Steigen og eg

I dag på denne dagen er det nøyaktig 2 år sidan eg første gongen sette mine bein i Steigen. Det var kjærleik ved første blikk og forholdet ser ut til å vara. 

Dette hadde seg sånn at eg var lei av jobben i direktoratet og ganske lei av å måtta køyra i timesvis ut av Oslo sentrum for å koma meg på fjellet. Eg var fri og frank og open for nye eventyr.

I lag med gamlejobben og kollegane der skulle eg på jobbtur til KUN i Steigen. Skal eg på møte i Praha, Amsterdam eller andre storbyar er eg ikkje lengre særleg gira på å bli verande der ei frihelg. Eg har vore der før. Men no når me skulle nordover stilte saka seg heilt annleis: Eg skulle sjølvsagt ikkje reisa sørover på fredagen, men bli i Steigen til søndag.

Me landa i Bodø på ein strålande vakker finvêrsdag. Det var framleis kaldt i lufta, men i solveggen på bryggerikaia var det stemning for utepils medan me venta på båten.

Eg stakk innom hurtigbåtkaia for å kjøpa ein billett, først som sist. “Til Steigen”, erklærte eg i skranken. “Kor i Steigen?” spurde ho tilbake. Kor i Steigen? Kva spørsmål var det? Kunne denne utkantkommunen bestå av så mange stader då? Nordfold? sa eg spørjande, utan at det hjelpte. Eg vart nøydd til å ringa sjefen og spør kor i alle dagar me skulle ta båten til.

«Dette må vera den vakraste staden på jorda!» Orda berre glapp ut av meg då eg – frå øverste dekket på hurtigbåten – for første gang skuva ut over skjærgården i Helnessund. Innseilinga til Helnessund er magisk. Hundrevis av holmar og skjær omkrinsar sørsida av Leines. Kvar einaste holme inviterer gjestmildt på besøk. Korallkvite strendene og sandbotnen fargar det krystallklåre havet grønt og turkis. Ei eldre kvinne tok seg bryet med å svara på utbrotet mitt: “Det stæmme de, og æ bor hær!”

Me køyrde drosje på den smale vegen frå Helnessund til Norfold. Pittoreske nordlandshus langs vegen. Grøne enger heilt ned til flomålet. Fjorden og utsikt over Skottindane. Utsikta i Norfold tok pusten frå meg. Heldalsisen glenser strålande på toppen av fjellrekka. Sola speglar seg i fjorden. Er det mogleg!

KUN viste seg å vera fyllt med livlege, dyktige og morosame damer. Spennande prosjekt, og god stemning under middagen. Eg veit ikkje kven av oss som føreslo det, men ikkje før var middagen eten så sprang Maria og eg utover i fjæra for å ta eit vårbad i havet.

Dagen etter, då møtet var slutt, hadde eg gjort ein avtale med Mari Wattum om å låna kajakken hennar for å ta meg ein tur. På oppfordring frå Mari Aarbakke tok eg mot til meg og ymta frampå om dei kanskje kunne tenkja seg å tilsetta meg her på KUN, moglegvis? Det kunne forsåvidt passa fint, meinte Mari og lova å koma tilbake til saka.

Resten av helga var fylt av opplevingar og spenning. Agnar – ein god ven av meg i Oslo – var på besøk hjå faren i Nordfold. I lag med Agnar og Kjersti var eg på fisketur i den lyse vårnatta, og gomla i oss nytrekt torsk i 2-3 tida på morgonen. Me var ei rekke turar med pram over til Hjartøya for å senda villsau og lam på sommarferie. Me var også ein tur oppe i Skarbua og skuva ut over Leines. Og heile tida var den spennande tanken der: tenk om eg skal bu her!

Då eg stod på kaia og venta på båten søndag kveld tenkte eg tanken igjen: tenk om det blir slik at neste gong eg står her, så er dette mitt nye land! Og resten av soga er kjenner de. Men la meg friska opp minnet med eit lite potpurri direkte frå distriktet:

7 thoughts on “Steigen og eg”

  1. Kjell Fredriksen

    Jeg leser alltid din blogg med velbehag; originale synsvinkler og et ledig språk som attpåtil er nynorsk. Mer, mer, mer, please!

  2. Ingjerd Doren Sagfjord

    Malerisk og flott beskrivelse fra plassen hvor jeg vokste opp , Helnessund <3

  3. Pingback: Tilbakeblikk 2016 - Helga EggebøHelga Eggebø

  4. Denne Steigen turen har virkelig endret livet ditt. Det var utrolig kjekt å lese. Men årene dine begynner å gå i surr- det må vel være tre år siden du dro til Steigen første gang

  5. Det går ikkje i surr, nei. Eg nytta høve til å republisera innlegget eg skreiv i fjor, skjønar du. Ei god historie kan ein fortelja omatt!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content