Ingen skam å snu

I vinter ein gong, i Sjåvika, hadde Marius og eg fått det føre oss at no skulle Magnus få bli med på sin første utemiddag. Me lassa vogna opp med ved, laga ein stor porsjon med blodpannekakerøre og pakka pikkpakket og strena ned i fjæresteinane. Barn ingen hindring, hæ! Kameraet vart med for å dokumentera det heile, sjølvsagt.

IMG_3146

Men ungen var sur og ville ikkje sove i vogna når vogna ikkje gjekk an å trilla fordi der var 30 cm snø. Og veden var endå surare, så det vart ikkje fres på bålet. Og vinden vart surare og surare. Marius og eg var svoltne og bala verre med å steika ei einaste pannekake, før me tok til fornuft og kasta inn handkleet: Me steikte resten av pannekakene inne. Dobbel oppvask og heilt utslitne av den affæren. Ikkje var det noko kjekt å stå der ute i snøen, blæsten og røyken. Ingen skam å snu! som det heiter.

IMG_3143

Det tok litt tid før me prøvde oss på barsel og bål igjen. Men så ein dag tok me turen, og hadde det så problemfritt at eg ikkje hugsar heilt verken kor eller kva tid det var.

IMG_3767

I sommar, då finvêret endeleg kom, skulle me endeleg få gjort de eg hadde drøymt om sidan lenge før Magnus vart fødd: telttur med ungen. Eg hadde tenkt på det heile våren, men lenge var det så kaldt, og så søv hand så dårleg om nettene og så vart det ikkje. Men no, no skulle me på tur!

Me pakka oss ut – det tok ganske mange timar – og køyrde til Kjerringøy. Kjerringøy er også eit konsept eg har venta så lenge på å oppleva. Du veit Halvdan-sangen: “Å gå i land på Kjerringøy….”. Eg hadde sett det føre meg så mang ein gong. Litt slitne var me etter all flyttinga, men me kosa oss ganske bra på sightseeing på handelstaden på Kjerringøy kor me stakk innom før turen.

IMG_4239

Kjerringøy er bratt og dramatisk. Der er eit par meter mellom havet og vegen og så eit par meter mellom vegen og bergveggen. På dei metrane stod der sjølvsagt allereie telt tett i tett lenge før me kom. Me leita og leita, og til slutt fant me ein flekk på eit ganske fint svaberg ut mot Vestfjorden. Eg trur dei fleste rundt oss hadde tidenes sommardag. Det var strålande sol frå skyfri himmel, varmt og nesten ikkje eit vindpust. Det nordnorske landsskapet strålte i all sin prakt. Men ved det der teltet, utan skugge og utan vind og med ein stuptrøytt unge tekte eg følgjande: Kvifor oppsøkja noko som liknar ein flytkningleir når ein ikkje må? Solsteik, telt og hylande unge er ikkje min definisjon på idyll.

Marius laga middag i ein fei medan eg bar rundt på Magnus for å få han til å sove. Me hadde ikkje før svelt unna maten før me såg på kvarandre og slo fast: det er på tide å evakuera heim til leiligheita. Me pakka, heiv oss i bilen, køyrde avgarde og mista ferga med 5 minutts margin. Ingen skam å snu! som det heiter.

Det gjekk nokre veker før me prøvde oss på telttur igjen. Sol og sommar var jo openbart ikkje tingen. Og så må det helst ikkje regna. Og så må ein ikkje vera alt for sliten. Og så må ein ikkje vera vekkreist. Men plutseleg heiv me oss rundt denne laurdagen, mota oss opp, pakka til tur og prøvde igjen.

IMG_4673

Me kunne konstatera at kuling og 10-12 grader er langt meir opptimale tilhøve for telting. Det blåste ikkje så veldig i skogen og teltet vart verken veldig varmt eller veldig kaldt. Ungen var det ikkje noko problem å få til å sova i teltet, verken ettermiddagslur eller på natta. Me fekk båla om kvelden og sova ute for første gong på 10-11 månader. Fantastisk deilig! Magnus elska det, og det var ikkje meir styr enn me fint kan leva med.

IMG_4670

Foto:  Helga Eggebø og Marius Skaiaa.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content