Kjønnsbalanse i politikken

Ferske tal frå SSB viser at 39 % av kommunestyrerepresentantane er kvinner etter 2015-valet. Det er ei auke på 1 prosentpoeng. 28 % av ordførarane er kvinner, og det er ei auke på 6 prosentpoeng. Viser dette at me blir stadig meir likestilte, eller at mannsdominansen er konstant.

Svaret på det kjem an på kva me samanliknar med. På den positive sida kan me slå fast at manndominansen i politikken er langt mindre enn for 50 år sidan. Utover på 1970 og 1980-talet auka kvinnedelen i politikken frå omlag 10 prosent til 30-35 prosent. Men mot slutten av 1980-talet stoppa framgangen opp. Det har aldri på noko som helst tidspunkt vore 40 prosent kvinner i norske kommunestyrar, eller på Stortinget for den saks skuld. Sagt på ein annan måte: Dei siste 30 åra eller så har mannsdominansen i folkevalde forsamlingar vore relativt konstant på omlag 60-65 %.

Spørsmålet melder seg også i rikspolitikken: Er glaset halvfullt eller er det halvtomt? På den eine sida har me faktisk kvinneleg statsoverhovud. Men på den andre sida er Erna Solberg den andre kvinnelege statsministeren i Noreg nokon sinne. Utanom Solberg og Gro Harlem Brundtland, har alle andre statsministrar gjennom tidene vore menn. Der er 50/50 menn og kvinner i regjeringa, men 75 % av statssekretærane er menn.

Med ein mannsdominans på like over 60 prosent, er Stortinget langt meir kjønnsbalansert enn dei fleste folkevalde forsamlingar i verda. I nabolandet Storbritannia er mannsdominansen på over 70 % og sexismen meir eksplisitt: Så seint som i 2001 opplevde kvinnelege parlamentsmedlemmar i Storbritannia at salen ropte «melonar, melonar» når dei entra talarstolen. Menn i parlamentet nytta altså høve til å kommentera kroppen – nærare bestemt brystene – til representantar av hokjønn.

Noreg – verdas mest likestilte land dersom du spør oss sjølv – er faktisk ganske langt frå å vera landet med jamnast kjønnsbalanse i parlamentet. 12 land har ein mannsdominans på mindre enn 60 % og 2 land har ei overvekt av kvinner. Øvst på lista troner Rwanda, Bolivia, Cuba, Seychellane og Sverige. Mange i den vestlege verda likar å tru at våre lange demokratiske tradisjonar skaper likestilling. Men ein del tyder på at nye demokrati er flinkare til å skapa rom og moglegheiter for kvinner. Og at dei er meir ivrige på å etablera effektive mekanismar for representasjon.

Fleire av dei norske partia stiller sjølv krav til seg sjølv om at dei skal ha 40 prosent listekandidatar av kvart kjønn. Men me har ingen nasjonale lovar om kvotering på vallister eller i folkevalde forsamlingar. Det kan virka noko paradoksalt at politikarane har pålagt allmenne aksjeselskap å kvotera kvinner inn i styra, men ikkje er villige til å stilla dei same krava til sine eigne folkevalde forsamlingar. Meir enn 50 land i verda har allereie innførd slike lovar, og det kan norske politikarar også gjera.

Vårt eige Sameting har ein kvoteringsmodell til inspirasjon. Modellen går ut på at den folkevalde forsamlinga diskuterer likestillingsstatus i god tid før valet. Dersom situasjonen krev det, kan den folkevalde forsamlinga sjølv stilla kvoteringskrav til vallistene. Ein kunne til dømes stilt krav om 40 %, eller 50 %, av kvart kjønn. I kommunar med mange personar med etnisk minoritetsbakgrunn ville det også kunne vera rimeleg med krav om at ein viss prosent av listekandidatane har minoritetsbakgrunn. Etter førre val har 2-3 % av kommunestyrerepresentantane ikkje-vestleg minoritetsbakgrunn, sjølv om denne gruppa er over 12 prosent av befolkninga.

Ein likestillingskommisjon i Storbritannia har eit anna spanande forslag: Dei føreslår maksgrense for kor stor dominans det eine kjønnet kan ha i folkevalde forsamlingar. For Storbritannia – kor kvinnedelen først dei siste åra har nærma seg 30 % – føreslår dei ei maksgrense på 70 % av det eine kjønnet i første omgang. Deretter maks 60 %. I Noreg ville ikkje det gjort all verdas forskjell, ettersom mannsdominansen ikkje er verre enn 61 %. Forslaget er likevel nyskapande, fordi det rettar søkelyset mot kvifor i alle dagar det skulle vera rimeleg at menn er så grundig overrepresentert. I staden for å fokusera på kva som er i vegen med kvinnene.

Illustrasjonsbilde: Valgutstyr av Kommunal- og regionaldepartementet (CC BY-NC 2.0).

Innlegget vart først publisert på Maddam, 04. februar 2016.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content