List

Som kjent har familien endra status frå Steigværingar til innbyggarar i Bodø. Her bur me i Steggveien. Det tidlegare ungkarsredet til Marius har fått eit innrykk av barneleker, bleiedunkar, stellebord, ein og annan kjole i skapet og endå meir turutstyr. Det er blitt ein småbarnsheim, rett og slett. La meg gje dykk ei lita omvisning:

IMG_4590

Her er Marius på kjøkkenet. Han er i permisjon for tida og steller heime. Så når eg kjem heim frå arbeid, så får eg leka med Magnus medan Marius lagar mat. Som regel er det fisk frå Steigen på menyen. Det er som Halvdan Sivertsen syng: «Og fisken i havet, og fisken i havet, han er vårres brød!»

IMG_4596

Det er ikkje den heilt store utsikta me har i denne heimen. Utsikta frå Sjåvika er djupt sakna. Men barnevennleg er det, med lekeplass for ungar i alle aldrar. Og det kunne vore verre – ei trafikkert gate til dømes.

IMG_4592

Som foreldrar er me i underhaldningsbransjen. Marius illustrere den eigenkomponerte baby entertainment system: Vippestol, vippestolleke, bia og uroen. Med denne riggen fekk Marius høve til å gjera ein heil masse i huset, konstaterte han nøgd.

IMG_4608

I same babysjanger: vaske, vaske, vaske på babytøy og handklede som er tissa ut. Dessutan har Magnus fått seg nokre flotte badeender frå Coopen.

IMG_4402

Småbarnsheim som sagt. La meg få presentera gjengen. Frå høgre: Lena Laffen, Kristin Kjøter, vår alles Einar Elefant, Transebamsen. I bakre rekke til venstre har du Klara Kanin, Helene Harefrøken, Pink Panter (fekk i ein perioden kallenamna Piss Panter og Stinky Pinky etter ei noko kaotisk og blaut natt). Heilt til venstre har du Dina og framføre er hunden Loke. Ein fin gjeng som me har mykje moro i lag med!

IMG_4619

Telefon og fiber – dekning inne i stua – det må vera ein av dei største endringane frå livet i Sjåvika. Ikkje fullt så sjarmerande som å vandra i fjæresteinane for å snakka i telefonen, men noko meir praktisk. Eg har kasta rømmeboksen i ringevinduet (burde eigentleg vore utstilt på Televerkets museum).

IMG_4613

Her med tekoppen på verandaen. Ikkje verst å ha ein veranda! Sommaren er på hell, men med bygdeblazeren på går det vel an å sitta ute barbeint littegrann.

IMG_4610

Velkommen på besøk til oss i Steggveien 14. Her er ikkje all verdas ekstra soverom, men masse hjarterom!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

september 19th, 2017

Tapar gutane?

Gutane tapar i skulen. Påstanden er på ingen måte ny, men har blitt aktualisert av at Torbjørn Røe Isaksen har sett […]

september 10th, 2017

Ingen skam å snu

I vinter ein gong, i Sjåvika, hadde Marius og eg fått det føre oss at no skulle Magnus få bli […]

september 4th, 2017

Regjeringas likestillingspolitiske ettermæle

I 2015 lanserte den blåblå regjeringa sin likestillingspolitikk, i form av meldinga Likestilling i praksis. Her slo dei fast at […]

august 27th, 2017

Er det gut eller jente?

Eg må seia eg undrar meg over ein ting: Kvar einaste gong eg nemner at eg har ein unge, og […]

august 23rd, 2017

Heime hjå oss i Steggveien

Som kjent har familien endra status frå Steigværingar til innbyggarar i Bodø. Her bur me i Steggveien. Det tidlegare ungkarsredet […]

august 16th, 2017

Det store sviket mot innvandrarkvinnene

Heilt sidan 1970-talet har minoritetskvinnerørsla i Noreg kjempa for at kvinner som har innvandra til Noreg på grunn av ekteskap skal […]

august 10th, 2017

Ei bygd i Nord-Noreg

Eg trødde mine første barneår på Skjervøy i Nord-Troms. Her budde familien min frå eg var 2 til eg var […]

juli 13th, 2017

På gjensyn Steigen!

No reiser eg frå Steigen. Marius, Magnus og eg er på flyttefot og eit nytt kapittel byrjar i Bodø. Det […]

juli 13th, 2017

Handlingsplan men ingen handling

Vold, overgrep og mangel på likestilling i familien står sentralt i debatter om innvandring og integrering. Tvangsekteskap og æresrelatert vold […]

juni 23rd, 2017

Permisjon i Sjåvika

Ungen søv i mine armar vinden blæs gjennom utette karmar det er stille i stua mi. Tenk, eit heilt nytt […]