List

Kva betyr det å bli gamal? Og kvifor er det så vanskeleg å vedkjenna seg og vera i vår eigen alder? Kva historiar er det me fortel om aldring? Desse spørsmåla reflekterer Lynne Segal over i ei fengande, fengslande og utruleg godt skrivne fagbok «Out of time. The pleasures and the perils of ageing».

Segal er feminist, aktivist, akademikar og no snart også ei eldre kvinne. Startpunktet for boka er refleksjonar om kva det betydde å vera med i den nye kvinnerørsla vaks fram på 1970-talet. Dei fleste, men ikkje alle, som deltok den gongen var unge kvinner. No er dei fleste av dei som var med den gongen, det vil seia dei som framleis lever, i ferd med å bli eldre kvinner. Segal brukar dette til å reflektera over fellestrekka mellom sexismen og det fleire har kalla «alderisme» – altså diskriminering basert på alder.

I eit blogginnlegg frå førre veke skreiv eg om «eldrebølgja», ein metafor som definerer dei av oss som har passert 67 definert som eit sosialt og politisk problem som politikarar og fagfolk må løysa, og som ei bør dei av oss som er yngre må bera på sine skuldrar. Segal undersøkjer korleis slike forestillingar pregar våre fortellingar om alderdom. Ho viser mellom anna til forfattaren Martin Amis som skildrar eldrebølgja i dramatiske vendingar: «The cultural and economic crisis caused by the ever-rising «silver tsunami» of old people: «There’ll be a population of demented very old people, like an invasion of terrible immigrants….I can imagine a sort of civil war between the old and the young».

Nettopp denne samanlikninga med innvandrarar er interessant. Som Segal påpeiker, så er det ikkje noko nytt at marginaliserte gruppe får skulda for ei kvar krise: Me er godt kjende med hylekoret av menn som skuldar på kvinner, og særleg feministar, når jobbane forsvinn og heimen ikkje er den trygge hamna ein hadde forventa ho skulle vera. På same måte får innvandrarar gjerne også skulda når kvite menn mistar jobben, meininga og tryggleiken i livet. I det siste, meiner Segal, har eldre blitt endå ei ny gruppe å hata og skulda på når ein uroar seg over økonomien og framtida. I staden for å kjempa mot den destruktive krafta kapitalkrefter og deregulering er, så skuldar ein på kvinner, feministar, innvandrarar, svarte og eldre.

Forakta for dei eldre bunner i stor grad i vår eigen frykt for å bli gamal. Det me særleg fryktar er å bli avhengige av andre. Avhengigheit – det skremmer. Men sanninga er at ulike formar for avhengigheit er ein heilt grunnleggjande del av det å vera menneske. Men at alle menneske har vore, er og kjem til å bli avhengige av andre på ein eller annan måte, er noko mange av oss helst vil fortrenga. Me legg heller masse energi på å overtyda oss sjølv og andre om at me er autonome, uavhengige og sjølvhjulpne. Det er eit sterkt stigma knytt til det å vera avhengig, skriv Segal, og peikar på at dette kanskje er årsaken til at så mange eldre seier at dei ikkje kjenner seg gamle, at dei ikkje ser på seg sjølv som eldre (side 35-36).

Ein annan ting me særleg fryktar ved alderdommen, er Alzheimer’s sjukdom. Denne frykta er nært knytt til frykta for avhengigheit. Det er redsla for å bli fullstendig avhengig av andre og redsla for å mista seg sjølv. Det er eit tankekors, meiner Segal, at me som samfunn brukar så utruleg mykje pengar på å finna ein kur for Alzheimer’s, men investerer så  lite i å gje god omsorg for dei som har sjukdommen. Der er ein heil masse forsking som dokumenterer at ein både kan bremsa sjukdommen og ikkje minst hjelpa folk til å leva gode trass i sjukdommen, dersom ein er villig til å investera i god omsorg.

Å erkjenna alderdommen betyr å forstå at me ikkje kjem til å forbli autonome, uavhengige og framtidsorienterte individa me likar å tru at me er, og som vår vestlege kultur insisterer på at me bør vera. Me må leita etter måtar å handtera tap og død på – aller helst i fellesskap med andre (side 184).

For Segal, som har vore eit politisk menneske heile sitt liv , passer det fint å framheva eit sitat av filosofen Simone de Beauvoir: «There is only one solution of old age is not to be an absurd parody of our former life, and that is to go on pursuing ends that give our existence meaning – devotion to individuals, to groups or to causes, social political, intellectual and creative work» (side 162).

Illustrasjonsbilde: Old Woman Resting, av John Dyer Follow CC BY-NC-ND 2.0.

Les også:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

januar 17th, 2019

Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget […]

januar 10th, 2019

Go green, Norlandia!

Tidlegare denne veka skreiv eg om klimapolitikk nedanfrå, som ein metode for å kvitta seg med den pasifiserande klimaangsten og […]

januar 7th, 2019

Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var […]

desember 17th, 2018

Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene […]

desember 6th, 2018

Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn i Norge

Lesbiske, homofile, bifile, transpersoner og interkjønnpersoner med innvandrerbakgrunn risikerer å bli utsatt for diskriminering på grunn av seksuell orientering og […]

november 28th, 2018

Sosial omsorg − fra blind flekk til sentralt innsatsområde i hjemmebasert eldreomsorg?

Sosial omsorg er en blind flekk i den hjemmebaserte eldreomsorgen, hevder Mai Camilla Munkejord, Walter Schönfelder og jeg i en […]

november 22nd, 2018

Nei, abortlova er ikkje diskriminerande

Abortlova er diskriminerande, har Erna Solberg påstått, som eit argument for å endra §2c. Påstanden har fått vind i segla […]

november 18th, 2018

Kvinner som møter i nemnder

Tusenvis av kvinner og menn demonstrerte i går til støtte for abortlova, og for kvinners rett til sjølv å bestemma […]

november 13th, 2018

Sumaya samtalar med Zeshan Shakar

I går var eg blant dei over hundre menneska som kom til Stormen bibliotek i Bodø for å ta del […]

november 4th, 2018

Søndagstur til mor

Eg kunne mest ikkje hugsa sist eg var på topptur. Det har blitt mykje barnevennlege turar. Stort sett kjekt det, […]