Mørkvedodden

Friområdet nedføre huset vårt heiter Skagen, og ytst på neset heiter det Mørkvedodden. Blant lokalbefolkninga er området mest kjent som Mørkvedbukta og det er fast plass for lufting av hunden for dei fleste i nabolaget. For oss er det den beste leikeplassen i området, spisestue på ein godvêrsdag og ei tilgjengeleg naturoppleving i kvardagen.

IMG_7084

Det tek mindre enn 15 minutt å gå med vogn eller meis frå huset og heilt ned til havet. Det vil seia at me ikkje treng å ha meir enn ein time tilgjengeleg for at det skal vera verd turen ned med ungen i stadenfor å leika på leikeplassen i byggefeltet. Og den nærleiken kjem god med i kvardagen!

IMG_6930

I dag for eksempel, var Magnus og eg på middagstur med Aase Kristine, Cathrine og ungane. Jammen greidde me ikkje å få sju stykk ut på tur – med suppe, fiskekaker, rosiner og stein i havet – rett etter ein lang dag på jobb og i barnehagen. Gøy i byggefeltet!

IMG_0910

Frå Skagen har me utsikt rett sørover mot Bodøs landemerke, Børrvasstindan, nett som heime frå stua. Men i tillegg ser ein ut Saltenfjorden mot Småtindan, Sandhornet og Fugløya.

IMG_0900

Mot aust ser ein tindane i Sulitjelmamassivet og mot nord Steigtind, Heggmotind og innover Sjunkhatten nasjonalpark. Berre rett inn mot land ser ein inn mot hustaka i byggefeltet.

IMG_0903

Om våren er Skagen dekka av Raudsildre og seinare Reinrose. Dette er fjellplantar i Sør-Noreg, men her veks dei nesten nedi fjæresteinane. På sommaren er det høgt gras og blommeeng.

IMG_6982

IMG_6967

Sjølv om dei aller fleste ferdes på Skagen og ytst på Mørkvedodden, i alle fall dersom ein skal døma etter stiane, så går det an å gå ganske langt langsmed sjøen. Der er eit nydeleg friareal som strekk seg mot Fenes, forbi stader med dei klingande namna Kalvhagosen, Sandskjæret, Perbukta og Bertnesbukta. Eit steinkast innover land frå flomålet ligg andelslandbruket på Fenes som me er medlemmar av. Her haustar me for tida lokale grønnsaker ein gong i veka, men det får eg visa fram ein annan dag.

IMG_6964

IMG_6971

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content