Nede for teljing

Eg har aldri før følt meg så sjuk som denne hausten. Eg har mest ikkje greidd å stå på beina. For å koma meg opp trappa har eg måtta ta eit godt tak i gelenderet med begge hendene og slept beina etter meg. Eg har låge heilt stille i senga utan å røra ein muskel og tenkt at det er så uendeleg slitsamt å liggja her! Om eg berre kunne synka endå lengre ned i madrassen. Etter å ha prøvd og byggja legotårn med ungen min på golvet i 20 minutt har eg kollapsa i senga. Mesteparten av døgnet har eg låge på sofaen eller i senga. Helst på eit mørkt rom, for det er så slitsamt med all sola og lyset. Er det sånn det er å ha ME?

Eg har også hatt hovudverk, muskelkramper, urolege bein, søvnlause og urolege netter, og vakna ofte fordi eg må tissa. Dessutan har eg vore kvalm. Eit sviande lag av syre i botn av magesekken som berre let seg døyva med mat. Men kva i alle dagar kunne eg greie å ete? Eg vart kvalm av tanken på det alle meste av mat. Polarbrød med smør? Ei banan? Hjernen har vore på konstant jakt etter noko etande, men stort sett utan å finna gode kandidatar. Den eine dagen kunne polarbrødet gå ned, men den andre dagen ikkje. Ei natt låg eg vaken og fantaserte om Banh Mi – vietnamesisk baguett med kjøt og sylta grønnsaker – og dette framstod som det einaste i heile verda eg kunne tenkja meg å eta. Marius laga baguettane dagen etter, og det smakte. Men eg vart kvalm på full mage også.

Først vart eg 50 prosent sjukmeld. Det sat langt inne. Eg har nemleg ein indre sjef som er ganske kjip. Hen er ein skikkeleg misogynist med protestantisk arbeidsmoral som lever etter ordspråket ”slutt og syt, begynn og yt”. Hen seier at ”graviditet er ingen sjukdom” og syns at folk – særleg kvinner – må ta seg saman. Eg var derfor ganske nøgd med meg sjølv når eg trassa min indre sjef og bad legen om delvis sjukmelding. Gullmedalje til meg for å ta vare på meg sjølv! Fint å koma seg på jobb også, heller enn å liggja heime heile dagen. Dette går bra, sa eg til meg sjølv i minst ei veke for mykje. For det gjekk ikkje særleg bra. Eg knakk eg saman og vart liggande på sofaen og hylgrina av utmatting. Noko anna enn full sjukmelding var rett og slett ikkje mogleg.

Då eg var gravid første gong vart eg teken på senga av kor uendeleg trøytt og sliten eg kjende meg tidleg i første trimester. Eg hadde fått med meg at ein del blir veldig kvalme i graviditeten, men det var ikkje eg. Derfor reiste me på den planlagde padleekspedisjonen på Svalbard sjølv om eg var gravid i veke 6-7. Det vart ikkje ein fin tur. Som resten av turfølgjet padla eg åtte timar til dagen i røff sjø og kaldt vêr. Om nettene hadde me to timar isbjørnvakt kvar. Det var fullstendig idiotisk å pressa seg på den måten. Marius og eg har spøka med at under neste svangerskap skulle me gå over Grønland. Men spøk til side, så var eg overtydd om at denne graviditeten kom til å bli mykje lettare. Det var berre å droppa Svalbard, ekspedisjon eller sykkelturar på over to mil og heller ligga meir på sofaen og lesa bok. Knallplan!

Alle svangerskap er forskjellige, seier fagfolka, og veit ikkje kvifor. Det har eg jammen fått erfara på den harde måten denne hausten. Ein dag eg låg der på sofaen og følte meg kor sjuk og elendig som helst kom eg til å tenkja på denne frasen om at graviditet ikkje er ein sjukdom. Greitt at min indre sjef kan få seg til å seia sånt, men det er vel ingen som gjer det i røynda? tenkte eg og sjekka med Google. Dei fleste tekstane eg fann handla om kvinner som opponerte mot denne meiningslause frasen. Men jammen dukka det ikkje opp ein artikkel av ein dansk næringslivsleiar som med utgangspunkt i sine eigne erfaringar gnålte i veg om at graviditet ikkje er ein sjukdom fordi ho hadde jobba og stått på alle sine svangerskap! Dersom eg med utgangspunkt i mine erfaringar frå førre graviditet hadde fått meg til å skriva ein sånn sjølvgod og navlebeskuande tekst, så skulle eg jammen fått bita dei orda i meg denne hausten. Det er så utruleg rart at den same prosessen – det å produsera eit nytt menneske i sin eigen kropp – kan gje så fullstendig forskjellige utslag. Ikkje berre for ulike kvinner men også for den same kroppen. Når dette er overstått skal eg gratulera meg sjølv minst ein gong i månaden med at eg ikkje er gravid.

Illustrasjonsfoto: Mademoiselle Yvonne Landsberg PMA(9) av Regan Vercruysse, CC BY 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content