Rep-kolleksjon 2019

Både heime, i barnehagen, på veg til jobb og ute går heile familien rundt i stillongs og ullskjorter. Magnus slit hol i det venstre kneet, eg i det høgre og Marius både litt her og litt der. I månadsvis har eg tenkt eg skulle reparera klede. Men først då holet på kneet var så stort at foten stort sett gjekk ut den vegen i stadenfor der han skal, vart tanken til handling.

IMG_8335

Eg har ein symaskin og eit syskrin som eg har arva av farmor. Det var dessutan ho som lærte meg å sy. Då eg var barn var eg som regel hjå farmor og farfar etter skuletid. Der lærte eg å brodera, strikka, sy på maskin, treskjering og dreiing. Farmor brukte å reparera ting, eller “vøla” som det heitte på hennar Storddialekt. “Kom skal farmor vøla”, sa ho når noko var øydelagd, og så gjorde ho det.

Denne søndagen fann eg fram farmor sin gode gamle Berninamaskin, syskrinet og heile haugen av stillongsane med hol på knea. Eg tok den med det mest morosame mønsteret, klipte sund og laga lappar til å reparera dei andre med.

Farmor lærte meg å gjera ting nøye og fint. Først setja i nåler, så tråkla, så sy og til slutt fjerna tråkletråden. Eg innrømmer at eg ikkje tråkler så mykje, men berre trør pedalen i botn og tenkjer at resultatet er godt nok. Oransje saum på blått tøy – akkurat som på Kari Trå-longsen eg klipte sund – det var jo ganske stilig sjølv om saumen ikkje vart heilt perfekt og bein akkurat.

Med eit par timar over sybordet sparte eg miljøet og lommeboka for litt bruk og kast. Ull er kanskje ikkje like mykje av ein miljøversting som bomull, men dei plagga som er merka med 100 % merinoull har visstnok likevel eit tynt lag med mikroplast på overflata. Dette hindrar slitasje og krymping i vask, men fører til spreiing av mikroplast i vatn, hav og i næringskjeda.

Utan det eg har lært og arva av farmor Ingeborg Eggebø hadde eg kanskje ikkje gjort dette enkle og praktiske reparasjonsarbeidet. Og neste gong Magnus har hol på kneet kan eg seia som farmor: “Kom skal mamma vøla”, og finna fram symaskinen igjen.

IMG_8347

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content