Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, manuskript og forskingsprosjekt ein viktig del av jobben vår. Føremålet med kritikken er å gjera forskinga betre, kvalitetssjekka og sørgja føre at metodar, analysar og konklusjonar held mål. Ordet kritikk har to litt ulike tydingar (jamfør ordbok.uib.no). På den eine sida tyder det vurdering, dømming eller gransking. På den andre sida tyder det klander, nedsetjande omtale eller misnøye. Etter mi erfaring skjer det litt for ofte at me kjem med kritikk i sistnemnte forstand. Eg meiner det er ei misforstått tolking av oppgåva og eit dårleg stykkje arbeid. Kva form for kritikk bør me dyrka fram i akademia?

Då eg tok doktorgraden ved Universitetet i Bergen, hadde me ei ph.d.-gruppe kor me jamleg la fram tekstar for kvarandre og gjekk ut og åt middag og tok ei øl etterpå. Dette var eit supert opplegg, både fagleg og sosialt. Før kvart møte sendte to av oss ut eit tekstutkast som dei andre las. På seminaret fekk forfattarane presentert åtte til ti grundige lesingar av teksten. Folk jobba seriøst med kommentatorjobben, og eg kan ikkje hugsa at nokon kom med direkte nedsetjande omtale eller ufine kommentarar av tekstar. Likevel hugsar eg det var fleire av oss som kunne sitja igjen med ei kjensle av å ha blitt vridd opp som ei vaskefille og kasta i eit hjørne etter den runden. Det var ikkje alltid like enkelt å kosa seg med den øla etter at ein sjølv hadde lagt fram tekst. Summen av all kritikken, som eine og åleine fokuserte på kva som var problematisk og burde bli betre, kunne vera overveldande. I neste revisjonsrunde var det gjerne fare for å kasta babyen ut med badevatnet, fordi ingen hadde kommentert særleg spesifikt kva dei syns var bra med teksten. På bakgrunn av denne erfaringa har eg i fleire samanhengar argumentert for at me som fagfellar bør vera like konkrete og spesifikke med kva som er bra med teksten. For det første er det meir motiverande og enklare å handtera slik kritikk, og for det peikar det ut ein kurs som kan dytta teksten i rett retning.

Fagfellekritikk – og særleg den som kjem i anonym form – ber litt for ofte preg av at fagfellen vart sur då hen las teksten og usensurert vidareformidlar dette til forfattarane. Nokon auser ut av seg overordna slakt, plukkar på detaljar, rir eigne kjepphestar og krydrar det heile med syrlege og ironiske merknader. I tillegg til at det sjølvsagt er ei kjip oppleving å ta imot slike tilbakemeldingar, er det sjeldan særleg til hjelp i revisjonsprosessen. For ikkje lenge sidan var eg gjennom ein vurderingsprosess som var heilt motsett av dette, og det var heilt fantastisk. Her hadde begge fagfellane teke seg bryet med å først skriva kva dei likte med teksten og kva som var verdifullt i det arbeidet eg hadde gjort. Deretter peika dei på det dei oppfatta som det mest problematiske med teksten, og kom med fleire heilt konkrete forslag til korleis dette kunne løysast. Til slutt lista dei opp konkrete punkt i teksten som burde rettast opp eller presiserast, og kom med forslag til litteratur som var relevant å sitera. Arbeidet med å revidera denne teksten var usedvanleg enkelt. Eg var stolt, motivert og det var enkelt å finna ein ende å byrja i. Ikkje fordi kritikken ikkje var både omfattande og utfordrande, for det var han. Men eg opplevde det som ei spennande utfordring.

Når eg sjølv vurderer artiklar, oppgåver eller rapportutkast, plar eg skriva ut teksten og skriva i margen medan eg les. Det hender rett som det er at eg blir både sur og irritert når eg les, og eg kan koma til å skriva «??!», «kva meiner du her?!!», «dette stemmer berre ikkje» eller «eg kjøper det ikkje» i margen. Men sånt går det ikkje an å senda frå seg, så eg legg frå meg teksten og gjer noko anna. Når eg så skal setja meg ned og formulera tilbakemeldingar, prøver eg å byrja med å spørja meg sjølv: «Kva er bra med denne teksten og forskingsarbeidet som ligg bak?» Når eg først byrjar i den enden, er det som regel ikkje vanskeleg å finna noko som er bra, nesten uansett kor irritert eg vart i løpet av den første gjennomlesinga. Deretter spør eg: «Kva kan eg bidra med for at denne teksten skal bli betre, gitt det som er premissen for teksten og forfattaren sitt prosjekt?» Eg prøver å koma fram til nokre overordna innvendingar og konkrete forslag til løysing, men som ein anonym fagfelle ein gong skreiv til meg: Vurderinga av kva som er den beste løysinga «overlater jeg til forfatteren».

Knusande kritikk framkallar naturleg nok vonde kjensler av å vera udugeleg og verdilaus, eller irritasjon og sinne over fagfellen eller rettleiaren. Slike negative kjensler er svært energikrevjande å jobba seg gjennom. Det sluker energi i staden for å gje energi til arbeidet. La oss derfor gjera det på ein annan måte. Det er rom for meir ros i akademia.

Ein kortare versjon av denne teksten vart først publisert i Forskerforum 3. februar 2020.

Illustrasjonsbilde: Project 365 #12: 120117 Positive Feedback, av Peet, CC BY 2.0.

2 thoughts on “Rom for meir ros i akademia”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content