List

I dag arrangerer Venstre si Stortingsgruppe ei «skeiv minihøyring». Her har dei invitert ekspertar og interesseorganisasjonar på feltet til å svara på blant anna desse spørsmåla:

  • På hvilke områder må LHBTIQ-personers rettigheter styrkes, og hvordan?
  • Hva er de største internasjonale utfordringene for skeive?
  • Hvordan kan vi gi LHBTIQ-personer et bedre tilpasset helsetilbud?
  • Hvordan bør vi implementere skeiv kompetanse i skolen og lærerutdanningen?
  • Hvilke typer diskriminering og fordommer mot skeive er mest utbredt, og hvordan bekjemper vi det på en mest mulig effektiv måte?

Venstre si Stortingsgruppe viser også til regjeringsplatformen som slår fast at regjeringa vil:

  •  Sikre LHBTIQ-personers rettigheter, bidra til åpenhet, aktivt motarbeide diskriminering og bidra til at kompetanse om denne gruppen kommer inn i rammeplanen til alle relevante utdannelsesløp.
  • Bedre seksualundervisningen i grunnskolen
  • Bekjempe rasisme, religiøs diskriminering, antisemittisme, sosial kontroll og fordommer basert på kjønn, seksuell identitet og etnisitet
  • Sørge for at Norge går foran internasjonalt for å fremme rettigheter for seksuelle minoriteter

Eg hadde glede av å delta i høyringa i dag og her er innlegget eg hold om hovudutfordringar og viktige politiske tiltak (det munnlege innlegget var ein noko kortare versjon):

Hovudutfordringar

Forskinga dokumenterer at utviklinga går i retning av gode levekår for lesbiske, homofile og bifile, og at stadig færre utviser negative haldningar mot lhbt-personar. Ei levekårsundersøking frå 2013 viste at 9 av 10 skeive opplever ikkje diskriminering på arbeidsplassen. Svært få rapporterer om vald og trugsmål, og førekomsten av sjølvmordsforsøk er kraftig redusert sidan 90-talet. Berre 4 prosent av kvinnene og 16 prosent av mennene i Noreg har negative haldningar til lesbiske og homofile.

Dei av oss som lever skeivt i Norge i dag lever altså stort sett gode liv, på lik linje med dei fleste streite. Men på den andre sida opplever mange skeive at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt likevel. Skeive ungdommar opplever meir mobbing enn andre ungdommar, og «homo» blir brukt som eit heilt alminneleg skjellsord. Blant skeive som har blitt utsett for vald og trugsmål, meiner mange at seksuell orientering eller kjønnsuttrykk var motivet for valden. Sjølv om de fleste har nokså positive haldningar til skeive, så uttrykker eit klart fleirtal av norske menn (62 prosent) motstand mot at to menn kysser på ein offentleg stad.

Erfaringar med mobbing, vald og negative haldningar kan vera ein del av årsaken til at dei av oss som lever skeivt er meir utsette for depresjon, angst, sjølvmordsforsøk og sjølvmord. Men ei like viktig forklaring kan vera at me framleis i eit samfunn der det å vera hetero blir sett på som det normale. Forskingsrapporten Skeiv på bygda illustrerer kva dette kan handla om: At seksualundervisninga på ungdomskulen som berre handlar om graviditet og vaginalsex mellom to personar av ulikt kjønn. Eller at du som 16-åring moter deg opp og fortel helsesystra på skulen at du er lesbisk, og blir møtt med telefonnummeret til Skeiv Ungdom i staden for ein open og lyttande vaksenperson. Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna. Er du open skeiv, så blir du tvungen til å gjera eit nummer ut av det. I forskingslitteraturen blir summen av slike erfaringar omtalt som ”minoritetsstress” og fagfolk meiner overrepresentasjonen av depresjon, angst, rusproblem og sjølvmordsforsøk blant lhbt-personar må fortolkast som eit resultat av minoritetsstress – det er ikkje berre uheldige tilfelle av fysisk vald og direkte diskriminering som skaper problem.

Ei felles utfordring for ulike grupper skeive, for eksempel einslege mindreårige asylsøkjarar, eldre skeive, skeive på bygda og skeive med innvandrarbakgrunn, er at ein gjerne møter velferdstenester og hjelpeapparat som tek utgangspunkt i hetroar sine erfaringar og utfordringar, og har lite kompetanse på kjønnsidenitet og seksuell orientering. Likevel får kjønn og seksualitet som fagemner svært liten plass i norske profesjonsutdanningar. Då blir det vanskeleg for helsearbeidarar og tilsette i skulen og andre som arbeider i førstelinja i velferdsstaten å sørgja føre ein inkluderande praksis.

Ulike grupper skeive

Forskinga viser at ulike grupper skeive opplever til dels forskjellige utfordringar som heng saman med til dømes bustad, alder, landbakgrunn, opphaldsstatus, religion og så bortetter. Når det gjeld skeive med innvandrarbakgrunn tyder eksisterande forsking på at skeive med innvandrarbakgrunn opplever meir diskriminering, vald og psykiske helseproblem enn skeive med majoritetsbakgrunn. Nokre studie har viste at skeive med innvandrarbakgrunn opplever homofobi i innvandrarmiljø og rasisme i dei skeive miljøa. Forsking på skeive flyktningar dokumenterer at dei av oss som søkjer asyl fordi ein blir forfølgd på grunn av seksuell orientering har utfordringar med å få asylsøknaden akseptert og opplever diskriminering, trugsmål og vald på asylmottak.

Forsking som fokuserer på skeive eldre viser at denne gruppa møter helse- og omsorgstenestene er prega av heteronormativitet og lite tilpassa skeive sine behov.  Skeive eldre kan også vera i ein særleg sårbar situasjon fordi ein har større sannsyn for å mangla familie, partnar og barn og dermed i ein del tilfelle ha lite tilgang på omsorg frå nære personar. På den andre sida er der eldre skeive som har nære vennenettverk som yter omsorg for kvarandre i like stor grad som familiemedlemmar.

Forskingsprosjektet skeiv på bygda viser at unge skeive i distriktsnorge opplever mange av dei same levekårsutfordringane som skeive i byar – slik som mobbing på ungdomskulen og manglande kompetanse og forståing blant lærarar og helsepersonell. Nokon sakna skeive fellesskap i form av organisasjonar, utestader og vennenettverk på staden der dei bur. Slike nettverk vil det nødvendigvis vera færre av på mindre stader. Andre opplever det som vanskeleg å bu i små og gjennomsiktige lokalssamfunn kor ein er redd for kva folk i bygda skal seia og tenkja dersom ein sjølv, eller nokon i familien, kjem ut som skeiv. Slik frykt for kva andre vil seia i eit miljø der alle kjenner alle er ikkje ulikt utfordringar nokon skeive møter i enkelte innvandrarmiljø.

To viktige politiske satsingar

Den første hovudutfordringa som må adresserast er mobbing, diskriminering og hat. Forskinga dokumentere at negative haldningar og kommentarar retta mot LHBT-personar er utbreitt i Noreg i dag, om enn i mindre grad enn tidlegare. Mobbeforskinga viser også at LHBT-ungdommar er meir utsette enn andre elevar, og homorelaterte skjellsord er svært vanleg. Rapporten «Alskens folk» viser at transpersonar er svært utsette for diskriminering, vald og trakassering på grunn av kjønnsidentitet. Hovudbildet frå den internasjonale forskinga på «LGBT hate crime», hatkriminalitet mot LHBT-personar, er at dei av oss som lever skeivt er utsett for betydeleg grad av hat. To tiltak er viktig i denne samanhengen: A) Systematisk satsing på å forebygge kjønnsbasert mobbing og seksuell trakassering i skolen. Dette er viktig for alle elevar, men særleg kritisk for dei som på ein aller annan måte bryt med normer for kjønn og seksualitet. B) Eit godt rettsvern og hjelpetilbod for skeive som blir utsette for vald i nære relasjonar, seksualisert vald, hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Parallelt er det naudsynt med eit systematisk arbeid mot diskriminering og hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Diskriminering og hat har ikkje berre konsekvensar for dei som sjølv blir ramma direkte. Homofobi påvirkar skeive si helse negativt, også utan at ein sjølv har vore direkte utsett.

Den andre hovudutfordringa som må adresserast er at tilsette i helsevesenet, skulane og i andre tenester og hjelpeapparat har stort sett ikkje lært særleg mykje om kjønn, kjønnsidentitet og seksuell orientering gjennom studieløpet. Det er derfor heilt nødvendig med ei systematisk og gjennomgåande satsing for å sikra at alle som arbeider med menneske i den norske velferdsstaten, anten det er fastlegar, psykologar, lærarar, barnevernstilsette, tilsette på valdtekstmottak eller asylmottak, har nødvendig kompetanse på kjønnsidentitet og seksuell orientering. I forskninga er der mange døme på folk som ikkje har blitt møtt med den kompetanse og forståing dei treng og har krav på. Dette gjeld for skeive generelt, men kanskje i endå større grad for dei av oss som er trans. Men forskinga viser også mange døme på fagfolk som har denne kompetansen og som møter skeive på ein god måte, og dette er utruleg viktig for levekår og livskvalitet. Å bli møtt av ein lyttande og støttande person som ser og anerkjenner dei utfordringane du opplever i livet ditt, som har tilstrekkeleg fagleg kompetanse til å sjå deg og gje deg den hjelpa du treng er viktig for oss alle, uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Det er viktig for skeive med innvandrarbakgrunn, skeive einslege asylsøkjarar, skeive eldre, skeive på bygda etc. Ulike grupper skeive møter ulike utfordringar, men eit gjennomgangstema er manglande forståing og kompetanse i offentlege tenester og hjelpeapparat. Det viktigaste offentlege myndigheiter kan gjera er derfor å integrera eit skeiv perspektiv i alle offentlege tenester og hjelpeapparat.

Illustrasjonsbilde: Gay Pride Parade Oslo 2008 av TOMOYOSHI, CC BY-NC-ND 2.0

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

mai 30th, 2018

Hver gang vi møtes

Det er 10 år sidan eg trefte Katrine Berg-Hansen og Eli Børve. Det skjedde på Cirkum Polare – eit halvårskurs […]

mai 29th, 2018

Family migration and integration

Restrictive measures on family migration, such as income requirements, pre-entry language and integration tests, and age limits, reduce the number of applications […]

mai 27th, 2018

Familieinnvandring og integrering

Over heile Europa blir omsynet til integrering brukt som eit argument for å stramma inn regelverket for familieinnvandring. Nye vilkår […]

mai 24th, 2018

Fedrekvote og andre meiningslause påfunn

Frps Jon Helgheim har fått mykje merksemd i dag fordi han har skrive på Facebook at «kjønnskvotering, fedrekvoter og andre […]

mai 12th, 2018

Me analyserer intervjudata

Denne veka har Elisabeth Stubberud og eg hatt workshop kor me har analysert intervjua frå det pågåande forskingsprosjektet «Queer Migrants […]

mai 5th, 2018

#UngIDag – likestillingsutfordringar blant barn og unge

Barne- og likestillingsministeren har sett ned eit nytt offentleg utval som skal undersøkja kva for likestillingsutfordringar barn og unge møter […]

april 30th, 2018

Hjemme best – for hvem?

Vi vet at mange eldre ønsker å bli boende i egen bolig så lenge som mulig når de eldes og svekkes. […]

april 24th, 2018

Går du nå, er du ikke lenger min datter

“Går du nå, er du ikke lenger min datter” er Anne Bitsch si historie om å voksa opp med ei […]

april 20th, 2018

Eg går og legge meg

Kvifor er det naudsynt å sova vekk så store delar av livet, klagar enkelte. Eg høyrer dessutan stadig vekk folk […]

april 6th, 2018

Fråvêrande fedre og valdelege søner

«Dersom gutter skal bli menn, men ikke voldsmenn, er det mye som taler for at fedre er viktige» skreiv pensjonert […]