List

Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er jubilanten uforskamma vakker, sprek og i god stand. Mamma er dessutan min mest trufaste fan og lesar i bloggosfæren, så det er heil på sin plass med eit bursdagsinnlegg på dagen!

IMG_6713

Til stor glede for familien ville mamma feira runde år med å invitera oss alle med på ferie til Italia. I førre veke var me derfor samla heile gjengen, mamma, pappa, eg, brørne mine Askild, Håkon og Ingvar med partnarar og ungar i ein gamal villa i fjellet i Toscana.

IMG_6693

IMG_6699

IMG_6502

Her var der god plass, stort utebord i skuggen, fjell på alle kantar, stort badebasseng og ikkje alt for varmt. Heilt perfekt for Eggebøklanen, med noko for ein kvar smak, både for store og små.

IMG_6524

Mamma er ei super mormor og farmor for Magnus og søskenbarna hans, og gjett om dei alle har kosa seg på Italiatur. Det beste med Italia frå den aller minste sitt perspektiv trur eg må ha vore besteforeldre, basseng og store mengdar is!

Apropos is. Johanne på to og eit halvt har fått med seg eit og anna når det gjeld språk og har elegant, på den måten som er typisk for latinske språk, trekt saman litt vokalar og erklært at der er «is på´talia». Den frasen har me andre repetert heile veka i mange versjonar: Is på´talia! Skål´på talia! Og heldigvis ikkje så varmt på´talia.

Bursdagen feira me på torsdag i førre veke med heimelaga krune, bursdagsfrukost, bursdagslunsj, bursdagsbad og ekte italiensk kokk til laga bursdagsmiddagen. Den heimesnekra bursdagssongen, som me ungane komponerte i god gamal norsk konfirmasjons- og jubileumsstil gjekk sjølvsagt på referenget «Gøy på´talia!» (mel. Gøy på landet!).

IMG_6730

IMG_6669

IMG_6704

Eg trur me alle er samde om at det var ein fin tur og er jysla glade for at du mamma hadde lyst til å feira bursdagen i lag med oss alle. Det vart jo minst like mykje ei gåve til oss alle frå deg. Gratulerer med dagen – også i dag på den verkelege dagen!

Foto: Helga Eggebø

 

2 Responses to “Gratulerer med dagen!”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Ser dere hadde flotte dager sammen i vakre Italia! Hilsen Bodil

  2. Bodil Flikke Hestvik

    Kos dere i Italia og nyte dagen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

juli 2nd, 2019

Omsorg og nypoteter

Stortinget har vedtatt en ambisiøs reform for norsk eldreomsorg – Leve hele livet. Her slås det fast at aktivitet og […]

juni 20th, 2019

Om molter og meininga med livet

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

juni 18th, 2019

Tematisk analyse – metodeartikkelen som løyser alt

For eit par månader sidan fann eg metodeartikkelen som løyser alle (eller i alle fall eitt av) mine problem: «Using thematic […]

juni 17th, 2019

Du kan aldri vera trygg – ny politikk for tilbakekall av flyktningstatus

16. mai kom Justisdepartmentet med ein ny innstruks til UDI som inneber ei drastisk endring av norsk asylpraksis. Dette har […]

juni 6th, 2019

Når vi sier rasisme og homofobi, hvorfor hører du bare homofobi?

Hovedfunnet fra et forskningsprosjekt om levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn er at folk risikerer å bli møtt med både rasisme og […]

mai 27th, 2019

Jeg lever et liv som ligner deres

I påska las eg boka «Jeg lever et liv som ligner deres» av Jan Grue, og sidan har eg entusiastisk […]

mai 20th, 2019

Alene og skeiv

Elisabeth Stubberud og Deniz Akin har skevet en viktig rapport om livssituasjonen til skeive enslige mindreårige asylsøkere i omsorgssentre og asylmottak. […]

mai 12th, 2019

Privatbilisme – en ukrenkelig rettighet?

I 2008 var jeg i Alaska sammen med klassen fra Alta Folkehøgskole (den gangen Øytun Folkehøgskole). Vi landet på flyplassen […]

mai 7th, 2019

Å skrive på en ny måte

Etter en intens og stressende skriveperiode i vinter, pådro jeg meg såkalt tennisalbue. Det gjorde vondt i armene og alle […]

april 6th, 2019

Miljøfitte

Gjennomsnittskvinna brukar visstnok om lag 10.000 bind og tampongar i løp av livet. I løp av dei vel 40 år […]