Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på grunn av koronaen. Eg var redd dei vekene før fødselen, for korleis dette skulle gå, men prøvde å halda roen. 2020 var eit vanskeleg år, men eg skal ikkje dvela meir ved det her. Dette innlegget skal handla om det som var bra det året, trass alt. Frå slutten av april og ut over hadde eg ein heilt prima periode med foreldreperm!

93910150_2581089851991521_7713086111936937984_n

Det byrja den dagen barnehagen opna igjen og Ingeborg og eg fekk huset for oss sjølv. Kaffi, avis og kanelbolle i ro og fred medan ho sov i vogga, og så gjekk det ikkje lenge før eg var klar for å koma meg ut på tur.

20200507_113409

Først farta me rundt i fjøresteinane i kaldt og litt varierande vêr, medan våren sto i stampe og venta på varmare tider.

20200507_113351

Salten Friluftsråd står bak ei fin turside med gode tips, og ettersom snøen låg tjukk få høgdemeter frå flomålet tok eg føre meg “fjæreturer”.

20200507_122923

Eg hamna fleire gonger ute på den vakre Straumøya som ligg rett over fjorden frå oss, og oppdaga nye moglegheiter der ute.

20200507_121739

Ingeborg og eg hadde mange fine turar både i vår og i haust, men dei finaste turane delte med med gode folk. Lukka på jord i 2019 var at min gode gamle venn Hanna flytta til Bodø, og skjebnen ville det sånn at me har fått hatt mykje av permisjonstida i lag med kvar vår fantastiske unge.

20200610_132355

Medan me farta rundt på alle dei vakre stadene som området rundt Bodø byr på, så kom også våren!

20200610_144715

Ungane har ikkje uttrykt særleg misnøye med at mødrene ville ut på tur både tidt og ofte. Dei hang der i bæreselar og bæresjal, og Ingeborg syns eigentleg det var nokså unødvendig å bli vekt med ammepause. Men litt pause måtte med ha, mellom anna for å få oss ein frisk dukkert i det iskalde badevatnet på biletet over.

20200526_095144

I tillegg til Hanna dukka det også opp andre bra folk som vart med på tur. Min kjære Katrine, til dømes. Me fekk oss eit par veldig fine turar i Valnesfjord den veka ho var i området.

IMG_0993

Takk for turen, Katrine!

IMG_1006

Det har blitt fjæretur, topptur, sopptur, blåbærtur, bringebærplukketur, skogstur, trilletur og ein og annan cafétur. Av ein eller annan grunn syns eg permisjon har vore mykje kjekkare denne gongen enn sist. Eg hadde fine folk å gå på tur med då også, men eg hugsar permisjonen i 2017 som både slitsam og kjedeleg. Forklaringa kan vera at eg sov mykje dårlegare på nettene då.

20201001_124504

Eg er utruleg takksam for alle dei fine dagane Ingeborg og eg har fått ute i det året som gjekk, og veldig glad for at eg har så mange fine folk i livet mitt som eg har fått dela fleire av dei dagane med!

20201113_141548

No har det seg sånn at eg har fått meg nokre veker til med permisjon no i 2021, rett før Ingeborg byrjar i barnehagen. Den soga skal trufaste lesarar frå høyra om snart.

Foto: Helga Eggebø.

 

 

 

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content