List

Bodø er eit nes som stikk ut i havet mot Sør-Vest. Me bur på Mørkved – på sørsida av neset. Køyrer ein utover til sentrum og vidare, kjem ein til Nordsia. Der finn du midnattsola om sommaren og kraftige fallvindar om vinteren. Me fekk oss ein fin tur ein nydeleg klårvêrsdag i låg haustsol.

IMG_5144

Me gjekk frå bebyggelsen i Valvika, som du ser på bildet over. Nokså landleg på Nordsia, berre eit kvarterstid å køyra frå sentrum.

IMG_5104

Her står me på Hovdneset og ser nordover mot Steigen. Og apropos Steigen. Dersom eg hadde flytta frå Oslo til Bodø hadde eg nok blitt over meg av begeistring over den spektakulære naturen og nærleiken til fjella. Men ettersom eg har flytta frå Steigen til Bodø har det vore litt meir sånn «ja, det er jo fint her og då».

IMG_5139

Men berre så det er sagt overfor både meg sjølv og andre: det er, som alle kan sjå, skikkeleg fint i Bodø! For min del har det berre teke litt tid å få den verste kjærleiksorga over å ha forlatt Steigen litt på avstand.

IMG_5077

Men når haustsola kaster eit raudorgansje skinn over Mjelletidane, då kan eg ikkje klage!

IMG_5156

Lauvtrea er på sitt vakraste om hausten. Med raudt og gult og brunt og framleis noko grønt. Og i kveldssola blir fargane endå meir intense.

IMG_5157

IMG_5155

IMG_5084

Det var god stemning blant både små og store i turfølget. Nokon spratt lettbeint bortover steinane. Medan andre satt i meisen og sa: «mba, ba ba ba!».

IMG_5142

IMG_5081

Takk for ein fin tur!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

april 24th, 2018

Går du nå, er du ikke lenger min datter

“Går du nå, er du ikke lenger min datter” er Anne Bitsch si historie om å voksa opp med ei […]

april 20th, 2018

Eg går og legge meg

Kvifor er det naudsynt å sova vekk så store delar av livet, klagar enkelte. Eg høyrer dessutan stadig vekk folk […]

april 6th, 2018

Fråvêrande fedre og valdelege søner

«Dersom gutter skal bli menn, men ikke voldsmenn, er det mye som taler for at fedre er viktige» skreiv pensjonert […]

mars 18th, 2018

Tid for ski!

Endeleg var det på tide med hyttetur og skihelg og fleire dagar heilt utan ungen. Mang ei helg siste halvanna […]

mars 5th, 2018

Skeiv Stortingshøyring

I dag arrangerer Venstre si Stortingsgruppe ei «skeiv minihøyring». Her har dei invitert ekspertar og interesseorganisasjonar på feltet til å […]

februar 24th, 2018

Detox

Internett, skjerm, smarttelefon, sosiale media og e-post driv meg fra vettet for tida. Gode sju timar kvar dag sit eg […]

februar 20th, 2018

Kafkaprosessen

I kjølvatnet av flyktningkrisa i 2015 lanserte regjeringa ei rekke tiltak for å redusera innvandringa. «Innstramninger II», som var namnet […]

februar 13th, 2018

Utan familie i eit framand land

I etterkant av flyktningkrisa i 2015 har dei fleste europeiske land innførd strenge vilkår og ei rekke barrierar for retten til familiegjenforeining. […]

februar 4th, 2018

AP ser til Danmark

Arbeiderpartiets migrasjonsutval, med Masud Gharahkhani i spissen, skal på studietur til Danmark, mellom anna, for å la seg inspirera til ny […]

januar 23rd, 2018

Vedvarande kjønnssegregering i arbeidslivet

68 prosent av kvinnene og 73 prosent av mennene i Noreg er ein del av arbeidsstyrken. Det betyr at så […]