List

Gebyra for å levera søknad om opphaldsløyve i Noreg har aukt dramatisk i det siste. Lenge kosta det rundt 3000 kroner å søkja om opphald på grunn av familieinnvandring. Rundt 2015 var prisen auka til 5200 kroner. Då eg skreiv om dette i haust var gebyret på 8000 kroner og frå første januar i år koster må søkjaren betala heile 10.500 kroner for å få søknaden sin handsama.

Gebyrer varierer etter kva type søknad det er snakk om. Det er mykje dyrare å søkja om familieinnvandring enn andre typar løyve:

  • Opphaldsløyve for å arbeida: 5300
  • Student og au-pair: 5300
  • Familieinnvandring: 10.500
  • Fornya søknad om familieinnvandring: 2600
  • Permanent opphaldsløyve: 3100

Det er litan tvil om at desse skyhøge søknadsgebyra for nokon vil vera eit reelt hinder for å bli gjenforent med sin ektefelle og barn. Mest sannsynleg er det også poenget: Søknadsgebyret fungerer som eit av mange verktøy for å begrensa og hindra familieinnvandring til Noreg.

Berre på eit par månader har prisen på å søkja om familieinnvandring gått opp med flere tusen kroner. Frå 1. januar 2018 kostar det 10.500 kroner i gebyr å søkja. Endringa vart enkelt gjennomførd av Justis- og beredskapsdepartementet ved å endra utlendingsforskrifta § 17-10.

Får du avslag får du sjølvsagt ikkje pengane igjen. Gjer du ein feil i skjemaet og får søknaden avvist på formelt grunnlag må du søkja på nytt og betala på nytt. Får du innvilga søknaden må du likevel betala nesten 3000 kroner for å fornya søknaden 1-2 år seinare. Når du etter fleire år på mellombels opphaldsløyve kvalifiserer for permanent opphald, koster det også 3100 i søknadsgebyr.

I Storbritannia har også søknadsgebyra i utlendingsforvaltninga auka dramatisk. Prisen for å søkja om opphaldsløyve er 2297 pund, altså 25.000 kroner. The Guardian har gått søknadsgebyra etter i saumane og melder at The Home Office (tilsvarer norske UDI) har opp til 800 % profitt på arbeidet med å behandla søknader. Den aller høgaste gebyret tek dei for å handsama søknaden til gamle og sjuke foreldre. Gebyret er på 3250 pund, medan kostnaden ved å handsama søknaden berre er 423 pund. Denne typen opphaldsløyve er dessutan den som har aller minst sjans for å bli innvilga. Den økonomiske risikoen er altså enorm, så det er litan tvil om at funksjonen gebyret har er å hindra folk i å det heile søkja.

I same periode har The Home Office fått store kutt i budsjetta sine, og The Guardian meiner derfor at dei har sterke insentiv til å avslå søknader på grunn av detaljfeil i søknaden for på denne måten å tena endå meir pengar på at folk må søkja på nytt.

Se også oversikt over søknadsgebyra i Nederland.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Fasadeskilt av Utlendingsdirektoratet CC BY-NC-ND 2.0

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

desember 6th, 2018

Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn i Norge

Lesbiske, homofile, bifile, transpersoner og interkjønnpersoner med innvandrerbakgrunn risikerer å bli utsatt for diskriminering på grunn av seksuell orientering og […]

november 28th, 2018

Sosial omsorg − fra blind flekk til sentralt innsatsområde i hjemmebasert eldreomsorg?

Sosial omsorg er en blind flekk i den hjemmebaserte eldreomsorgen, hevder Mai Camilla Munkejord, Walter Schönfelder og jeg i en […]

november 22nd, 2018

Nei, abortlova er ikkje diskriminerande

Abortlova er diskriminerande, har Erna Solberg påstått, som eit argument for å endra §2c. Påstanden har fått vind i segla […]

november 18th, 2018

Kvinner som møter i nemnder

Tusenvis av kvinner og menn demonstrerte i går til støtte for abortlova, og for kvinners rett til sjølv å bestemma […]

november 13th, 2018

Sumaya samtalar med Zeshan Shakar

I går var eg blant dei over hundre menneska som kom til Stormen bibliotek i Bodø for å ta del […]

november 4th, 2018

Søndagstur til mor

Eg kunne mest ikkje hugsa sist eg var på topptur. Det har blitt mykje barnevennlege turar. Stort sett kjekt det, […]

november 4th, 2018

Likeløn – frå aksjon til byråkratisk standard

24. oktober gjekk “Likelønnsaksjonen” av stabelen rundt om i landet. Aksjonen sett fokus på det faktumet at kvinner i snitt framleis tener […]

oktober 24th, 2018

Heime i Stabburshaugen

I juni i år flytta me inn i det nye huset i Stabburshaugen. Der er ganske mange som har vore […]

oktober 7th, 2018

Bøkenes verden

Eg les mykje barnebøker for tida. Magnus er blitt så stor at han har glede av ei god historie og […]

september 27th, 2018

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv – Plikta til aktivt likestillingsarbeid

Jamfør likestillings- og diskrimineringslova har arbeidsgjevarar, partane i arbeidslivet og offentlege myndigheiter ei plikt til å jobba aktivt og målretta for likestilling. […]