List

Då eg var barn hadde eg lyst til å skriva. Ein gong på 80-talet, i god tid før eg vart sju år i alle fall, skreiv eg mi første bok. «Den lille rare» var tittelen på boka, og bestevenninna mi Gøril skreiv boka om «Den lille påskesjyllingen». Dei fleste minnene av dette trur eg må vera ting mamma har fortald. Men eg hugsar ein ting, og det var ei kjensle av forundring og frustrasjon over at bokryggen eg hadde laga til bokpermen av papp, vart liggande flatt som ein del av framsida. Kvifor vart det sånn? Eg hadde jo laga det akkurat som på dei ordentlege bøkene, tenkte eg, og forstod ikkje at eg mangla 400 sider på å få den bokryggen til å stå.

IMG_1999

På barneskulen likte eg godt å skriva. Eg meiner me pleidde å skriva til Frøken (som me kalla læraren på tidleg 90-tal!) om kva me hadde gjort i helga. Eg skreiv dagbok frå den sommaren me var på Grønland. Eg skreiv eit eventyr om miljøvern, med gjentaking og tretal som eventyr skal ha, og ein helt som redda dyr, plantar og menneske. Trugsmålet som menneskeskapte klimaendringar representerer var eit kjend problem på 90-talet også.

Den gongen skreiv eg fordi eg hadde lyst. Det er i alle fall slik eg hugsar det. Eg hadde lyst til å formidla historier til andre, og fantasien fekk strauma fritt gjennom blyanten og ned på arket.

På ungdomskulen ein gong var det noko som endrar seg. Eg trur det hadde med heildagsprøvar å gjera. På dei prøvane kunne me ofte velja mellom ei kreativ oppgåve og ei pensumrelatert oppgåve. Eg meiner å hugsa at tidspresset – ein måtte bli ferdig før skuledagen var slutt – fekk meg til å velja det pensumrelaterte framføre det kreative. Det kosta meg ikkje så mykje å gjenfortelja pensum etter hugsen. Det var ikkje akkurat ei kjensle av skrivelyst, men det var plankekøyring. Eg vart fort ferdig med slike oppgåver og heildagsprøven vart i praksis ein halvdagsprøve med god uttelling på karakterskalaen.

På vidaregåande køyrde eg same taktikk på prøvane. Eg skreiv og skreiv, men det var oppgulp heller enn skrivlyst. Men heldigvis var der også oppgåver som opna opp for skrivelysta: Særemne i norsk om Jens Bjørneboe, musikkmelding etter ein bra konsert og ei kunst og kulturhistorieoppgåve om impresjonisme i malerkunst og poesi. Det hadde eg lyst til å skriva om!

På universitetet var det stort sett ungdomskuletaktikken som gjaldt: Les godt, vreng ut av deg alt du hugsar på eksamen. Men det var vel ein og annan heimeeksamen som opna opp for ein meir tilfredsstillande skriveprosess.

På doktorgraden var det over og ut for skrivelysta. Einsemda, presset om å vera god nok og vissa om dommens dag (disputas) gjorde det heile ganske angstfylt. Det ukjende og rigide formatet som internasjonale artiklar skal ha vart ei skikkeleg tvangstrøye. Å skriva på engelsk gjorde ikkje saka betre. Fagfellevurderingane tok nesten knekken på heile meg, og i alle fall ei kvar lystkjensle knytt til det å skriva.

Etter doktorgraden ville eg derfor gjera noko anna enn akademia. Eg jobba ei stund som politisk rådgjevar på Stortinget. Raske talepunkt på éi side var ei forløysande fryd å skriva samanlikna med gnurete akademiske tekstar som ein aldri vart ferdig med.

Den sommaren eg flytta til Steigen – sommaren 2014 – oppretta eg ein blogg. Eller det vil seia, Ingvild Hunsrød oppretta han for meg og eg fylte han med innhald. Etterkvart blogga eg også for Maddam, og på KUN i Steigen skreiv eg massevis av kronikkar og formidlingstekstar som eg kosa meg med å skriva. Dei fleste av desse tekstane skreiv eg fordi eg hadde noko eg ville seia, fordi eg hadde lyst, med skrivelyst!

Med 300 bloggar og sikkert 50 kronikkar på samvitet har eg funne igjen skrivelysta som heildagsprøvar og doktorgraden gjorde sitt beste for å knusa. Skrivelysta frå desse tekstane har dessutan også smitta over på den akademiske skrivinga. For tida syns eg det er ganske så kjekt å skriva akademiske artiklar også, i alle fall når eg skriv fordi eg har noko eg vil seia heller enn å skriva for CVen og professoropprykket.

I tida som kjem vil eg skriva. Eg har lyst til å skriva. Eg har lyst til å skriva bloggar, kronikkar, konstruktive fagfellevurderingar og forskingsartiklar. Dessutan har eg lyst til å skriva ei sakprosabok om aldring og omsorg, ei bok som ikkje er fagfellevurdert, retta mot eit breiare publikum enn forskarar og som ikkje er verd noko som helst når eg neste gong søkjar ein jobb i akademia.

Eg tek med meg skrivelysta inn i 2021 og skal gjera det eg kan vor å ta vare på ho, auka ho og styrka ho. Takk til Ingvild Hunsrød som i 2014 oppmuntra meg til å blogga. Takk til alle trufaste og meir tilfeldige lesarar av bloggen. Det har gjort underverk for skrivelysta!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

februar 24th, 2021

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det […]

februar 16th, 2021

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på […]

februar 16th, 2021

Heving av botidskravet for permanent opphold truer rettsstaten

7. desember 2020 vedtok Stortinget at botidskravet for permanent oppholdstillatelse heves fra 3 til 5 år, med umiddelbar virkning. Denne […]

desember 23rd, 2020

Pepperkakespesial 2020

Alle i heile verda er vel samde om at det er ein ting som har sett sitt preg på 2020, […]

desember 20th, 2020

Skrivelyst

Då eg var barn hadde eg lyst til å skriva. Ein gong på 80-talet, i god tid før eg vart […]

desember 9th, 2020

Kollektiv kvalitativ analyse – ein metode i fire trinn

Som doktorgradskandidat hugsar eg at eg kjente meg overvelda og rådlaus den dagen eg hadde samla inn alle data og […]

november 27th, 2020

Voldsutsatthet blant skeive med innvandrerbakgrunn

Forskning og politikk på vold i nære relasjoner har de siste 40 årene hatt et tydelig fokus på kjønnsforskjeller, og […]

november 11th, 2020

No er me her igjen og tida mellom virkar så kort

No er me her igjen. Landet – og mykje av livet – er stengt ned, stengt inne, stengt. Plutseleg virkar […]

oktober 30th, 2020

Portvakt og kvalitetssikrar – om fagfellevurderingar i akademia

Gjennom mitt virke som forskar har eg etterkvart brei erfaring med å både å 1) senda inn eigne artiklar til […]

oktober 9th, 2020

Glede og demens

Demens er ein av dei sjukdommane me er mest redde for. Det er ikkje så rart. Dei av oss som […]