Likestilling kjem ikkje av seg sjølv – Plikta til aktivt likestillingsarbeid

Jamfør likestillings- og diskrimineringslova har arbeidsgjevarar, partane i arbeidslivet og offentlege myndigheiter ei plikt til å jobba aktivt og målretta for likestilling. Dette er ein berebjelke i den norske likestillingsmodellen. Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å styrka denne plikta. Men er forslaget godt nok til å sørgja føre at det viktige og nødvendige likestillingsarbeidet faktisk blir gjort?

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv. Seige strukturar, etablerte kulturar, stereotypiar og fordommar gjer at kvinner, etniske minoritetar, seksuelle minoritetar og personar med nedsett funksjonsevne i realiteten ikkje har like moglegheiter til å delta på viktige samfunnsområde. Forbod mot diskriminering er ikkje nok til å endra på dette. Det er heilt naudsynt at ein også undersøkjer kva som fungerer som barrierer mot likestilling og arbeider systematisk og målretta for å endra på dette. Dette er i tråd med Norges etablerte strategi for likestillingsarbeid – mainstreaming – som går ut på at alle skal arbeida for likestilling på sine samfunnsområde.

Likestillingsutvalet – som eg sjølv var medlem av – granska norsk likestillingsarbeid og kom fram til at systemet ikkje på langt nær er godt nok. I NOUen Struktur for likestilling (2011: 18) dokumenterte med at plikta til aktivt likestillingsarbeid ikkje blir følgd opp særleg bra av verken arbeidsgjevarar eller offentlege myndigheiter. Det er fleire grunnar til det: For det første er det mange som ikkje har kjennskap til plikta. For det andre er det mange som ikkje skjønar kva dei skal gjera fordi plikta er så generell. For det tredje er der lite eller ingen kontroll, og dermed heller ingen sanksjonar av dei som gjer for dårleg arbeid.

Dette er det nødvendig å gjera noko med, slo Likestillingsutvalet fast, og føreslo ei rekke endringar:

  • Konkretisera plikta i lova frå ein generell paragraf til sju heilt konkrete punkt.
  • Betydelege ressursar til betre rettleiing på likestillingsområdet i form av eit nytt direktorat for likestilling med regionale kontor.
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet skal intensivera sitt arbeid med å kontrollera at arbeidsgjevarar gjer det dei skal. Det er dessutan viktig at ombod og nemnd kan ilegga sanksjonar.
  • Utvida plikta til å gjera greie for likestillingsarbeid til også å gjelda offentlege myndigheiter.
  • Barne- og likestillingsdepartementet skal rettleia og føra tilsyn med offentlege myndigheiter si plikt til å arbeida aktivt for likestilling.

No har Stortinget bede regjeringa om å følgja opp Likestillingsutvalet sine forslag, og det er dette Barne- og likestillingsdepartementet gjer i høyringsforsalget. Dei skisserer tre ulike modellar for å styrka aktivitetsplikta og føreslår “samfunnsansvarsmodellen” som tek utgangspunkt i Likestillingsutvalet sitt forslag frå 2011. Men departementet sitt forslag skil seg frå utvalget sitt på fleire viktige punkt:

  • Dei føreslår ein annan måte å konkretisera lova på.
  • Dei føreslår at LDO skal gje betre rettleiing, men dei seier ikkje noko om at LDO skal få dei naudsynte ressursane til dette.
  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal ikkje lengre handheva plikta til å gjera greie for likestillingsarbeidet, og dermed fjerner departementet alle sanksjonar.

Likestillingsutvalet føreslo ei konkretisering av lova som er lite byråkratisk og lett å forstå. Utvalet føreslo sju konkrete punkt i lovparagrafen der det går fram at ein skal setta seg mål for likestillingsarbeidet, kartlegga praksis og kultur og identifisera barrierar for likestilling, utarbeida lønnsstatistikk fordelt etter kjønn, kartleggja ufrivillig deltid, førebygga seksuell trakassering og sist men ikkje minst ha oversikt over kven som har ansvar for dei ulike delane av dette systematiske likestillingsarbeidet.

Departementet sitt forslag fokuserer på risikoanalyse. At ein skal identifisera risiko for diskriminering og analysere årsakane og deretter setta inn eigna tiltak. Etter mi oppfatning er det vanskelegare å forstå kva det betyr å kartlegga “risiko for diskriminering” enn det å setta seg mål og kartleggja situasjonen. Men elles er innhaldet i dei to forslaga ganske like. Men eit viktig punkt er utelatt i departementet sitt forslag, nemleg at arbeidsgjevarane skal ha oversikt over kven sitt ansvar dei ulike punkta i dette konkrete likestillingsarbeidet er. Og det er eit veldig viktig punkt, all den tid me veit at likestilling gjerne blir “alles jobb og ingens ansvar”.

Det som kanskje er meir alvorleg er at Nemnda ikkje lengre skal handheva på dette punktet. Kontrollen skal vera LDO sitt ansvar, men dei får sterke signalar om å fokusera på dialog og rettleiing heller enn kontroll, og LDO har uansett ingen moglegheiter til å gje sanksjonar. Departementet gjev heller ingen signal om at LDO skal få dei naudsynte ressursane til og intensivera rettleiings- og kontrollarbeidet. Dessutan reduserte regjeringa LDO sine ressursar og sitt ansvarsområde for eit par år sidan. Sist men ikkje minst vil dei heller ikkje ha tilsyn med offentlege myndigheiter si plikt til aktivt likestillingsarbeid.

På denne bakgrunnen konkluderer eg, som tidlegare utvalsmedlem, med at regjeringa si oppfølging av vårt arbeid på ingen måte er så godt som ein skulle ønska og at dei på fleire punkt svekkar det aktive likestillingsarbeidet heller enn å styrka det.

Heilt til slutt i lovforslaget kjem eit oppsiktsvekkande forslag som departementet ikkje ein gong har kommentert i teksten. Dei føreslår at nemnda ikkje skal handheva § 13 i lova, som handlar om trakassering. I følgje dette forslaget skal nemnda verken skal handheva forbodet mot trakassering (§ 13 første ledd) eller arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar si plikt til å førebygga trakassering (§ 13 sjette ledd). Det første punktet er pussig, all den tid departementet i eit anna lovforslag nett har føreslått at nemnda skal handheva forbodet mot seksuell trakassering. Det kan sjølvsagt tenkjast at dei berre har gløymt å visa til det andre lovforslaget og rydder opp i dette når lova faktisk blir endra. Men det andre punktet er oppsiktsvekkande. Etter gjeldande rett handhever nemnda trakasseringforboda, med unntak av seksuell trakassering. Men dei handhever i alle fall plikta til å førebyggja trakassering, og det er viktig. Den samla effekten av dei to forslaga som no er på høyring ser ut til å vera eitt steg fram og eitt (eller to?) tilbake. Ein styrker rettstryggleiken på eitt punkt og svekkar på eit anna. Etter all den merksemda som er blitt retta mot trakassering gjennom #MeToo, så er dette oppsiktsvekkande.

Les også:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content