Julebrev frå NAV

Midt oppi juleposten i dag var det kome eit brev frå NAV. Svar på søknad om foreldrepengar sjølvsagt. Eg kunne mest ikkje tru mine eigne auge då eg las vedtaket.  

Som mine kjære lesarar sikkert hugsar, hadde eg mitt svare strev med å overprøva alle default-innstillingar som insisterande ville ha meg til å ta heile fellesperioden og dermed ha permisjon til 6. oktober. Nei, det var ikkje planen. Og til slutt fekk eg sendt inn ein søknad som spesifiserer mødrekvote og fellesperiode fram til slutten av juni.

I dag har eg fått følgjande vedtak frå NAV. “Du vil få foreldrepenger fra 09.01.17 til og med 06.10.17”.

“Det er ikkje mulig!” roper eg til brevet og Marius. Dette må vera ein spøk. Eller har eg ikkje greidd å overprøva defaulten, og tasta feil i søknaden? Eg logger meg på NAV og sjekker sjølve søknaden. Og den er heilt i tråd med det eg meinte eg søkte om:

mine-stonadsperioder-soknad

“DU HAR RETT TIL Å KLAGE” står det seinare i brevet. Det ser ut som om eg blir nøydd til å ta meg bryet med å klaga til NAV. Klaga fordi eg har fått meir av noko enn eg bad om. Senda inn ein klage fordi Marius og eg prøver å fordela denne permisjonen “slik det passer for akkurat vår familie”, og det openbart ikkje passer inn i skjemaet, norma, normalen og portalen.

Men fram til klagebrevet, så sender eg følgjande varme julehelsing: “Kjære NAV! Dette vart liksom litt parodisk. Ønskjer dykk ei god jul, og lukke til med arbeidet i 2017. PS. Få gjerne med medmor når de reviderer søknadsportalen”.

Les også:

Illustrasjonsfoto: Privat.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content