Perlemorskyer

På nyttårsaften kunne ein observera eit sjeldan og vakkert fenomen på himmelen over Steigen: Perlemorskyer.     Perlemor 7

Sola er under horisonten og skin på desse skyene av iskrystallar. Lyset bryt i isen og danner eit fargespekter som liknar det ein kan sjå på innsida av skjell. Derfor namnet perlemorskyer.

Perlemor 6

Perlemorskyene oppstår i stratosfæren. Vanlegvis er der så tørt at der ikkje oppstår skyer. Skyene ligg vanlegvis i troposfæren.

Perlemor 1

Men nokon gonger, når der blæs sterk vind over ei fjellkjede, så oppstår ei vindbølge som kan forplanta seg heilt til stratosfæren. På toppen av bølga, høgt oppe i stratosfæren, er lufta så avkjølt at vatnet kondenserer og skaper ei tynt skylag.

Perlemor 3

Perlemorskyer er vanlegast om vinteren og her nord.

Perlemor 4

Det kan vera freistande å tolka dette sjelden fenomenet som eit godt teikn for 2017!

Kjelde: Et fargespill på himmelen og Perlemorskyer.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content