Ripskaka til Lindis

I går var heile familien ute på sopptur. (Ja, du las rett. Det var sopp og ikkje rips som var føremålet). Marius og eg, ungane og alle besteforeldra. Pappa hadde gjort nokre undersøkingar dagen før, så no visste me kor soppen var. Etter å ha traska rundt mellom granene og fyllt opp bøttene, kom Magnus og eg til utkanten av skogen i skjeringsfeltet mellom mark og lauvskog. Der stod det plutseleg eit ripstre.

Rips på tre?! Då eg såg nøyare etter viste det seg at ripsbusken hadde slått rot midt mellom ei rogn med fleire greiner og stammar. Der vaks ripsen høgt mot himmelen medan greinene kveila seg rundt rogna. Det er dei største ripsbæra eg har sett, og så absolutt dei mest høgthengande eg har vore borti. Bortsett frå at bæra var svært så søte til rips og vera, så skulle eg sagt som reven: “Høgt heng dei og sure er dei”.

Eg raspa med meg rips i pose og før Magnus var alt for lei av å venta forsvann me inn i skogen for å finna dei andre. Lunsjen i skogen vart ein fest etter Ingeborg sitt hjarte: Sjokolade og bær. Brødskiva med leverpostei var ho ikkje særleg interessert i etter at ho hadde nappa av og knaska i seg dei sure agurkane.

På veg heim frå turen kom eg til å tenkja på kaka som Lindis – min kollega i Steigen – baka til oss ein gong. Det var jammen ein av dei beste kakene eg har smaka, meinte eg å hugsa. Magnus og mamma baka kaka etter ei oppskrift eg kunne spa opp frå hukommenlsen. Lindis skal ha æra, men ikkje ansvar for eventuelle svikt i min hukommelse. Er er oppskrifta:

Oppskrift på ripskake

  • Smelt smør og sukker i ei panne og tilsett rips. Kok dette til ein deilig syltetøysirup.
  • Ha blandinga i ei eldfast from, muffinsformer eller liknande. Dersom du har ei panne du kan ta av handtaket på og setja i steikeovnen, så kan du berre la bæra ligga i panna.
  • Lag røre til sukkerbotn. Her er nettet fullt av oppskrifter. Slike grunnoppskrifter kjem i to variantar:
    • Lag eggedosis og tilsett mjøl og bakepulver. Eller:
    • Pisk smør og sukker kvitt, tilsett egg, mjøl og bakepulver.
  • Hell røra forsiktig over bæra og steik i ovnen.
  • Når kaka (eller muffinsane) er ferdig steikt snur du kaka over på kakefat slik at ripsen blir liggande på toppen og trekka inn i kaka.

Kaka var veldig god i går, og eg reknar med at ho er endå betre i dag når ripsen verkeleg har fått sett seg i sukkerbrødet. Bon appetitt!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content