Nyttårshåp – fem ønske for det nye tiåret

  1. Måtte 2020 bli det året der me verkeleg tek inn over oss det trugsmålet som klimaendringar og naturøydeleggjing er får heile vår eksistens. Men at me ikkje let oss lamma av pessimisme og motløyse, men sørgja føre at kvar og ein av oss – både vanlege folk og alle i mektige posisjonar – gjorde alt som stod i vår makta for å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Og at me i løp av dette kommande tiåret får sett i verk tiltak som monnar, og snudd ei utvikling som ingen i ettertid trudde det skulle vore mogleg å snu på så kort tid.
  2. Måtte 2020 bli det året der me alle skjøna at folk er folk og at alle har krav på grunnleggjande respekt og trygging, også når me av ulike grunnar har blitt tvungne til å forlata det landet me kalla vårt eige og den staden som ein gong var heime. At alle dei av oss som ikkje har blitt tvungne på flukt tok inn over oss at vår eiga frykt for framande ikkje skal møtast med murar, leirar, rettsløyse, armod og nedverdigande behandling.
  3. Måtte 2020 bli det året der kvinners reproduktive rettar er på frammarsj – starten på det tiåret me kunne feira at retten til sjølvbestemt abort, tilgang til prevensjon og grunnleggjande helsehjelp til alle gravide var på plass for kvinner i heile verda. At alle dei som av personleg overtyding var mot svangerskapsavbrot eller prevensjon vart respektert for det, men ikkje hadde verken ønske eller moglegheiter til å avgrensa andre sine rettar av den grunn.
  4. Måtte 2020 bli det året då folk flest verda over kjende seg trygge på at kjærleik er kjærleik og folk er folk, uavhengig av kjønn og seksuell orientering. At det kommande tiåret byr på rettar og fridom til alle dei av oss som lever skeivt, og at heteroar og cis-personar – både med og utan religiøs tru –  slo seg til ro med å leva livet på sin eigen måte heilt utan behov for å pressa andre til å gjera det same.
  5. Måtte 2020 bli eit år heil utan terrorhandlingar. Eit år som i ettertid gjekk inn i historia som eit vatnskilje, fordi politisk og militær vald vart drastisk redusert i løp av kort tid. Eit år kor pennen og tastaturet vart dei viktigaste reiskapene for konflikthandtering, men kor også verbale konfliktar fekk ein sakleg og lyttande tone.

Me desse fem ønska rettar eg blikket mot eit nytt tiår og ønskjer ungen vår velkommen til denne verda nokre månader inn i det nye året. Eg skal gjera mitt for at ønska ikkje berre blir ein draum og at ungane får mot, vilje og framtidstru til å vera med på kampen for ei betre verd for oss alle.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content