Miljøfitte

Gjennomsnittskvinna brukar visstnok om lag 10.000 bind og tampongar i løp av livet. I løp av dei vel 40 år med mensen før menopausen frelsar oss frå denne plaga, blir det om lag 150 kg klorbleika bomull, plast dynka i blod frå kvar og ein av oss. Dette grapset tettar toaletta og endar gjerne i havet, på strender, i naturen, i gatene og på søppelfyllingar, akkurat slik som anna søppel. Og akkurat som med alt mogleg anna forbruk fører produksjonen av bind og tampongar med seg CO2-utslepp, forbruk av giftige kjemikaliar og store mengder vatn og landareal. Sjølv om kostnadene mest sannsynleg er størst for miljøet, så er det heller ikkje gratis for forbrukaren.

Derfor fattar eg ikkje at eg rakk å bli over 35 år – det vil seia godt over 20 år med mensen – før eg fekk somla meg til å gå til innkjøp av ein menskopp til den nette summen av om lag 200 kroner. Den kom seint, men godt! I min entusiasme over dette geniale og miljøvennlege produktet spanderer eg ei #fitteforteljing

For eit par år sidan skreiv eg teksten ”Fitteforteljingar” kor eg etterlyste fleire forteljingar om underliv, blødningar og plager og samtalar om kroppen som funksjon og ikkje objekt. Teksten vekte latter, politisk engasjement og ein del harme, det siste fordi fleire meinte at eg ikkje burde bruka eit sånt stygt ord som fitte. No brukar eg det ordet igjen, og eg støttar meg på språkvitar Kristin Fridtun som har argumentert for at ballar, fitte, kuse og pikk er folkelege, tradisjonelle og heilt vanlege norske ord for kjønnsorgan. Dei kan sjølvsagt brukast som skjellsord, men jamfør Fridtun og ordlistene til sjølvaste Ivar Aasen, er dette vanlege norske ord for kjønnsorgan.

Men tilbake til dagens #fitteforteljing: Etter at menskoppen kom i huset (og i fitta sjølvsagt) var det fullstendig slutt med å proppa fitta full av tampongar og toaletta fulle av bloddryppande bomullsdottar. No sett eg berre inn den snedige silikonkoppen i staden, og den står der og samlar opp blod og slim. Etter nokre timar er det berre å nappa koppen forsiktig ut, tømma innhaldet, skylla litt i kaldt vatn og dytta han på plass igjen.

Eg har notert meg fleire trådar på Facebook kor folk har uttrykt bekymring for at det er vondt og vanskeleg å få menskoppen på plass. Mi erfaringar er at det ikkje gjer vondt. Det er heller ikkje vanskeleg å få han på rett plass, og når han først er der merkar eg absolutt ingen ting til han. Nokså likt ein tampong på akkurat det punktet.

Når eg skal ut å reise er menskoppen med i toalettveska. Eg har ikkje tal på kor mange gonger mensen har kome som julekvelden på kjerringa, og så må ein ut på jakt etter plast og bomull. På fjelltur er det særleg praktisk å ha koppen med som ein del av standardutstyret, for der er det gjerne ingen bind eller tampongar å få tak i dersom behovet skulle oppstå.

Eit anna poeng med fjelltur og mensen er at der sjeldan er nokon fornuftige stader å deponera søppel, heller ikkje brukte bind og tampongar. Å leggja igjen klokbleika bomull og blodig plast i naturen er ikkje særleg stilig, og det er ikkje ok sjølv om du dekkar det heile til med ein stein eller to. På langtur på ski har eg gjerne enda opp med å ha ein zip-lockpose på botn av pulken som oppsamlingsstad for brukte tampongar. Dei frys til is og ligg der og ventar på eit bål ein kan brenna dei på, eller på sivilisasjon og søppeldunk. Med menskoppen treng ein ikkje samla og transportera på blodig og frosen. Det er berre å tømma ut blodet i snøen, skylla koppen med litt vatn frå flaska, setta tilbake på plass og traska vidare på ski. Genialt opplegg!

Eg har ingen innvendingar mot menskoppen i det heile, men innrømmer at der har vore eit par små komplikasjonar, moglegvis som følgje av brukarfeil. Dersom det er veldig lite blod igjen og koppen er nesten tom, så kan det etter mi erfaring oppstå vakuum som gjer at koppen er litt vanskeleg å få ut. Eg har stått der eit par gonger med buska på kna og strevd med å hala han ut: Fekk tak med fingrane, drar og drar, men sjvopp, der seig han inn igjen. Faen heller! Ein gong til. Men nei, same denne gongen. Litt småsveitt såg eg føre meg å måtta tilkalla hjelp. Det skjerpa motivasjonen til å få han ut, og på tredje forsøket fekk eg eit godt tak og gav meg ikkje. Då gjeld det berre å ikkje dra for hardt på slutten der, så ikkje koppen sprett ut og innhaldet skvett vegg imellom.

Denne bloggen er ikkje sponsa av dei som produserer og seljer menskoppar. Produktet er berre litt for genialt til at eg kan la vera å spreia den glade bodskapen. Å halda fram med tampongar og bind no blir som å investera i ein dyr dieselbil sjølv om du kan få ein nesten gratis elbil.

Eg registrerer at enkelte syns kvinner som eg, som er oppteken av kjønn, likestilling og miljø og sånn, er nokre skikkeleg irriterande politisk korrekte fittekjerringer. Derfor vart eg ganske overraska over at ordet ”miljøfitter” berre gav to treff på søkemotoren min. Desse refererte til ein tweet frå ein person som syns at ei miljøengasjert kvinne i ein TV-serie var ei skikkeleg irriterande ”miljøfitte”. I dette tilfellet er eg nokså overtydd over at ordet fitte med vitande og vilje vart brukt som eit skjellsord. Men slik treng det ikkje vera. Det kan likegodt bli namnet på ei ny rørsle av politisk engasjerte miljøforkjempande feministar – som går i protesttog med grøne og rosa ”pussyhats”. Bli ei #miljøfitte du også!

Illustrasjonsbilde: HDS-11.jpg av Hillel Steinberg, CC BY-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content