List

Både heime, i barnehagen, på veg til jobb og ute går heile familien rundt i stillongs og ullskjorter. Magnus slit hol i det venstre kneet, eg i det høgre og Marius både litt her og litt der. I månadsvis har eg tenkt eg skulle reparera klede. Men først då holet på kneet var så stort at foten stort sett gjekk ut den vegen i stadenfor der han skal, vart tanken til handling.

IMG_8335

Eg har ein symaskin og eit syskrin som eg har arva av farmor. Det var dessutan ho som lærte meg å sy. Då eg var barn var eg som regel hjå farmor og farfar etter skuletid. Der lærte eg å brodera, strikka, sy på maskin, treskjering og dreiing. Farmor brukte å reparera ting, eller «vøla» som det heitte på hennar Storddialekt. «Kom skal farmor vøla», sa ho når noko var øydelagd, og så gjorde ho det.

Denne søndagen fann eg fram farmor sin gode gamle Berninamaskin, syskrinet og heile haugen av stillongsane med hol på knea. Eg tok den med det mest morosame mønsteret, klipte sund og laga lappar til å reparera dei andre med.

Farmor lærte meg å gjera ting nøye og fint. Først setja i nåler, så tråkla, så sy og til slutt fjerna tråkletråden. Eg innrømmer at eg ikkje tråkler så mykje, men berre trør pedalen i botn og tenkjer at resultatet er godt nok. Oransje saum på blått tøy – akkurat som på Kari Trå-longsen eg klipte sund – det var jo ganske stilig sjølv om saumen ikkje vart heilt perfekt og bein akkurat.

Med eit par timar over sybordet sparte eg miljøet og lommeboka for litt bruk og kast. Ull er kanskje ikkje like mykje av ein miljøversting som bomull, men dei plagga som er merka med 100 % merinoull har visstnok likevel eit tynt lag med mikroplast på overflata. Dette hindrar slitasje og krymping i vask, men fører til spreiing av mikroplast i vatn, hav og i næringskjeda.

Utan det eg har lært og arva av farmor Ingeborg Eggebø hadde eg kanskje ikkje gjort dette enkle og praktiske reparasjonsarbeidet. Og neste gong Magnus har hol på kneet kan eg seia som farmor: «Kom skal mamma vøla», og finna fram symaskinen igjen.

IMG_8347

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

april 1st, 2019

Rep-kolleksjon 2019

Både heime, i barnehagen, på veg til jobb og ute går heile familien rundt i stillongs og ullskjorter. Magnus slit […]

mars 24th, 2019

Endringskraft

40.000 barn og unge var i politisk streik på fredag. For miljøet, jorda og framtida vår, og mot politikarar som […]

mars 18th, 2019

Skrivetid

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. […]

mars 4th, 2019

Hytta i Beiarn

Familien til Marius har bygd ei fantastisk tømmerhytte i Beiarn – eit eldorado for skikøyring berre halvanna times køyring heimefrå. […]

januar 28th, 2019

Grande blir likestillingsminister og Ropstad sit igjen med pengesekken

Når likestillingspolitikken skal ut av departementet, sit Kjell Ingolf Ropstad igjen med heile pengesekken. Det er dei 30 milliardane – […]

januar 27th, 2019

To år

Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje […]

januar 17th, 2019

Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget […]

januar 10th, 2019

Go green, Norlandia!

Tidlegare denne veka skreiv eg om klimapolitikk nedanfrå, som ein metode for å kvitta seg med den pasifiserande klimaangsten og […]

januar 7th, 2019

Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var […]

desember 17th, 2018

Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene […]