List

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til fagfellevurdering og 2) å skriva fagfellevurderingar. I dag er eg invitert for å innleia til diskusjon om fagfelleprosessar på ei samling for Museumsprogram for forskning.

I den faste gjestespalta mi i Forskningsforum har eg skrive fleire stykkje om mine erfaringar med og synspunkt på fagfellevurderingsprosessar:

Men la meg byrja ein annan stad enn i erfaringane. Kva er føremålet med fagfellevurdering?

  1. Portvaktfunksjon: Sikra at forskingsarbeid som ikkje fyller vitskapelege krav ikkje blir publisert.
  2. Auka kvaliteten: Bidra til at den forskinga som blir publisert held høgast mogleg kvalitet.

La meg også seia to ord om det reint praktiske før me går i gang for alvor: Dei av oss som vil publisera i vitskapelege tidsskrift sender eit manuskript inn til vurdering. Dette gjer ein gjennom den aktuelle nettportalen eller på e-post, alt etter kva tidsskriftet legg opp til. Det er viktig å følgja forfattarinstruksane nøye, elles får ein vanlegvis manuskriptet i retur på direkten. Etter at teksten er sendt inn byrjar ventetida. I første omgang vurderer redaksjonen om manuskriptet er interessant nok for tidsskriftet til at dei vil senda det til fagfellevurdering. Dersom dei avgjer at det ikkje er det får du avslag allereie på desken. Dette blir på engelsk gjerne kalla «desk reject». (Det er mykje engelsk sjargong i denne bransjen). Slik avvising plar gå ganske fort – eg fekk eit slik avslag natta etter at eg sendte inn – men det kan også skje etter til dømes seks sure veker med venting. Dersom redaksjonen sender manuset til fagfellevurdering går det vanlegvis til to forskjellige fagfellar, deretter tilbake til redaksjonen som gjer si vurdering og informerer forfattaren om deira avgjerd og fagfellane sine kommentarar. Eg har venta alt frå 6 veker til 9 månader på tilbakemeldinga.

Avgjerdene kjem gjerne i kategoriane

  1. «Reject»
  2. «Major revision»
  3. «Minor revisions»
  4. «Accept».

Fleire av dei fagfellevurderingsprosessane eg har vore gjennom har vore ganske kjipe – for å seia det mildt – og vore vanskeleg å handtera. Eg gløymer aldri den andre artikkelen i doktorgraden min: Etter eit halvt år med venting fekk eg følgjande tilbakemelding: Fagfellen hadde blitt SÅ entusiastisk då ho las kva manuskriptet handla om, men då ho hadde lese det vart ho frykteleg skuffa! Deretter følgde ei eviglang liste med alt som var gale med artikkelen. Altså, eg hadde greidd å finne eit spennande tema, men alt arbeidet eg hadde gjort var elendig!

Eg ante ikkje korleis eg skulle handtera kritikken og løysa problemet. Eg gjekk fullstendig i kjellaren og det saug all energi ut av meg. Prosessen førde med seg mykje vondt i kroppen, søvnlause netter, fortviling og hardt arbeid. Men det enda på sett og vis godt: Då fagfellen las det reviderte manuskriptet vart ho superentusastisk, ba om at det vart akseptert og ville til og med avsløra identiteten sin for å kunne melda tilbake til meg kor strålande ho syns dette var. Seinare har ho ved fleire høve invitert meg til å vera med på workshopar om familieinnvandring, som er det artikkelen handla om.

Då eg var ferdig med doktorgraden og hadde jobba fleire år som forskar trudde eg at eg var kome over det å ta kritikken så tungt som eg gjorde den gongen. Men den gong ei! Etter å ha fått avslag i to tidsskrift fekk eg til slutt – etter ni månader venting – følgjande tilbakemelding frå fagfellen i det tredje tidsskriftet: Studia var interessant, men manuskriptet fullt av «serious flaws». Det vart ein ny runde med vondt i kroppen, søvnlause netter, desperasjon og hardt arbeid.

Eg vil tru det er litt forskjell på korleis me opplever og handterer kritikk. Eg veit om fleire som er raske til å stempla fagfellen og redaksjonen som idiotar når dei får kritikk, som står sterkt i trua på at dei sjølv har rett i at eige arbeidet er strålande og som gjer absolutt minst mogleg endringar før dei sender inn på nytt. Sjølv har eg ein tendens til å ta kritikk tungt, og i alle høve ta han svært alvorleg og gjera ein grundig jobb i revisjonsprosessen. Det beste hadde kanskje vore å gjera noko midt i mellom, men for min del trur eg eigentleg eg berre må akseptera og leva med at desse prosessane påverkar meg veldig. «Du må ikkje det personleg», er ei frase eg har høyr mange gonger. Det er ofte meint som trøyst, men eg syns det er tullsnakk. Sjølvsagt er det personleg! Det er arbeidet mitt som eg legg svært mykje av min identitet og sjølvkjensle i. Ikkje kom å seia at kritikk ikkje er personleg, sjølv om fagfellen er aldri så anonym!

Heldigvis har eg også erfaring med vurderingsprosessar som har vore nyttige, inspirerande og gjeve energi og glede til skrivearbeidet. Artikkelen «Kollektiv kvalitativ analyse» som kom ut i år, er eit slik døme: Her hadde begge fagfellane først skrive kva som var verdifullt med arbeidet eg hadde gjort. Deretter peika dei på overordna problem med teksten, og kom med konkrete forslag til løysingar. Til slutt lista dei opp punkt i teksten som burde rettast opp eller presiserast. Revisjonsarbeidet vart usedvanleg enkelt. Ikkje fordi kritikken ikkje var både omfattande og utfordrande, for det var han. Men eg opplevde det som ei spennande utfordring. Eg følte meg anerkjent og det gav energi til arbeidet.

Når eg skriv fagfellevurderingar sjølv plar eg skriva teksten ut og skribla i margen medan eg les. Det hender rett som det er at eg blir irritert, og kan koma til å skriva «??!», «kva meiner du her?!» eller «eg kjøper det ikkje» i margen. Men sånt går det ikkje an å senda frå seg, så eg legg frå meg teksten og gjer noko anna. Når eg så set meg ned og skriv tilbakemeldingar, spør eg: «Kva er bra med dette forskingsarbeidet?» Når eg først byrjar i den enden, er det som regel ikkje vanskeleg å finna noko som er bra, nesten uansett kor irritert eg først vart. Dersom eg syns teksten er sjanselaus og slit med å finna noko positivt å seia, så plar eg starta med å skriva kva artikkelen handlar om og kva forfattaren har gjort. Det er anerkjenning i å bli lest og høyrd. Kanskje legg eg til at prosjektet er interessant eller at data er interessante/viktige og at det heile har eit «potensiale», eller noko liknande. Eg prøver i alle høve å droppa ord som «eg vart skuffa» eller «serious flaws». Deretter spør eg: «Kva kan eg bidra med for at denne teksten skal bli betre, gitt det som er forfattaren sitt prosjekt?» Eg prøver å formulera nokre overordna innvendingar og konkrete forslag til løysing. Men som ein fagfelle skreiv til meg: Vurderinga av kva som er den beste løysinga, «overlater jeg til forfatteren.» Uansett om eg tilrår at teksten skal avvisast eller reviderast, så prøver eg å skriva noko eg trur kan vera til nytte for forfattaren. Det er ikkje sikkert at forfattaren vil oppleva kritikken slik han er tenkt. I nokre tilfelle vil det kanskje svi skikkeleg sjølv om eg prøver å godt eg kan å vera nøktern og konstruktiv. I andre tilfelle vil forfattaren kanskje avfeia det heile med at eg er ein idiot, eller ta den forsøksvis konstruktive og positive tonen som eit teikn på sin eigen fortreffeligheit. Vel, vel. Ein får berre prøva så godt ein kan.

Mitt generelle inntrykk av akademia er dessverre at fagfellekritikk – særleg den anonyme – ber litt for ofte preg av at fagfellen vart sur då hen las teksten og usensurert vidareformidlar dette til forfattaren. Nokon auser ut av seg overordna slakt, plukkar på detaljar, rir eigne kjepphestar og krydrar med syrlege merknader. Det er kjipt å ta imot slik kritikk, og sjeldan særleg til hjelp i skriveprosessen. Eg syns ikkje det er ein god måte å forvalta sitt ansvar som portvakt og kvalitetssikrar.

Knusande kritikk framkallar naturleg nok vonde kjensler av å vera udugeleg og verdilaus, eller irritasjon og sinne over fagfellen eller rettleiaren. Slike negative kjensler sluker energi i staden for å gje energi til arbeidet. Prinsippet om anonyme vurderingar gjer det lettare å koma med slik kritikk, fordi du ikkje skjemmer namnet ditt når du gjer ein dårleg jobb. Det liknar litt på diskusjonar på internett: Tonen blir styggare når folk ikkje må signera med fullt namn. Eg lurer derfor på om fagfellevurderingar kanskje ikkje bør vera anonyme? Uansett har tidsskrifta og redaktørane eit ansvar for å sørgja føre ein sakleg og konstruktiv tone. Fleire tidsskrift har gode retningslinjer der dei gjev tydelege beskjedar om å halda ein sakleg tone, ikkje ri eigne kjepphestar, lesa manuset på eigne premiss, koma med best mogleg forslag til betringar og ikkje minst skriva kva som er bra med teksten. Det siste der syns eg er eit hovudpoeng: Det er heilt klårt rom for meir ros i akademia. Ikkje berre for å sukra pillen, men fordi det er viktig å få tydeleg tilbakemelding om kva som er bra når ein skal revidera ein tekst. Kombinert med sakleg kritikk gjev ros retning til revisjonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

november 11th, 2020

No er me her igjen og tida mellom virkar så kort

No er me her igjen. Landet – og mykje av livet – er stengt ned, stengt inne, stengt. Plutseleg virkar […]

oktober 30th, 2020

Portvakt og kvalitetssikrar – om fagfellevurderingar i akademia

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til […]

oktober 9th, 2020

Glede og demens

Demens er ein av dei sjukdommane me er mest redde for. Det er ikkje så rart. Dei av oss som […]

oktober 9th, 2020

Mer midlertidighet for innvandrere

Viktige endringer i integreringsloven og statsborgerloven skal behandles i Stortinget i oktober. Et omdiskutert punkt er innføring av bestått språktest på såkalt B1-nivå for […]

september 29th, 2020

Annes metode

Det heile byrja med at eg kom over boka Eltefri bakst i sommar. Eller forresten, det byrja vel då eg […]

september 24th, 2020

Kva veit me om klima og likestilling?

Norsk likestillingspolitikk er basert på likestillingsintegrering – det vil seia at eit kjønnsperspektiv skal integrerast på alle politikkområde. I denne […]

juni 15th, 2020

Koronakompatibelt kollektivt skriveseminar

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar og organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» […]

mars 19th, 2020

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer […]

mars 13th, 2020

Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, […]

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]