List

Alle kommunar har ansvar for å tilby gode tenester og skapa inkluderande lokalsamfunn for alle – skeive så vel som streite. Likevel er det mange skeive – det vil seia lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – som ikkje alltid opplever å bli sett. Har fagfolka i din kommune den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte? Denne kronikken stod på trykk i Fremover (lokalavis i Narvik) 09.09.2016.

Dei av oss som lever skeivt i Norge i dag lever stort sett gode liv. På lik linje med dei fleste streite. Skeive møter mindre fordommar, trakassering og diskriminering i dag enn for få tiår sidan. Dei fleste av oss har kanskje ei oppfatning av at det er heilt uproblematisk å vera skeiv i eit ope og tolerant samfunn som Noreg. Og for mange er det kanskje det.

Men på den andre sida opplever mange skeive at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt likevel. Skeive ungdommar opplever meir mobbing enn andre ungdommar, og «homo» blir brukt som eit heilt alminneleg skjellsord. Det er heldigvis ikkje så mange skeive som opplever vald og trugsmål. Men blant dei av oss som har slike erfaringar, meiner mange at seksuell orientering eller kjønnsuttrykk var motivet for valden. I følgje rapporten Seksuell orientering og levekår, har folk flest nokså positive haldningar til skeive. Men samstundes uttrykker eit klart fleirtal av norske menn (62 prosent) motstand mot at to menn kysser på ein offentleg stad.

Erfaringar med mobbing, vald og negative haldningar kan vera årsaken til at dei av oss som lever skeivt er meir utsette for depresjon, angst, sjølvmordsforsøk og sjølvmord. Men ei like viktig forklaring kan vera at me stadig lever i eit samfunn der det å leva opp til samfunnets forventningar om kjønn og seksualitet er det einaste normale. Mange skeive opplever derfor å bli usynleggjort i sin kvardag. Likevel får kjønn og seksualitet som fagemner svært liten plass i norske helse-  og pedagogikkutdanningar. Då blir det vanskeleg for helsearbeidarar og tilsette i skulen å sørgja føre ein inkluderande praksis.

Å kjenna seg usynleg er gjerne eit resultat av ei rekke små episodar og erfaringar. Til dømes seksualitetsundervisninga på ungdomskulen som ofte handlar om graviditet og vaginalsex mellom to personar av ulikt kjønn. Og dersom du moter deg opp og spør helsesystera om korleis to jenter har sex, så er det ikkje sjølvsagd at helsesøster har tilstrekkelig kompetanse til å gi et godt svar.

Hilde Arntsen, som arbeider i Rosa kompetanse, vaks opp i eit miljø der det ikkje var greitt å forelska seg i ein person av same kjønn, og hadde vanskar med å akseptere seg seg sjølv i tenåra. Ho forklarer korleis lærarar og helsepersonell kunne gjort livet lettare for ho: «Lærerne kunne lært meg at det finnes mange måter å forelske seg på. At jeg ikke var alene om å forelske meg som jeg gjorde. At man kan leve gode liv. (…) Helsesøster kunne hun sagt noe om at det finnes mange måter å ha sex på. At sex kan være noe av det beste som finnes så lenge det er sikkert og samtykkende. At det er forbundet med god helse å kunne være åpen om sin seksuelle orientering».

I 2015 publiserte KUN forskingsrapporten «Skeiv på bygda». Rapporten vekker interesse nettopp fordi han viser så tydeleg at det å leva som skeiv i «verdas mest likestilte land» kan vera nettopp både og. For nokon er det heilt aldeles uproblematisk. Men for andre stemmer ikkje bildet av det tolerante Noreg med eigne erfaringar.

Som nevnt har tilsette i helsevesenet og skulane stort sett ikkje lært noko særleg om kjønn, kjønnsidentitet og seksuell orientering gjennom studieløpet. FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold har derfor – heilt sidan 2006 – drive tiltaket Rosa kompetanse. Føremålet er å heva kompetansen om kjønn og seksualitet i skule- og helsevesen. Me erfarer at denne kompetanse er etterspurd av fagfolka i både skule- og helsesektoren.

Nordland fylkeskommune ønskjer å bidra til økt kompetanse i skulen. Derfor blir lærarar invitert til kurs med KUN og Rosa kompetanse ved Narvik vidaregående skole den 6. september. I november blir det ny runde med kurs for lærarar i både grunnskule og vidaregåande i Narvik. I tillegg er Skeiv Ungdoms skoleprosjekt Restart blitt invitert til å undervisa elevar ved skulen. Kursa er ein del av den sjølvmordsførebyggande planen som vart einstemmig vedteken av fylkestinget i 2015. Dette fordi kunnskap er nøkkelen til inkluderande lokalmiljø og skular der alle kan vera seg sjølv uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Helga Eggebø, KUN
Sunniva Jarmann, Skeiv Ungdom
Synne Hall Arnøy, FRI

Illustrasjonsbilde: Bilde: Festivaletteratura 2010 | Mobile A2K: Access To Knowledge av lettera27, CC BY-SA 2.0

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

mars 18th, 2019

Skrivetid

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. […]

mars 4th, 2019

Hytta i Beiarn

Familien til Marius har bygd ei fantastisk tømmerhytte i Beiarn – eit eldorado for skikøyring berre halvanna times køyring heimefrå. […]

januar 28th, 2019

Grande blir likestillingsminister og Ropstad sit igjen med pengesekken

Når likestillingspolitikken skal ut av departementet, sit Kjell Ingolf Ropstad igjen med heile pengesekken. Det er dei 30 milliardane – […]

januar 27th, 2019

To år

Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje […]

januar 17th, 2019

Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget […]

januar 10th, 2019

Go green, Norlandia!

Tidlegare denne veka skreiv eg om klimapolitikk nedanfrå, som ein metode for å kvitta seg med den pasifiserande klimaangsten og […]

januar 7th, 2019

Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var […]

desember 17th, 2018

Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene […]

desember 6th, 2018

Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn i Norge

Lesbiske, homofile, bifile, transpersoner og interkjønnpersoner med innvandrerbakgrunn risikerer å bli utsatt for diskriminering på grunn av seksuell orientering og […]

november 28th, 2018

Sosial omsorg − fra blind flekk til sentralt innsatsområde i hjemmebasert eldreomsorg?

Sosial omsorg er en blind flekk i den hjemmebaserte eldreomsorgen, hevder Mai Camilla Munkejord, Walter Schönfelder og jeg i en […]