List

Leiaren i Pakkereisenemnda meiner at heterofile må få prisavslag dersom dei ikkje er har blitt informert om at hotellet dei har booka seg inn på er ”homovennleg”, melder Dine penger. Sjølv om saka er oppsiktsvekkande nok til å ha nyhendeverdi, burde me kanskje ikkje bli så overrraska.

Saka er at ein mann har fått seg til å senda ei forbrukarklage fordi tenåringsdottera var omgitt av homofile menn i ferien. Mannen tilhøyrer etter alt å døma det store fleirtal av norske menn – heile 62 % – som uttrykker motstand mot at to menn kysser på ein offentleg stad.

Det er noko meir overraskande at ein nemndleiar – som attpåtil har sitt mandat frå likestillingsminister Solveig Horne – uttrykker at mannens nokså absurde klage er både sakleg og rimeleg. Men kanskje burde me ikkje vera så overraska på dette punktet heller. Dei av oss som lever hetero er nemleg nokså vane med å sjå på det som sin sjølvsagde rett å vera norma, det vanlege, det sjølvsagde, det naturlege, majoriteten og i sentrum for ein kvar marknadsstrategi. Noko anna skulle tatt seg ut!

I følgje rapporten Seksuell orientering og levekår, lever lesbiske, homofile og bifile i Norge i dag lever stort sett gode liv. Skeive møter mindre fordommar, trakassering og diskriminering i dag enn for få tiår sidan. Men på den andre sida opplever mange at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt likevel. Skeive ungdommar opplever meir mobbing enn heteroungdom, og «homo» blir brukt som eit heilt alminneleg skjellsord. Det er heldigvis ikkje så mange skeive som opplever vald og trugsmål. Men blant dei mennene som har slike erfaringar, meiner over halvparten at seksuell orientering var motivet for valden.

Erfaringar med mobbing, vald og negative haldningar kan vera årsaken til at dei av oss som lever skeivt er meir utsette for depresjon, angst, sjølvmordsforsøk og sjølvmord. Men ei like viktig forklaring kan vera at me stadig lever i eit samfunn der det å vera hetero er det einaste normale. Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna. Og me møter samfunn der du som skeiv kan oppleva å vera heilt usynleg.

Å kjenna seg usynleg er gjerne eit resultat av ei rekke små episodar og erfaringar. Til dømes seksualundervisninga på ungdomskulen som berre handlar om graviditet og vaginalsex mellom to personar av ulikt kjønn. Og dersom du moter deg opp og spør helsesystera om korleis to jenter har sex, så møter du kanskje ein nervøs fagperson som gjer deg telefonnummeret til Skeiv Ungdom i staden for eit svar. Og når du søkjer om foreldrepengar hjå NAV vil dei ha info om far og fedrekvota – som om medmor ikkje var eit alternativ. Og skal du sjå ein romantisk kommedie, så kan du vera nokså sikker på at filmen – i 95 % av tilfella ikkje tematiserer kjærleik mellom to av same kjønn.

Det er kanskje, i mange samanhengar, heilt greitt å vera homofil. Men det er heteroane det heile handlar om. Er du open skeiv, så blir du tvungen til å gjera eit nummer ut av det. Og nettopp dette er kjerna i heteronormativiteten. Eller heterohelvetet, som ein kan bli freista til å kalla det på ein dag som denne.

Det å leva i eit heteronormativt samfunn betyr at anten ein har opplevd direkte diskriminering, trakassering og vald eller ikkje, så må alle dei av oss som lever skeivt forholda seg til at ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk.

Ein må forholda seg til å bli sett på som annleis – eller til og med frastøtande – dersom ein kysser kjærasten sin på offentleg stad. Ein må forholda seg til at forsikringsagenten som skal registrera kven du er gift med tek for gitt at de har ulikt kjønn. Ein må openbart også forholda seg til ein majoritet som klager høglytt når det for ein gong skuld er du – og ikkje heterofile menn på businessreise – som er primærmålgruppa for hotellets marknadsføring.

Eg føreslår følgjande: 1. Solveig Horne må visa at ho meiner alvor med å spankulera rundt i med regnbueflagg i Prideparade kalla inn nemndleiaren på teppet. 2. Me følgjer alle opp Jon Reidar Øyen sin gode ide og klager høglytt og krevjer kompensasjon kvar einaste gong det viser seg at me har hamna på heterohotell utan at nokon har opplyst om det.

Teksten vart først publisert på Maddam.no

Illustrasjonsbilde: couple kissing av Jacob Bøtter, CC BY 2.0

2 Responses to “Heterohelvete”

  1. sebastian

    Har noen forslag som regjeringen fikk nedstemt av stortinget? (skoleprosjekt)!

  2. Helga Eggebø

    Kva slags forslag tenkjer du på, og i kva runde eventuelt?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  Posts

November 30th, 2021

Brøyting og berekraftsbullshit

Gang- og sykkelbrua over riksvegen på Mørkved blir konsekvent ikkje brøyta. På ein dag som måndag – med eit solid […]

November 9th, 2021

Opprykk eller nedtrykt?

Vekene etter sommarferien har eg jobba med søknad om opprykk til forskar 1. I oppdragsbransjen har me vår eigen versjon […]

September 24th, 2021

Tematisk analyse i praksis

Då eg tok doktorgrad for ti års tid sidan hugsar eg at eg syns det var veldig kjekt med datainnsamling. […]

September 6th, 2021

Ripskaka til Lindis

I går var heile familien ute på sopptur. (Ja, du las rett. Det var sopp og ikkje rips som var […]

September 1st, 2021

Collective qualitative analysis

As a PhD-candidate, I remember feeling overwhelmed, baffeled and alone – almost in panic – the day I had finished […]

August 24th, 2021

Levekår blant skeive

Hvordan er levekårene til skeive i Norge i dag sammenliknet med levekårene til heterofile og cispersoner? Dette spørsmålet finner du […]

August 19th, 2021

Fjorden, fjellet og folka – om å bli gamal i Steigen og Tana

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

June 9th, 2021

På jobb kan eg gå på do åleine

I dag er første dag på jobb etter foreldrepermisjon. Ungen byrja i barnehagen i dag, og eg sit framføre datamaskinen […]

February 24th, 2021

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det […]

February 16th, 2021

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på […]