List

I fjor laga me pepperkaker, Marius, Magnus, naboane og eg. Eg trur det må vera første gongen eg har laga pepperkaker i eige hus. Med kjevla deigen «så flat som ei pannekake», og laga «mann og konekaker», som det heiter i den berømte songen. Så pynta me med nonstop og melis. Det var avansert nok med to 2-åringar rund bordet.

Men då eg var barn – på 80- og 90-talet – var ambisjonsnivået høgare enn som så. Det byrja i og for seg med det ganske ordinære pepperkakehuset. Eg må vel ha vore omlag 2-år? Kan det ha vore jula 1984? Det var i alle fall heime i Skoleveien 10, 9180 Skjervøy.

86

Eg trur det må ha vore første og siste året det vart baka noko så ordinært som hus av pepperkakedeigen hjå familien Vassbø/Eggebø. Eit par år seinare hadde me avansert til ekte sjørøverskute i pepperkake. Med ekte pepperkakemast, tauverk i lakris og fender av sjokolade i sølvfolie. Reisverket bak «treverket» er duplobåten som Magnus og søskenbarna leiker med den dag i dag.

88

Eit anna byggverk eg hugsar frå Skjervøy tida var dette pepperkakeslottet eller borga. Eg meiner å hugsa at det også vart omtalt som eit kråkeslott, noko eg ikkje sette pris på.

87-1

I 1989 flytta me frå Skjervøy. Det var definitivt mot min vilje og til mi store sorg. Men pepperkaketradisjonen vart i alle fall med sørover (utan at det eigentleg hjelpte på noko som helst). Eit år bygde me denne flygande tallerenen – eller UFOen – i pepperkake. Den hadde landa på seks bein – som også var laga av pepperkake. UFOen var full av raude og grøne menn. Midt i jula – i nattens mulm og mørke – kollapsa byggverket. Av uvisse grunnar.

89

Etter at me flytta sørover til oljefylket Rogaland peika det neste pepperkake prosjektet seg naturleg ut: Oljeplatform.

92-2

Her er pappa (Torbjørn Eggebø) i aksjon ved kjøkkenbenken. Det er som Mods sang det: «Me va møye yngre då. Det e lenge siden nå».

92-3

Oljeplatform – med reisverk av Duplo – var ikkje nokon lettvint pepperkakekonstruksjon. Men etter ein bilferie på 90-talet – kor me mellom anna utforska svevebanar og fjell i Alpene – nådde ambisjonsnivået nye høgder. Bokstaveleg talt. Me bygde ein svevebane i pepperkake. Reisverket var laga av eit lekebyggesett frå pappa sin barndom. Vognene svevde opp og ned  gjennom stua og opp mot loftsstua, frå stasjonen til platformen høgt der oppe.

95-4

95-2

95-1

95-3

Den grøne seigemannen som ligg strekk ut representerer lillebror Håkon som ikkje tålte høgda på 3000 meter over havet særleg godt.

Klassikarane står seg, så når dei små brørne (Håkon og Ingvar) vaks til, var det på tide å gjenta sjørøverskuta, første gong konstruert på Skjervøy før 1990.

96

Det byggverket eg sjølv er aller mest stolt av er ein tro kopi av Borgund Stavkyrkje.

97-3

I dette prosjektet spelte eg ei sentral rolle og la ned veto mot alle uestetiske uttrykk i form av smågodt. Kyrkja vart heller tjærebredd med smelte sjokolade, og pynta enkelt og stilreint med eit lag lett nysnø.

Eit anna meisterverk er den sagnomsuste Titanic, her i pepperkakemodell.

98-6

Overdådig pynting med smågodt er som du ser avlyst. Det som gjeld er å vera tru mot det originale estetiske uttrykket. Lillebror Håkon hadde vakse til og utvikla eit visst ingeniørtalent og evne til konsentrasjon.

98-3

98-8

Fleire av dei berømte bygga i verdshistoria stod for tur. Her er det London Bridge me har kopiert. Fullt ut funksjonell med heve- og senkefunksjon.

99-1

Så på eit tidspunkt var det dei yngre syskna i familien som tok over ansvaret og konseptutviklinga. Det er kanskje inga overrasking at det ikkje er eg som var primus motor bak Mordor frå Ringenes Herre. Dette byggverket – regissert av Ingvar – vart ganske fabelaktig!

a22-6

a22-2.

a22-7.

Skal tru kva pepperkakeprosjekt det blir i år?

Foto: Torbjørn Moe Eggebø.

Meir galskap og moro frå Eggebøklanen anno 1990-talet: Søskenbarntur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]

januar 10th, 2020

Eit organisert angrep på seksuelle og reproduktive rettar

“Me har eit kort tidsvindauge på mellom 10 og 20 år. Dersom me ikkje nyttar dette vindauget kan den vestlege […]

januar 1st, 2020

Nyttårshåp – fem ønske for det nye tiåret

Måtte 2020 bli det året der me verkeleg tek inn over oss det trugsmålet som klimaendringar og naturøydeleggjing er får […]

desember 17th, 2019

Pepperkake spesial

I fjor laga me pepperkaker, Marius, Magnus, naboane og eg. Eg trur det må vera første gongen eg har laga […]

november 24th, 2019

Folkemord eller forbrytelser mot menneskeheten?

Korleis skal me laga eit internasjonalt rettsvern som på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging […]

november 18th, 2019

Sommarminner

Det er ingen eg har vore så mykje på tur i lag med som Eli og Katrine. Sommarens høgdepunkt var […]

november 5th, 2019

Revisjonssmerter

Etter ni månader venting og tre purringar dukka endeleg e-posten med det karakteristiske tittelfeltet – #JPOA-D-18-00047 – DECISION – opp […]

oktober 26th, 2019

Svangerskapskvalme må takast på alvor i helsevesenet

90 % av alle gravide blir kvalme, halvparten kastar opp og om lag 15 % blir alvorleg kvalme. Der finst […]

oktober 26th, 2019

Skrivetid saman

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. […]

oktober 12th, 2019

Nede for teljing

Eg har aldri før følt meg så sjuk som denne hausten. Eg har mest ikkje greidd å stå på beina. […]