List

Klimaet endrar seg på grunn av klimagassutslepp. Endringane er menneskeskapte. Dette har vore allmen kjend så lengje eg har levd, og det har alltid bekymra meg. Me lærte om det på barneskulen, og eg skreiv eventyr om jorda vår og korleis ei modig jente redda ho. Me lærte om Kyotoavtalen og 2-gradersmålet på vidaregåande, og eg skreiv oppgåve om global oppvarming og 2-gradersmålet.

Den gongen var 2020 framtida. No er det like om hjørnet. Nyheitsbildet sommaren 2018 har vore prega av varmerekordar, skogbrannar, tørke og øydelagde avlingar. Dagbladet har publisert ein omfattande og grundig reportasje med tittelen «Brent jord».

Eg har alltid vore bekymra for konsekvensane av klimaendringar og forureining. Bekymringa er intellektuell, kunnskapsbasert og reell. Men først i sommar – då ekstremvarmen kom til Bodø i ei vekes tid – opplevde eg å bli akutt redd av tanken på kva klimaendringane kan koma til å ha for konsekvensar for livet mitt og livet til dei eg er glad i.

Det var ein av dei varmaste dagane i Bodø i sommar. Me tok båten ut til Landegode og fann ei fin strand med kjølande sjøvatn og ein frisk bris frå Vestfjorden. På mange måtar ein idyllisk sommardag med strandliv og bading i lag med gode vener.

IMG_7132

Då me kom tilbake om kvelden og gjekk av på kaia i Bodø var det som å møta ein vegg av varme frå ein heit bakarovn. Me sette oss på bussen, og det var som å gå inn i ovnen. Medan eg satt der med ungen på fanget vart eg plutseleg redd. Er det sånn det skal bli? Det snørte seg i brystet, fokuset snevra seg inn og stresskjensla steig i kroppen medan tankane raste gjennom hovudet: Breane smeltar og snøen er borte. Den eksotiske midtnattsola er blitt til ein nådelaus fiende som steikjar dag og natt. Kva konflikter vil oppstå i kjølvatn av tørke, flaum og avlingar som slår feil? Kva vil skje når millionar av menneske må flytta fordi det ikkje er leveleg for menneske lengre på staden der dei bur?

På slutten av 1990-talet var 2020 ei fjern framtid, men no er det like om hjørnet. Dersom eg lever så lenge som ein forventar at kvinner av min generasjon vil gjera, kan eg rekna med å få med meg 2060-talet. Korleis vil det vera å leva då? Og dersom ein legg til grunn den same forventa levealderen vil Magnus oppleva århundreskiftet 2100. På kva delar av jorda og for kven vil det vera mogleg å leva då?

Då me kom heim den kvelden var tregolvet heitt. Der var ingen bris frå havet, inga kjøleg lufta å lufta inn i huset. Kjensla av redsle slepte ikkje taket på fleire timar.

IMG_7041

Nokre varme sommardagar og ein litan varmerekord i Bodø beviser i seg sjølv ingenting om kva som er i vente. Men dei harde fakta i form av vitskapelege bevis har vore kjend i mange tiår. Kombinasjonen fekk angsten til å jaga i kroppen i nokre ettermiddagstimar.

Klimaangsten er det ikkje mykje vits i å ta med seg til psykologen. Ein kan utforska kjenslene og endra tankemønster til ein blir blå, men det endrar ikkje det faktumet at jorda blir varmare. Dei lagar prognosar for issmelting og varmeauke, men det er vanskeleg å sjå føre seg kva som faktisk vil skje med samfunna og liva våre. Det eg såg føre meg gjorde meg redd, og det er rett og slett ganske god grunn til å vera redd.

Det er også grunn til å kjenna seg motlaus, sorgfull og sint. Kanskje kan desse vonde kjenslene, kombinert med en kunnskapen og dei fakta me har hatt i 30 år og vel så det, brukast til å endra måten me handlar på, både kollektivt og individuelt?

IMG_7045

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

september 18th, 2018

Kortreist mat

På måndag hadde Magnus og eg ein super ettermiddagsaktivitet: Me sykla til Fenes for å hausta av markens grøde. Berre […]

september 4th, 2018

Mørkvedodden

Friområdet nedføre huset vårt heiter Skagen, og ytst på neset heiter det Mørkvedodden. Blant lokalbefolkninga er området mest kjent som […]

august 29th, 2018

Berg og båre brytes

Allereie midt i august kom den første sørveststormen inn over Bodø. For oss som er nye i nabolaget var det […]

august 29th, 2018

Menns vald mot ciskvinner og transkvinner

I sommar har der vore offentleg debatt om transpersonar sin tilgang til offentlege garderobar. I feministiske krinsar, mellom anna på […]

august 19th, 2018

Ingen skam å snu – endelig håndheving av forbudet mot seksuell trakassering

2. juli 2018 år sendte Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland et historisk lovforslag på høring: I følge forslaget skal […]

august 13th, 2018

Klimaangsten

Klimaet endrar seg på grunn av klimagassutslepp. Endringane er menneskeskapte. Dette har vore allmen kjend så lengje eg har levd, […]

august 8th, 2018

Givær

Givær er ei lita øygruppe i Vestfjorden som ligg langt ute i havet, omlag tre mil vest for Bodø. Hovudøya, […]

juli 20th, 2018

Gamle sangar om igjen – kvotespørsmålet i foreldrepermisjonsordninga

Foreldrepengar og fedrekvote må vera det kjønns- og likestillingspolitiske spørsmålet som har ført til mest debatt dei siste 25 åra. […]

juli 12th, 2018

Flukt, splittelse, konsekvenser – funn fra internasjonal og norsk forskning på familieinnvandring

Over hele Europa blir hensynet til integrering brukt som et av argumentene for å stramme i regelverket for familieinnvandring. Et […]

juli 8th, 2018

Gratulerer med dagen!

Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er […]