Skrivetid

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. Dessutan har eg denne bloggen og er med i bloggkollektivet Maddam. I dei beste skrivestudene er det som om tankane berre flyg ut gjennom hendene og ned på papiret medan eg gløymer både tid og rom. Når eg så les gjennom teksten er det lett å redigera ferdig eit godt og velskrive argument. Men som regel er skriving ganske hardt arbeid som krev meir disiplin enn inspirasjon.

Eg har over litt tid utvikla ein skriverutine som eg syns fungerer ganske bra, og no i 2019 er me ein liten gjeng på jobb som har etablert ein felles rutine. Opplegget er slik:

Mellom 0800 og 1000 er det skrivetid (eller 09 til 10 for dei av oss som ikkje er på jobb før det). Når me kjem er det berre å skru på maskinen og opna opp dokumentet ein skriv på. Reglen er å ikkje opna e-post, ikkje sjekka nyheiter, ikkje sosiale media, ikkje drikka kaffi, ikkje skravla med kollegar, ikkje fylla ut reiserekningar og så bortetter. Så sant det er mogleg å unngå planlegg me ingen møter heller før ti. Ingen ting anna enn deg sjølv og teksten.

IMG_1348

Nokon dagar sit eg 1-2 timar og får ikkje skrive særleg brukbar tekst i det heile. Mykje stirring på skjermen. Ein del nølande forsøk på setningar. Utstryking av nølande setningar. Men eg prøver å trøysta meg med at stirring på skjermen må til for å få skrive noko dagen etter. Stirring på skjermen er også arbeid, men det er frustrerande.

Heldigvis er det ikkje så veldig lenge til klokka er slagen, og så er det tid for eit kvarter felles kaffipause. Det er premien for god innsats, og så blir det mange interessante faglege diskusjonar når utgangspunktet for samtalen gjerne er kva ein har skrive på den morgonen. Allereie før klokka halv elleve på morgonen er det dessutan på tide å gratulera seg sjølv med god innsats: Det mest krevjande målet for arbeidsdagen er allereie nådd!

Etter pausen er det berre å gå laus på dei andre oppgåvene som ventar. Lesa og forholda seg til e-posten, organisera feltarbeid, lesa gjennom intervjutranskripsjonar, arbeida med ein søknad, møter, fylla ut timelister, gjennomføra datainnsamling, delta på prosjektmøter, gjera mindre krevjande skrivearbeid og så bortetter. Sjølv om jobben i teorien handlar mest om skriving, så er det vanlegvis nok andre oppgåver som tek fokuset og konsentrasjonen vekk frå det krevjande skrivearbeidet.

Korleis har denne rutinen fungert i praksis så langt? For min del gjer det dessutan underverker for motivasjonen og sjølvdisiplinen at me deler denne rutinen; Det er noko me gjer i lag, og ein gong innimellom er det nokon som spanderer wienerbrød til kaffien. Men det er ikkje alltid at ting går etter planen. Plutseleg er folk sjuke, på feltarbeid, i møte, heime med sjuke ungar, og så blir det plutseleg ikkje felles kaffi på ei stund. Utan fellesskapet kan det også vera verre å halda motet oppe sjølv. Plutseleg må eg berre nett sjekka e-post om morgonen likevel, eller ordna noko administrative greier, og så har eg det gåande.

Eg veit der er ein del folk som drøymer om å reisa på lange skriveopphald der ein sit i Paris, i Helles aller på ei hytte og berre skriv. Lange dagar, dag ut og dag inn. Eg syns det høyres ut som eit skikkeleg mareritt. Endelause dagar kor ein berre skal skriva og med høge forvetningar til alt ein skal få gjort. For min eigen del har eg meir trua på å skriva litt kvar dag alle dagar.

Stikkorda for å gjera krevjande arbeid er trivsel og meistring. Det blir meir meistring når lista ligg lågt. Derfor er det nok med 1-2 timar konsentrert skrivetid som dagleg rutine. Det blir meir trivsel av fellesskap. Derfor velfortent kaffipause med kollektiv klapp på skuldra.

Alle som har lyst til å ta del i rutinen, anten på Nordlandsforskning eller andre stader, er hjarteleg velkomne til å vera med!

1 thought on “Skrivetid”

  1. Bodil Flokke Hestvik

    Som pensjonist er det kjekt å følge med dere yrkesaktive og småbarnsforeldre! Hilsen Bodil

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content