List

Norsk likestillingspolitikk er basert på likestillingsintegrering – det vil seia at eit kjønnsperspektiv skal integrerast på alle politikkområde. I denne strategien ligg det eit pålegg om at alle politiske tiltak skal vurderast i eit kjønnsperspektiv, og klimafeltet er ikkje eit unntak. Men ein føresetnad for likestillingsintegrering er at relevante kunnskapen finst og er kjend for dei som skal utvikla politikken. Kunnskap om samanhengane mellom kjønn og klima finst, men er tilsynelatande lite kjend i offentlegheita og blant politiske myndigheiter.

I samband med eit pågåande EU-prosjekt om klima og likestilling, har eg hatt høve til å setja meg inn i internasjonal forsking på kjønn og klima. Forskingsfronten kan – jamfør samfunnsforskaren Rebecca Pearse – delast inn i følgjande fem hovudområde:

Kvinner i sør er særleg sårbare for klimaendringar

Det er viktig å vera klar over at forskinga på kjønn og klima har røter i forsking, politikk og aktivisme i det globale sør (utviklingsland).

Det finst etter kvart mykje forsking som dokumenterer at kvinner i utviklingsland står overfor særlege utfordringar i møte med klimaendringar: Mangel på brensel og reint drikkevatn, som gjerne er eit resultat av avskoging, miljøøydelegging og klimaendringar, er eit stort problem for fattige kvinner: Dei må arbeida hardare og gå lengre for å skaffa familien mat og ved, slik det mellom anna er vist i ei studie frå Malawi.

Det er viktig å understreka at kvinners særlege sårbarheit ikkje er noko grunnleggjande og «evig kvinneleg», men heng saman med kvinners sosioøkonomiske status i samfunnet.

Kvinner er også meir utsette under og etter naturkatastrofar. Ei rekke empiriske studie har dokumentert at kvinner i større grad dør under katastrofar. Ei studie frå Bangladesh viste til dømes at kvinner også får ei større arbeidsbør etter naturkatastrofar, i liten grad tek del i organiseringa av katastrofehandtering og at dei i tillegg blir meir utsette for seksualisert vald.

Det er viktig å understreka at kvinners særlege sårbarheit ikkje er noko grunnleggjande og «evig kvinneleg», men heng saman med kvinners sosioøkonomiske status i samfunnet. Kjønnsforskjellar er vovne saman med mellom anna fattigdom og rasisme, og forskarar på feltet har derfor argumentert for eit interseksjonelt perspektiv på klimakrisa.

Kunnskapen om den særlege sårbarheita til fattige kvinner i utviklingsland har vore viktig for å setta likestilling på klimaagendaen. Problemet med kvinners sårbarheit som retorisk grep, er at ein står i fare for å underbygga eit bilete av fattige kvinner som svake og makteslause offer i møte med kvinneundertrykking og klimaendringar. Då blir det vanskeleg å få auge på kvinners evne og vilje til å endra sine eigne liv så vel som å bidra til politisk endring. Det andre som blir vanskeleg å få auge på er korleis eit kjønnsperspektiv skulle kunna vera relevant i meir industrialiserte og likestilte land.

Les også: Vi trenger ikke velge mellom feminisme og miljø

Kvinners rolle i klimatilpassing

Som ei motvekt til «offerperspektivet» som blir fremja gjennom å fokusere på kvinners særlege sårbarheit, er det gjort ei rekke studie av korleis kvinner også har ressursar til å tilpassa seg klimaendringar og finna løysingar på dei problema ein møter i kvardagen.

Eit døme er ei studie av enker og skilte kvinner i Kenya som stod i spissen for utviklingar av nye metodar for å samla regnvatn. Dei fleste studia av kvinners rolle i klimatilpasningar er gjort i rurale område i utviklingsland.

Men der er også nokre tilsvarande studie av kvinner i rurale område i til dømes Australia og Sverige. Forskingsarbeidet til Margaret Alston i Australia viste at tørke, erosjon, dårleg beite og svake dyr skapte store utfordringar for mennene som dreiv garden. Det er hardt arbeid både fysisk og mentalt å handtera dette, og mennene opplevde tunge arbeidsdagar, psykiske helseproblem og auka risiko for sjølvmord. Kvinnene tok seg i større grad enn mennene betalt arbeid utføre garden for å bøta på krisa. Dette gav dei tilgang til økonomiske ressursar og identitetar som styrka posisjonen deira i hushaldet.

Å dokumentera kvinner og menns handlingsrom og strategiar er ikkje det same som å sjå vekk i frå makt og strukturar som gjer at kvinner ofte er i ein særleg sårbar situasjon. Men kunnskapen om begge desse kjønna sidene ved klimaendringane er viktig å ha med seg.

Kven har ansvaret for klimakrisa? Kjønna mønster i klimautsleppa

Står menn som gruppe for ein større del av klimautsleppa enn kvinner som gruppe? Er menn i større grad ansvarlege for klimakrisa fordi dei i gjennomsnitt har eit større klimafotavtrykk? På dette området er det endå gjort relativt lite forsking, men det som finst av kunnskap peikar i retninga av at svaret er ja på det første spørsmålet.

Ei studie frå Sverige har til dømes vist at menns transportmønster stod for 53 prosent høgare klimautslepp enn kvinners. Ei anna studie har vist at menn forbruker meir enn kvinner og oftare arbeider i næringar som bidrar til meir utslepp. Desse mønstra heng sjølvsagt saman med allereie veldokumenterte kjønnsforskjellar i lønnsnivå og sysselsetting.

Kan kjønnsdelte utsleppstal berre bidra til større og splitting på klimafeltet?

Ei anna interessant studie viser at CO2-utsleppa er signifikant lågare i land kor kvinner har høgare sosial status. Dette når forskarane hadde kontrollert for andre viktige forklaringsfaktorar som brutto nasjonalprodukt, urbaniseringsgrad, industrialisering, militarisering, utanlandsinvesteringar, aldersfordeling i befolkninga og demokrati. Dette tyder på at likestilling har ein sjølvstendig effekt på klimautsleppa. Men spørsmålet om kvifor det er slik, og kva mekanismar som ligg bak, har me framleis ikkje svaret på.

I forskingsmiljøa er det likevel litt usemje knytt til om det er særleg fruktbart å fordela utslepp på menn og kvinner som gruppe på denne måten. Er det ikkje meir relevant å knyta utslett til makronivået, som nasjonalstatar og store selskap? Kan kjønnsdelte utsleppstal berre bidra til større og splitting på klimafeltet? Men på den andre sida: kvifor skulle det vera mindre relevant og viktig med kjønnsdelte data på dette området enn når det gjeld arbeidsmarknad, utdanning, lønn og vald?

Det er nok behov for både kvantitative studie av utsleppsmønster og kvalitative studie og teoriutvikling som kan kasta lys over mekanismane som ligg bak dei overordna mønstra.

Les også: Forsking på energispørsmål er ikkje kjønnsnøytralt

Kritiske kjønnsblikk på politikk og institusjonar på klimafeltet

Det er etter kvart grundig dokumentert at kvinner er underrepresentert i dei fleste sentrale institusjonar på klimafeltet, til dømes nasjonale FN-delegasjonar, og dette har ikkje betra seg særleg over tid. Mannsdominansen er aller mest påfallande i styra til dei store energiselskapa – som sjølvsagt har stor makt på klimafeltet.

I politiske dokument på klimafeltet er kjønn og kvinner i liten grad nemnt – det gjeld både i det globale sør og i nord – og i den grad det blir nemnt er det på eit overordna nivå og på ein uforpliktande måte. I lokale klimatilpasningsprosjekt i utviklingsland er kvinner også gjennomgåande ekskludert frå påverknad og makt, og dette er etter kvart godt dokumentert. Kjønna effektar av klimapolitikk i det globale nord er i mindre grad dokumentert.

Eit viktig unntak er ei studie av karbonskatt som viste at kvinner betalte ein høgare pris her enn menn. Dette fordi kvinner i snitt tener mindre enn menn og flate skatt som rammer låginntektsgrupper hardast. Omfordelingspolitikk er heilt naudsynt for å kompensera for dette.

Eit viktig spørsmål på feltet kjønn og politikk er kor vidt kvinnerepresentasjon i politiske organ fører til substansielle endringar i politikken. Eksisterande forsking tyder på at det kan vera tilfelle, men at det ikkje nødvendigvis er sånn.

Ei studie av klimapolitikken i dei skandinaviske landa viste at sjølv om kvinner stort sett er godt representert i politikkutvikling på klimafeltet, så er kjønnsdimensjonen så godt som fråverande i klimapolitikken. Intervju med sentrale byråkratar på feltet viste at dei hadde vanskeleg for å sjå føre seg korleis kjønn kunne vera relevant for klimapolitikken i relativt likestilte land som Noreg, Sverige og Danmark, i motsetnad til i utviklingsland kor det var meir openbart for dei at kvinner var meir utsette enn menn.

Fleire forskarar har studert såkalla likestillingsintegrering – gjerne omtalt som «mainstreaming» på engelsk – i klimapolitikk og organisasjonar både i det globale sør og i det globale nord.Det overordna funnet er at likestillingsintegrering – som betyr at likestilling skal vera eit gjennomgåande omsyn – er ein strategi som ofte ikkje lukkast så godt, verken på klimafeltet eller på andre område. I den grad likestillingsintegrering har fungert, så er det i større grad i utviklingspolitikken enn innanfor til dømes klima- og miljøpolitikken.

Uansett er det viktig å ta med seg kunnskapen om kva som skal til for at likestillingsintegrering skal vera ein vellukka strategi (sjå til dømes NOU 2011: 18), i vidare arbeids med utviklingspolitikk og klimapolitikken, så vel som på andre politikkområde.

Kjønnsforskjellar i kunnskapsnivå og politiske meningar om klima

Det er store systematiske skilnader på kvinner og menns kunnskap om og haldningar til klimaendringar. Ei amerikansk studie viste at kvinner i større grad enn menn var bekymra for klimaet og hadde ei meir korrekt forståing av forskinga på feltet. Ei iransk studie viste tilsvarande resultat.

Forskinga på feltet dokumenterer ein tendens til at eldre, kvite, konservative menn i vestlege land i størst grad rapporterer om motstand mot klimapolitikk, har mindre kunnskap om og er mindre uroa over klimaendringar. Dette har blitt kalla «konservativ kvit mann-effekten», og er eit identitetspolitisk forsvar mot klimapolitikk som kan utfordra den sosiale, politiske og økonomiske makta som denne gruppa har.

Problemet i norsk samanheng er at me kan koma til å tru at kjønnsperspektiv på klima ikkje er relevant her heime.

På dette området er det behov for fleire kvantitative studie som undersøkjer kjønnsskilnader, så vel som andre skilnader mellom grupper, i haldningar, kunnskapsnivå og politisk handling. I tillegg er det viktig med kvalitative studie av kva mekanismar, prosessar og sosiale relasjonar som ligg til grunn for gjennomsnittsforskjellane.

Ein annan viktig del av forskinga på kjønn, klima og miljø, er den feministiske kritikken av kunnskapsregimer og objektivitet. Klima og miljøforskinga blir kritisert for å byggja på økonomiske modellar og teknologi som reflekterer ei maskulin norm.

Feministiske teoretikarar på feltet har argumentert for alternative kunnskapsformer og forståingar som fokuserer meir på berekraft, rettferd og solidaritet. Samstundes har den feministiske forskinga også kritisert essensialistiske forståingar av at kvinner eller urfolk skulle ha eit grunnleggande nærare forhold til naturen. Fordi slike forståingar har ein tendens til å glorifisera tradisjonelle kvinneroller.

Kor står me og kor går me?

Tidlegare i år lanserte Spire – ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet – kampanjen «klimakamp er kvinnekamp». Det er neppe tilfeldig at det var ein organisasjon på utviklingsfeltet som sette kjønn og klima på dagsordenen.

Som kunnskapsgjennomgangen tydeleg viser så er det på utviklingsfeltet og i det globale sør at forskinga på kjønn og klima har sine røter. Det syns å vera kunnskapen om den særlege sårbarheita til fattige kvinner i det globale sør som i størst grad er kjent og har fått gjennomslag i den politiske diskursen om kjønn og klima.

Problemet i norsk samanheng er at me kan koma til å tru at kjønnsperspektiv på klima ikkje er relevant her heime. Eksisterande forsking frå det globale nord tyder på at utslippsmønstra, kunnskap om og haldningar til klimaendringar er svært kjønnsdelte. Dette heng saman med godt dokumenterte kjønnsskilnader når det gjeld inntekt, utdanning, arbeidsmarknad og politiske preferansar.

Vidare peikar forskinga i retning av at politiske tiltak på klimafeltet ikkje har kjønnsnøytrale effektar. Det trengst heilt klårt meir forsking på samanhengen mellom kjønn og klimakrise i industriland som Noreg, men det er også viktig at dei av oss som utviklar politikk har kjennskap til den kunnskapen som allereie finst.

Ein tidlegare versjon av denne teksten vart ført publisert på Kilden Kjønnsforskning 17. september 2020.

Kjelde: Pearse, R 2017, ‘Gender and climate change’, Wiley Interdisciplinary Reviews: WIREs Climate Change, vol. 8, no. 2, pp. 16pp.

Illustrasjonsbilde: Skolestreik i Stavanger, av Natur og Ungdom, CC BY-ND 2.0.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

oktober 30th, 2020

Portvakt og kvalitetssikrar – om fagfellevurderingar i akademia

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til […]

oktober 9th, 2020

Glede og demens

Demens er ein av dei sjukdommane me er mest redde for. Det er ikkje så rart. Dei av oss som […]

oktober 9th, 2020

Mer midlertidighet for innvandrere

Viktige endringer i integreringsloven og statsborgerloven skal behandles i Stortinget i oktober. Et omdiskutert punkt er innføring av bestått språktest på såkalt B1-nivå for […]

september 29th, 2020

Annes metode

Det heile byrja med at eg kom over boka Eltefri bakst i sommar. Eller forresten, det byrja vel då eg […]

september 24th, 2020

Kva veit me om klima og likestilling?

Norsk likestillingspolitikk er basert på likestillingsintegrering – det vil seia at eit kjønnsperspektiv skal integrerast på alle politikkområde. I denne […]

juni 15th, 2020

Koronakompatibelt kollektivt skriveseminar

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar og organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» […]

mars 19th, 2020

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer […]

mars 13th, 2020

Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, […]

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]

januar 10th, 2020

Eit organisert angrep på seksuelle og reproduktive rettar

“Me har eit kort tidsvindauge på mellom 10 og 20 år. Dersom me ikkje nyttar dette vindauget kan den vestlege […]