List

I 2015 lanserte den blåblå regjeringa sin likestillingspolitikk, i form av meldinga Likestilling i praksis. Her slo dei fast at der er store likestillingsutfordringar i utdanning, arbeidsliv og familieliv, og når det gjeld rettstryggleik, trakassering og vald. Men i praksis ville dei ikkje gjera noko med det. Meldinga var legendarisk tannlaus – full av ulne og uforpliktande formuleringar. I den grad der i det heile var tiltak i meldinga, var det ting regjeringa hadde tenkt å gjera uansett, av heilt andre grunnar enn likestilling.

Faktagrunnlaget i meldinga til regjeringa var basert på rapportane til det regjeringsoppnemnte Likestillingsutvalet, leda av professor Hege Skjeie. Men dei konkrete tiltaka – store og langvarige satsingar for likestilling i arbeidsliv, utdanning og familieliv, for rettstryggleik og mot trakassering og vald – vart ikkje følgd opp.

Eit døme er det kjønnssegregerte arbeidslivet i Noreg. Her har utviklinga stått så godt som på staden kvil dei siste 20 åra. Dette heng saman med tradisjonelle utdanningsval. Derfor føreslo Likestillingsutvalet ei tiårig landsdekkande pedagogisk satsing for likestilling i skule og barnehage og utdanningsstipend for elevar og studentar som vel utradisjonelt. For ei regjering som vektlegg økonomiske insentiv heller enn ”påbud, forbud og kvotering”, burde utdanningsstipend vera eit godt verkemiddel. Men regjeringa følgde ikkje opp.

Et anna døme er seksuell trakassering. Forskinga viser at seksuell trakassering er eit stort problem innanfor arbeidslivet, på vidaregåande skule, i idretten og i sosiale media. Dette rammer særleg unge kvinner, men også menn. Det er ei alvorleg likestillingsutfordring som verken denne eller den førre regjeringa har vist vilje til å gjera noko med. Det som trengst er ei langsiktig satsing på førebyggande arbeid, særleg blant barn og unge i skulen. Dessutan må det gjerast noko med den totale mangelen på rettstryggleik for dei som blir ramma av seksuell trakassering.

Diskrimineringslovverket forbyr seksuell trakassering. Trakassering på grunn av kjønn, etnisitet, seksuell orientering og funksjonsevne er også forbode. Men i motsetnad til dei andre trakasseringsforboda, er seksuell trakassering unntatt handheving. Dei utsette kan altså ikkje ta saka til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Dei må eventuelt sjølv bæra den økonomiske risikoen med å ta saka til retten. Det er det forståeleg nok ingen som tek sjansen på. Berre 6 saker har vore oppe i retten mellom 2002 og 2013.

Kort oppsummert kan ein slå fast at regjeringa har vist mangel på gjennomføringskraft og vilje til å leggja pengar på fordet for å løysa dei store likestillingsutfordringane innanfor arbeid, utdanning, familieliv, vald og trakassering. Dei har ikkje vore villige til å leggja ei kalori eller ei krone i å satsa på ”likestilling i praksis”, som det stod i tittelen på meldinga deira.

På denne måten skil ikkje denne regjeringa seg nemneverdig frå den førre. Heller ikkje dei raudgrøne viste vilje til store og viktige likestillingspolitiske satsingar i si Stortingsmelding Likestilling kommer ikkje av seg selv. Heller ikkje dei viste vilje til å endra den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, leggja til rette for utradisjonelle utdanningsval eller driva driva førebygging og styrka rettstryggleik når det gjeld seksuell trakassering.

Berre ein ting skal Likestillingsminister Solveig Horne ha. Ho har fått til ein ting som dei forgjengarane hennar ikkje fekk til. Ho har sørgja føre at det skal straffa seg å driva med kjønnsdiskriminering i arbeidslivet. Likestillingsnemnda har nemleg fått mandat til å gje økonomisk oppreising for diskriminering i arbeidslivet. Dette styrkar rettstryggleiken. Det er heilt klart eit likestillingspolitisk framsteg.

Men medan likestillingsministeren har styrka rettsvernet mot diskriminering i arbeidslivet, er kvinners rettssituasjon på andre område blitt betydeleg forverra. Eit døme er innvandrarkvinner som kjem til Noreg gjennom ekteskap. Minoritetskvinnerørsla har kjempa i over 40 år for at denne gruppa skal få sjølvstendig opphaldsløyve uavhengig av ekteskapet. Slik regelverket har vore fram til nå må ein venta i 3 år før ein slepp å bli kasta ut av landet ved skilsmisse. Frå og med i haust held det ikkje å venta i 3 år. Ein må i tillegg tena 238.784 kroner i året. Mange kvinner blir utsette for kontroll frå ektefellen og møter diskriminering, låg løn, deltidsarbeid og midlertidige kontraktar i arbeidslivet. Dei vil no bli avhengige av ektefellen og ekteskapet i all overskodeleg framtid. Dette er det store sviket mot minoritetskvinnene. Og dette har blitt innført utan offentleg politisk debatt.

Det likestillingspolitiske spørsmålet som derimot blir diskutert i offentlegheita er fedrekvota. No er det valkamp igjen, og tradisjonen tru er angrip AP Høgre for kutt i fedrekvoten. Det liten tvil om at fedrekvoten har bidratt til ein aldri så liten revolusjon i norske fedrar si omsorg for eigne ungar. Meir rettferdig fordeling av omsorgsarbeid og lønnsarbeid er viktig for likestilling mellom kjønna. Men når likestillingspolitikken – litt satt på spissen – blir redusert til krangling om pappaperm, så gløymer me at det må heilt andre ting til for å løysa dei store likestillingsutfordringane innanfor arbeidsliv, utdanning, familieliv og når det gjeld rettstryggleik og trakassering. Men det er dessverre lenge sidan noko regjering har satsa pengar og politisk prestisje på likestillingspolitikk anna enn fedrekvota.

Det me treng er ei regjering som legg betydelege summar på bordet og sett i gang langvarige og effektive tiltak for likestilling innanfor arbeidsliv, utdanning, familieliv og når det gjeld rettstryggleik og trakassering. Får me det valet?

Denne teksten vart først publisert av Klassekampen 4. september 2017.

Les også «Hamsterhjulet» – min kommentar då regjeringa si likestillingsmelding vart lansert i 2015.

Illustrasjonsbilde: Statsminister Erna Solberg, av Justis- og beredskapsdepartementet, (CC BY-ND 2.0).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

november 24th, 2019

Folkemord eller forbrytelser mot menneskeheten?

Korleis skal me laga eit internasjonalt rettsvern som på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging […]

november 18th, 2019

Sommarminner

Det er ingen eg har vore så mykje på tur i lag med som Eli og Katrine. Sommarens høgdepunkt var […]

november 5th, 2019

Revisjonssmerter

Etter ni månader venting og tre purringar dukka endeleg e-posten med det karakteristiske tittelfeltet – #JPOA-D-18-00047 – DECISION – opp […]

oktober 26th, 2019

Svangerskapskvalme må takast på alvor i helsevesenet

90 % av alle gravide blir kvalme, halvparten kastar opp og om lag 15 % blir alvorleg kvalme. Der finst […]

oktober 26th, 2019

Skrivetid saman

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. […]

oktober 12th, 2019

Nede for teljing

Eg har aldri før følt meg så sjuk som denne hausten. Eg har mest ikkje greidd å stå på beina. […]

juli 2nd, 2019

Omsorg og nypoteter

Stortinget har vedtatt en ambisiøs reform for norsk eldreomsorg – Leve hele livet. Her slås det fast at aktivitet og […]

juni 20th, 2019

Om molter og meininga med livet

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

juni 18th, 2019

Tematisk analyse – metodeartikkelen som løyser alt

For eit par månader sidan fann eg metodeartikkelen som løyser alle (eller i alle fall eitt av) mine problem: «Using thematic […]

juni 17th, 2019

Du kan aldri vera trygg – ny politikk for tilbakekall av flyktningstatus

16. mai kom Justisdepartmentet med ein ny innstruks til UDI som inneber ei drastisk endring av norsk asylpraksis. Dette har […]