke” (sitert i Hart og Schwartz s 22). Ein god nok forelder støtter barnet slik at det kan mogna i sitt eige tempo og realisera sitt eige postensial.

God nok forelder. Det er tingen.

Kjelder:

  • Are You My Mother, av Alison Bechdel.
  • Fra interaksjon til relasjon. Tilknytning hos Winnicott, Bowlby, Stern, Schore & Fonagy, av Susan Hart og Rikke Schwartz.

Illustrasjonsbilde: Helga Eggebø

1 thought on “God nok forelder”

  1. Pingback: Tom for glad og grei - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content