List

Alle i heile verda er vel samde om at det er ein ting som har sett sitt preg på 2020, og det er koronaen. Og koronaviruset var den sjølvklare favoritten då me skulle i gang med årets pepperkakeprosjekt. Ingvar har dessutan alltid hatt lyst til å prøva seg på ei kule i pepperkake, så då var saka avgjort:

IMG_2086

I fjor publiserte eg historia om pepperkakeprosjekta til familien Eggebø. No har eg oppdatert med årets prosjekt, og fleire andre årgangar.

85

Men då eg var barn – på 80- og 90-talet – var ambisjonsnivået for pepperkakelaginga før jul relativt høgt. Det byrja i og for seg med det ganske ordinære pepperkakehuset. Eg må vel ha vore omlag 2-år? Kan det ha vore jula 1984? Det var i alle fall heime i Skoleveien 10, 9180 Skjervøy.

86

Eg trur det må ha vore første og siste året det vart baka noko så ordinært som hus av pepperkakedeigen hjå familien Vassbø/Eggebø. Eit par år seinare hadde me avansert til ekte sjørøverskute i pepperkake. Med ekte pepperkakemast, tauverk i lakris og fender av sjokolade i sølvfolie. Reisverket bak «treverket» er duplobåten som Magnus og søskenbarna leiker med den dag i dag.

88

Eit anna byggverk eg hugsar frå Skjervøy tida var dette pepperkakeslottet eller borga. Eg meiner å hugsa at det også vart omtalt som eit kråkeslott, noko eg ikkje sette pris på.

87-1

I 1989 flytta me frå Skjervøy. Det var definitivt mot min vilje og til mi store sorg. Men pepperkaketradisjonen vart i alle fall med sørover (utan at det eigentleg hjelpte på noko som helst). Eit år bygde me denne flygande tallerenen – eller UFOen – i pepperkake. Den hadde landa på seks bein – som også var laga av pepperkake. UFOen var full av raude og grøne menn. Midt i jula – i nattens mulm og mørke – kollapsa byggverket. Av uvisse grunnar.

89

Etter at me flytta sørover til oljefylket Rogaland peika det neste pepperkake prosjektet seg naturleg ut: Oljeplatform.

92-2

Her er pappa (Torbjørn Eggebø) i aksjon ved kjøkkenbenken. Det er som Mods sang det: «Me va møye yngre då. Det e lenge siden nå».

92-3

Oljeplatform – med reisverk av Duplo – var ikkje nokon lettvint pepperkakekonstruksjon. Men etter ein bilferie på 90-talet – kor me mellom anna utforska svevebanar og fjell i Alpene – nådde ambisjonsnivået nye høgder. Bokstaveleg talt. Me bygde ein svevebane i pepperkake. Reisverket var laga av eit lekebyggesett frå pappa sin barndom. Vognene svevde opp og ned  gjennom stua og opp mot loftsstua, frå stasjonen til platformen høgt der oppe.

95-4

95-2

95-1

95-3

Den grøne seigemannen som ligg strekk ut representerer lillebror Håkon som ikkje tålte høgda på 3000 meter over havet særleg godt.

Klassikarane står seg, så når dei små brørne (Håkon og Ingvar) vaks til, var det på tide å gjenta sjørøverskuta, første gong konstruert på Skjervøy før 1990.

96

Det byggverket eg sjølv er aller mest stolt av er ein tro kopi av Borgund Stavkyrkje.

97-3

I dette prosjektet spelte eg ei sentral rolle og la ned veto mot alle uestetiske uttrykk i form av smågodt. Kyrkja vart heller tjærebredd med smelte sjokolade, og pynta enkelt og stilreint med eit lag lett nysnø.

Eit anna meisterverk er den sagnomsuste Titanic, her i pepperkakemodell.

98-6

Overdådig pynting med smågodt er som du ser avlyst. Det som gjeld er å vera tru mot det originale estetiske uttrykket. Lillebror Håkon hadde vakse til og utvikla eit visst ingeniørtalent og evne til konsentrasjon.

98-3

98-8

Fleire av dei berømte bygga i verdshistoria stod for tur. Her er det London Bridge me har kopiert. Fullt ut funksjonell med heve- og senkefunksjon.

99-1

Så på eit tidspunkt var det dei yngre syskna i familien som tok over ansvaret og konseptutviklinga. Det er kanskje inga overrasking at det ikkje er eg som var primus motor bak Mordor frå Ringenes Herre. Dette byggverket – regissert av Ingvar – vart ganske fabelaktig!

a22-6

a22-2.

a22-7.

Sidan i fjor har me dessutan gravd i arkivet og funne meir:

Nidarosdomen:

a20-5

a20-4

Hoppbakke med hopper i svevet:

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_12672

Klatrevegg:

132573359_227846768946929_7108295678151733578_n

Hytta i Sirdalen frå 2019:

IMG_9616

Macen til pappa:

DSCN8694

Racerbil:

DSC_0043

DSCN7231

Arkitektkonkurranse i pepperkake for den nye vitenfabrikken. «Trekanten» fekk ikkje førstepris, men ein eller annan pris vart det:

a23-9

a23-10

Foto: Torbjørn Moe Eggebø/Helga Eggebø og Ingvar Eggebø.

Meir galskap og moro frå Eggebøklanen anno 1990-talet: Søskenbarntur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

september 24th, 2021

Tematisk analyse i praksis

Då eg tok doktorgrad for ti års tid sidan hugsar eg at eg syns det var veldig kjekt med datainnsamling. […]

september 6th, 2021

Ripskaka til Lindis

I går var heile familien ute på sopptur. (Ja, du las rett. Det var sopp og ikkje rips som var […]

september 1st, 2021

Collective qualitative analysis

As a PhD-candidate, I remember feeling overwhelmed, baffeled and alone – almost in panic – the day I had finished […]

august 24th, 2021

Levekår blant skeive

Hvordan er levekårene til skeive i Norge i dag sammenliknet med levekårene til heterofile og cispersoner? Dette spørsmålet finner du […]

august 19th, 2021

Fjorden, fjellet og folka – om å bli gamal i Steigen og Tana

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

juni 9th, 2021

På jobb kan eg gå på do åleine

I dag er første dag på jobb etter foreldrepermisjon. Ungen byrja i barnehagen i dag, og eg sit framføre datamaskinen […]

februar 24th, 2021

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det […]

februar 16th, 2021

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på […]

februar 16th, 2021

Heving av botidskravet for permanent opphold truer rettsstaten

7. desember 2020 vedtok Stortinget at botidskravet for permanent oppholdstillatelse heves fra 3 til 5 år, med umiddelbar virkning. Denne […]

desember 23rd, 2020

Pepperkakespesial 2020

Alle i heile verda er vel samde om at det er ein ting som har sett sitt preg på 2020, […]