Nordsia

Bodø er eit nes som stikk ut i havet mot Sør-Vest. Me bur på Mørkved – på sørsida av neset. Køyrer ein utover til sentrum og vidare, kjem ein til Nordsia. Der finn du midnattsola om sommaren og kraftige fallvindar om vinteren. Me fekk oss ein fin tur ein nydeleg klårvêrsdag i låg haustsol.

IMG_5144

Me gjekk frå bebyggelsen i Valvika, som du ser på bildet over. Nokså landleg på Nordsia, berre eit kvarterstid å køyra frå sentrum.

IMG_5104

Her står me på Hovdneset og ser nordover mot Steigen. Og apropos Steigen. Dersom eg hadde flytta frå Oslo til Bodø hadde eg nok blitt over meg av begeistring over den spektakulære naturen og nærleiken til fjella. Men ettersom eg har flytta frå Steigen til Bodø har det vore litt meir sånn “ja, det er jo fint her og då”.

IMG_5139

Men berre så det er sagt overfor både meg sjølv og andre: det er, som alle kan sjå, skikkeleg fint i Bodø! For min del har det berre teke litt tid å få den verste kjærleiksorga over å ha forlatt Steigen litt på avstand.

IMG_5077

Men når haustsola kaster eit raudorgansje skinn over Mjelletidane, då kan eg ikkje klage!

IMG_5156

Lauvtrea er på sitt vakraste om hausten. Med raudt og gult og brunt og framleis noko grønt. Og i kveldssola blir fargane endå meir intense.

IMG_5157

IMG_5155

IMG_5084

Det var god stemning blant både små og store i turfølget. Nokon spratt lettbeint bortover steinane. Medan andre satt i meisen og sa: “mba, ba ba ba!”.

IMG_5142

IMG_5081

Takk for ein fin tur!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content