Sex, politikk og rettstryggleik

Mangel på rettsvern for valdtektsutsette fører til heftig debatt. Mangelen på rettsvern mot seksuell trakassering går under radaren. Politiske tiltak er mangelvare på begge frontar.

Denne hausten har fleire valdtektssaker tydeleggjort mangelen på rettsvern på dette området. I Bergen tingrett og Borgarting lagmannsrett er dei mistenkte frikjente for valdtekt i saker der sterke bevis peiker i retning av domfelling. Som i dei fleste valdtektssaker nekta ikkje tiltalte for at seksuell omgang hadde skjedd, men hevda det var frivillig.  Som i dei fleste valdtektssaker var vurderingar av truverdet til tiltalte og fornærma avgjerande for saka. Som i dei fleste valdtektssaker vart det ingen fellande dom.

Sakene har fått mykje merksemd i nyhendebildet, men bildet sakene teiknar av rettsstaten Noreg er ikkje er nytt: Det er ti år sidan Riksadvokaten granska kvaliteten på den rettslege handsaminga av valdtektssaker. Bakgrunnen var at ein påfallande stor del av sakene vart lagde vekk eller enda med frifinning.

Granskinga viste at det er lett for tiltalte å koma med påstandar som gjer at retten blir i tvil om det har skjedd ei valdtekt. Moralske vurderingar av offeret og hennar handlingar står ofte sentralt i bevisvurderinga. Til dømes: «en ordentlig jente blir ikke igjen slik» og «den tøtta der visste hva hun gikk til». Rettens medlemmar uttrykker gjerne stor sympati for den tiltalte, til dømes «synd å måtte dømme slike gutter» og «den kjekke gutten som får livet sitt ødelagt hvis han dømmes».

Riksadvokaten slo fast at det er i Noreg i dag er liten fare for å bli stilt strafferettsleg til ansvar for valdtekt, og at det er eit stort potensiale for å betra kvaliteten på etterforsking og påtale. Sagt på ein annan måte: det er nokså risikofritt å valdta, og politiet og domstolen gjer ikkje godt nok arbeid. Ein slik situasjon er ikkje ein rettsstat verdig. Men nesten ti år etter denne konklusjonen er lite endra.

Seksuell trakassering og valdtekt er seksuelle grensekrenkingar i kvar sin ende av skalaen. Valdtekt er ei straffesak, medan seksuell trakassering høyrer under sivilrettens område. Men som professor Hege Skjeie skreiv i DN i fjor: Svakt rettsvern er ein tydeleg fellesnemnar.

Seksuell trakassering er svært vanleg, både på skulen, i idretten og i arbeidslivet. Statistikken viser at 13 prosent av kvinnene og 2 prosent av mennene mellom 17 og 24 år rapporterer om seksuell trakassering på jobben. Likevel blir svært få saker rapportert, og det skal svært mykje til for å bli stilt til ansvar for seksuell trakassering.

Problemet er, akkurat som i valdtektssakene, at det er vanskeleg å bevisa at seksuell trakassering har skjedd. Der er sjeldan vitne eller bevis. Spørsmålet bir då kven retten meiner har den mest truverdige forklaringa. Som i valdtektssakene vurderer retten om den skulda sa tydeleg ifrå, og den skulda skjønte at den utsette opplevde situasjonen som krenkande.

Ein annan fellesnemnar er at ein tilsynelatande er meir uroa over konsekvensane for den som bli skulda (”synd å dømme slike gutter”) enn av rettsvernet til den som blir utsett. Departementet har i fleire rundar hevda at «mange vil oppleve det som svært stigmatiserende å få en påstand om seksuell trakassering rettet mot seg». Dette er bakgrunnen for at Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) oppsiktsvekkande nok ikkje har mandat til å handheva forbodet mot seksuell trakassering. Dette er pussig, ettersom dei handhever dei andre trakasseringsforboda.

Når LDO ikkje kan ta saka, er domstolen det einaste alternativet. Erfarne advokatar på feltet meiner at det rett og slett er for risikabelt. Sjansen for å vinna er liten, og risikoen for å måtta betala saksomkostningane er stor. Ikkje rart at berre seks saker er ført for retten mellom 2002 og 2013.

Både valdtekt og seksuell trakassering er utbreitt og har alvorlege konsekvensar for dei utsette og for samfunnet. Det er godt dokumentert at dei utsette i realiteten har liten tilgang til rett. Likevel viser både likestillingsministeren og justisministeren liten vilje eller evne til å få gjort noko med situasjonen. Justisministeren har sendt nokre signal til politiet, men seier han framleis har full tillit til legdommarane si bevisvurdering og avviser at det skulle vera aktuelt å gjera systemendringar. Likestillingsministeren fremjar i desse dagar lovforslag om å styrka rettsvernet mot diskriminering. Ho kunne rydda opp i det manglande rettsvernet mot seksuell trakassering i same slengen. Men det vil ho ikkje, og seier seg tilsynelatande nøgd med status quo. Valdtektsdebatt er viktig, men prat utan politikk endrar ingenting.

Teksten vart først trykt i Bergens Tidene, 10. november 2016.

Illustrasjonsfoto: Solveig Horne av Peace Research Institute, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Les også:

 

2 thoughts on “Sex, politikk og rettstryggleik”

  1. Pingback: Rettsvern mot trakassering - Helga Eggebø

  2. Pingback: Vi overser den seksuelle trakasseringen menn utsettes for - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content