Sommarminner

Det er ingen eg har vore så mykje på tur i lag med som Eli og Katrine. Sommarens høgdepunkt var årets tur med damene!IMG_8850

Turmålet var Skjomen – eit fantastisk fjellområde sør for Narvik, kor me var på påsketur i 2014. Me gledde oss stort til å få sjå Skjomenfjella, som skal vera så vakre og dramatiske. På påsketuren hadde me nemleg ikkje sett eit einaste fjell ettersom me hadde lågt skydekke, flatt lys, snø og vind heile turen. Men det vart ikkje til at me fekk sjå noko særleg til fjella i sommar heller, i alle fall ikkje i første omgang.

IMG_8895

Men det var inga naud, for me likar oss eigentleg ganske godt i skodda. Det er mange fordelar med ho, også på sommaren. For det første blir det ikkje solsteik på teltet om natta. Med fin og kjølig temperatur i teltet er det godt og varmt i soveposen. Lyset er jamt heile døgnet og alt ligg til rette for å sova, og sova og sova.

IMG_8870

Når verda er dempa og pakka godt inn i lågt skydekke er det godt å kvila for både folk og dyr. Og det trengtes. Som så mange andre gonger før desse turane hadde dei føregåande vekene fore hardt med enkelte av oss. Fjell og gode vener tett på, men alt anna langt borte – og skodda mellom oss sjølv og resten av verda. Det var akkurat det eg trengte. Og snart byrja det å hjelpa på.

IMG_8902

Lågt skydekke, ja, men makalaust godt vêr. Opphaldsvêr og nesten ingen mygg. Det blir mest ikkje betre enn det, slo me fast og vandra innover dalane.

IMG_8875

Det gode gamle teltet mitt står like godt no som for 11 år sidan. Men det har blitt litt bleikare i fargen. Det som ein gong var ein klår raud duk som lyste opp i fjellheimen har no fått seg ein dempa oransje farge som går meir i eitt med terrenget. Men stemninga i leiren er omlag den same som alltid.

IMG_8913

Så snart det dukka opp ein tørr vierkvist på vegen tenkte alle det same: No blir det bål til lunsjen!

IMG_8917

Bare tær til lufting, kaffi på kanna og varmt nok til å sitta i ullgenseren. For ein sommar!

IMG_8908

Då turen var godt over halvvegs tok det til å klårna ein kveld. Morgonen etter vakna med opp til strålande sol. No var det greitt at sola jaga oss tidleg ut av teltet ein morgon! Omkrinsa av Skjomenfjella tok me livet med ro.

IMG_8957

Etter frukost tok me beina fatt og labba opp i høgda. No skulle me endeleg få sjå ordentleg på denne fjellheimen, så det var ikkje snakk om å labba i dalen denne dagen.

IMG_8966

IMG_8970

IMG_8977

Det viste seg å vera eit godt val å halda seg i høgda. For då me kom ned til teltet ved vatnet den dagen, så hadde myggen også kome til leiren. Det er løye korleis innsekta kviknar til av litt plutseleg varme. Det gjekk ikkje mange timane før det ikkje var levandes lengre verken for menneske eller dyr. Særleg ikkje for hundane. Ettersom det låg ei DNT-hytte ein snau kilometer frå teltet, bestemde me oss rett og slett for å evakuera leiren. Når det blæs og føyker i snøkovet kan ein byggja levegg og bardunera godt. Men når innsekta kryp inn i pelsen på hundane og bit dei til blods, då er ein meir rålaus. Det var berre å koma seg i hus.

IMG_8984

Dagen etter vandra me ned av fjellet. Ein god bris gjorde at innsekta ikkje plaga oss for mykje. Her var Skjomenfjella på alle kantar rundt oss. Dei me ikkje fekk sjå før me hadde vore nesten to veker til samen i denne fjellheimen.

IMG_8986

Siste leiren hadde me ved vegen, heilt nede ved fjorden. Me skulle rekka ein tidleg buss dagen etter, og på denne stranda fekk me med oss alt som var av sol den sommarnatta.

IMG_8990

Naturen ordna showet: Ein liten flokk niser jaga ein sildestim heilt inne ved land. Og sola gjekk ned bak fjella i nord rett rundt midtnatt.

IMG_8998

Takk Eli og Katrine for at de me jamne mellomrom byr på ei lomme i livet av nært vennskap, natur og fridom. Ein stad kor eg alltid kan koma som eg er og ha det akkurat som eg har det. Men som likevel alltid er fylt av latter, moro, kjærleik, refleksjon og tilknyting til naturen.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content