Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget sin jubileumserie “Norsk røyndom”. For ikkje så lenge sidan las eg “Mot Normalt” av Bjørn Hatterud i same serie.

I likskap med Ali og Joof har også Hatterud skrive ei kort lita bok i sjølvbiografisk og dokumentarisk stil, kor han verkeleg får formidla noko viktig om røyndomen. Eg las heile boka ein kveld i god tid før leggjetid, men måtte liggja vaken ei stund og grunna over denne nydelege vesle boka.

Hatterud skriv om barndommen og oppveksten i Brumunddal. Han er fødd med ryggmarksbrokk og var mykje på sjukehus, gjekk gjennom kompliserte operasjonar og hadde mange plager. Han var plaga med overvekt og vart mobba. Som gut sat mykje for seg sjølv og las. Heldigvis hadde han ein fantastisk morfar som lytta og diskuterte politikk i timevis med den veslevaksne ungen.

Han er også homofil og har arbeidarklassebakgrunn, og i møte med homomiljøet i byen opplever han at han heller ikkje passer inn der. Dessutan er han redd for at hans kjære morfar – som ein mann av sin generasjon – ikkje skal akseptera og forstå at han er homofil. Men akkurat det viste seg å ikkje vera noko problem. Morfaren var berre utruleg stolt over at barnebarnet hadde funne seg kjærast som kom frå ein storgard:

“Eg fortalde morfar om Peder, som ikkje berre var bondeson, men attpåtil frå ein storgard på Romerike. Morfar kom frå ei verd der familien hadde vore underlagd storgarden, der storgarden var sjølve toppen av verda, den økonomiske og materielle makta låg der. No hadde dottersonen hans funne seg ein kjærast frå ein storgard. Bestefar var så stolt at han nærast sprakk. Eg såg det gnistra i auga hans, no hadde nokon i familien gjort det stort! Dette var noko å skryte av! Han fortalde det til alle, han Bjørn hadde funne seg følgje! Og jenta, jenta ho kom frå ein storgard! Gong på gong retta folk på morfar, det er ikkje noko jente, veit du. Bjørn har funne seg ein gut, han heiter Peder. Men kjønnet spela ingen rolle for morfar. For kvar gong svara han, like entusiastisk og glad: “Ja, visst faen, dæ æ en gutt! Men ænna gutten, hæin kjæm frå en storgard!” (side 60).

Hatterud har skriv ei bok om å vera annleis på alle måtar, om å ikkje passa inn. Og akkurat det temaet – å vera annleis – viser det seg at mange er interessert i å lesa om. “Eg skreiv om å vere ein homo som ikkje passa inn, om funksjonshemningar og stigmatisert arbeidsklassekultur (side 62). Dette gjorde han etterkvart til sin identitet og sitt levebrød: “Gradivis fekk eg eit anna sjølvbilete og ein slags underleg karriere som profesjonelt annleis” (side 64).

Eg syns denne boka var så nydeleg fordi ho skildrar einsemd, utanforskap og smerte, men også korleis desse erfaringane blir ein ressurs i livet. Er det eigentleg så mykje meir attråverdig å leva eit liv som “normal”? Som mora har sagt til han gong på gong: “Eg er så utruleg glad for at du fekk funksjonshemningane dine. For utan dei så hadde du kanskje blitt igjen i Brumunddal og jobba på posten eller noko slikt” (side 69).

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content