Hytta i Beiarn

Familien til Marius har bygd ei fantastisk tømmerhytte i Beiarn – eit eldorado for skikøyring berre halvanna times køyring heimefrå. Natt til laurdag snødde det masse i Bodø og dumpa fjonlett puddersnø i Beiarn. Me kom oss i bilen tidleg laurdag morgon. Magnus er som kjend ein morgonfugl, så klokka åtte hadde me vore vakne i timesvis og stod klar utføre butikken for å handla til hyttehelg. Me vaksne hadde laga ei handleliste, så det ville Magnus også. På hans stod det i følgje han sjølv: sjokolade og slikkepinne.

IMG_8224

Klokka ti var ikkje vegen opp til hytta brøyta endå. Me lessa varene og Magnus i pulken og byrja jobben med å slepa heile lasset opp bakkane. Marius gjekk i forvegen for å fyra opp i hytta. Det slo meg at me kanskje heller skulle ha leika ein halvtime og venta på brøytebilen, men når eg no først var i gang med å trekka pulk, så vart det at eg gjekk opp.IMG_8208

Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum, og der er ingen ovn å ringa til for å skru på varmen. Med tjukke tømmerveggar som held godt på kulda kan de ta nokre timar å få hytta på plussida av gradestokken. Men med ein lang mildvêrsperiode dei siste vekene og så litt varmande marssol var det fort gjort å sprengfyra seg opp i tjue grader medan ungen kosa seg med bøtte og spann på terrassen.

IMG_8193

Eg var den heldige vinnaren av ein ettermiddagstur opp lia bak hytta og fekk eit gjensyn med iskald vår, slik han gjerne er på fjellet i nord. Kulda reiv godt i pusten og den lille trekken som drog over fjellsida var isande kald. Ein lang og lys ettermiddag med sol, fjell og skispor. På veg ned fekk eg meg tre puddesvingar i lia. Akkurat nok til å konstatera at det var draumeføre i skogen, og at ein gjerne skulle vore heile dagen i Draumeskogen i Beiardalen.

IMG_8192

Etter skreimiddag, oppvask og legging av Magnus tente me stearinlys og la oss i sofaen og las i det dunkle lyset. Frå terrassen er der få andre lys å sjå og stjernehimmelen trådte fram mellom skyene med mykje meir djubde og fleire stjerner enn det er mogleg å sjå i byen. Mørkre – det har eg drøymd om kveld etter kveld i byggefeltet vårt, der det dessverre er så alt for mykje lys frå hus, gatelykter og det rosaaktige skinet frå byen.

IMG_8203

Søndag var det duka for familietur. Puddersnø eigner seg på mange måtar betre til å køyra nedoverski enn å trekka pulk i oppoverbakke. Det er forsåvidt noko eg har notert meg tidlegare – til dømes på dei mange langturane med Katrine og Eli. Men samstundes er eg over gjennomsnittet glad i å trekka pulk, så me hadde ein fin tur opp lia, Marius og eg, med Magnus sovande nedi pulken.

IMG_8220

På veg heim var konklusjonen klår og samstemd: Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur, og at me må koma oss på hytta oftare.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content