Streng men urettferdig

Streng men rettferdig, har vore mantraet til Arbeidarpartiet under 8 år med raudgrønt styre. Streng men rettferdig, har dei sagt kvar gong dei forsvarer ein stadig meir restriktiv innvandringspolitikk. Dei siste åra har Framstegspartiet og Høgre messa den same frasen: asylpolitikken skal vera streng men rettferdig. Men denne frasen kling nokså hult når ein får eit innblikk i skjebnane til einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg. Streng men urettferdig, er ei langt meir presis skildring av gjeldande politikk.

Etter asylforliket, med dei blåblå ved roret, har rekordmange barn fått mellombels opphald i Noreg. Det vil seia at opphaldsløyvet berre gjeld til dei fyller 18 år. Ved myndigheitsalder skal dei deporterast. Grunngjevinga for å behandla barn på denne måten er at ein vil ”senda eit signal” til andre barn og familiar som vurderer flukt. Eit signal om at dørene er stengde, at ein ikkje berre kan koma her og koma her, at ein like godt kan spara seg bryet.

Ikkje ei stor gruppe

Einslege mindreårige asylsøkjarar er ikkje ei stor gruppe i statistikken. Men kvar gong ankomsttala har auka mykje frå eit år til eit anna, har norske politikarar stramma inn reglane. Mellom 2007 og 2009 auka talet frå 403 til 2500. Det var då Stortinget først gjekk inn for at ein kunne gje barn mellombels opphald fram til dei fyller 18 år – for så å kasta dei ut av landet på 18-årsdagen. Allereie i 2010 hadde talet gått ned til om lag 1000, og slik var det fram til 2015. 2015 var året for den såkalla ”asylkrisa”, og blant dei mange flyktningane som søkte asyl i Noreg det året var der 5300 mindreårige asylsøkjarar. Men situasjonen vedvarte ikkje, og i 2016 kom berre 320 barn åleine til norskegrensa for å søkja asyl.

Dei som er for politikken meiner nedgangen illustrerer at mellombels opphald faktisk fungerer – at færre barn legg ut på ei farefull flukt til Europa. Men europeiske tal viser at det ikkje er tilfelle. Det er ikkje færre som legg ut på flukt. Men det er rett nok færre som kjem til Noreg når Noreg berre behandlar desse barna dårleg nok. Streng, men urettferdig er eit effektivt grep for å få folk til å søkja asyl andre stader.

Kven er dei?

Over tid har det kome flest barn åleine på flukt frå Afghanistan, Irak, Somalia, Etiopia, Eritrea og Sri Lanka. I 2015 kom der mange frå Syria, sjølv om majoriteten også dette året kom frå det krigsherja Afghanistan. Dei fleste som kjem er gutar mellom 16 og 18 år. Berre om lag 10 prosent er under 16, og 8 prosent er jenter.

Åleine på flukt

Kva er årsakene til at desse barna legg ut på flukt? Ein forskingsrapport frå Fafo viste at 3 av 4 hadde opplevd krig og krigshandlingar på nært hald, og nesten 1 av 4 hadde blitt skada i krigen. Mange hadde også vore utsette for seksualisert vald som krigsstrategi, og blitt forsøkt rekruttert til sjølv å delta i krigshandlingar. Andre igjen reiste på grunn av familiesituasjonen, til dømes risiko for tvangsekteskap (særleg jenter), risiko for æresdrap og hevndrap (særleg gutar) eller fordi far var død og ingen kunne forsørgja dei. Ein stor del av dei einslege mindreårige har ein eller to døde foreldre. Manglande moglegheiter til utdanning og arbeid, samt ønske om ei betre framtid i Europa er også ein motivasjon for å reisa.

Kvifor Noreg?

Svært få har ein plan om å dra til Noreg. Dei fleste har ikkje høyrd om Noreg før dei reiser. Ein veit om Europa og store europeiske land som Tyskland, Frankrike og Storbritannia og har kanskje planar om å reisa dit. Det er gjerne tilfeldigheiter på reisa som gjer at ein hamnar der ein hamnar. Mange har reist frå land til land – ein blir pressa til å reisa vidare på grunn av elendige tilhøve i land som Iran, Tyrkia, Italia, Sudan eller Libya. No er Noreg også blitt eit transittland ein flyktar vidare i frå; fleire norske media melder om at dei som er send ut av landet er å finna igjen på gata i Paris (mellom anna Dagsrevyen 6. april).

Livet på mottak

Barna som lever med mellombels opphaldsløyve – og veit dei vil bli sende ut når dei fyller 18 – er svært utsette for depresjon og anna psykisk sjukdom. Dei er vonlause. Sjølvmordsfaren er stor. Barn mellom 16 og 18 har heller ikkje rett på skulegang, som kunne gjeve rutinger, kvardag, normalitet og framtidsmoglegheiter i ein elles vanskeleg kvardag. Pengane dei får av UDI til å leva av strekk ikkje til for heilt grunnleggjande behov, og helsesøstre som er i kontakt med barna har lenge uttrykt bekymring for mangelfull ernæring.

Dei forsvinn

Ikkje rart at mange vel å ikkje bli buande på mottak. Dei forsvinn utan at nokon veit kor dei blir av. Mellom 2009-2015 hadde 221 barn fått mellombels løyve. Av dei var 94 framleis i Noreg, medan 42 skal ha returnert og 75 hadde forsvunne. Etter asylforliket har rekordmange barn fått mellombels opphald. Dette er blitt norma – ikkje unntaket – og per dags dato sit 330 barn og venter på at fundamentet dei står på skal forsvinna under dei den dagen dei fyller 18. Ikkje rart at rekordmange barn – heile 182 i talet – har forsvunne berre i 2016. Me veit lite om kor dei blir av. Nokon reiser kanskje vidare til andre land. Nokon blir utsette for menneskehandel og andre formar for overgrep. Andre hamnar i rusmiljøa på gata. Dei lever i gråsonene, i marginane, som irregulære migrantar.

Slår alarm

Det er derfor med god grunn at fagmiljøa slår alarm. Situasjonen på mottaka er meir uhaldbar enn nokon sinne. Nett slik Barneombodet, NOAS og ei heil rekke andre høyringsinstansar åtvara mot i prosessen rundt asylforliket. Som migrasjonsforskarar ved PRIO peika på i sitt høyringssvar: «Som et tankeeksperiment, la oss forestille oss en målsetning om å gjøre flyktningene til en marginalisert og ustabil befolkning i samfunnet. Da ville usikker oppholdsstatus og adskillelse fra familiemedlemmer være målrettede tiltak.»

AP-landsmøtet

Arbeiderpartifolk er opprørde over den uhaldbare livsituasjonen til barna, men partiet vil ikkje endra lovverket dei sjølv innførde i si tid, og som dei var med på å strama kraftig inn med asylforliket. AP-leiinga er redd det ville senda feil signal, og har fått landsmøtet til å vedta at lovverket ikkje skal endrast dersom AP kjem til makta til hausten. Alt landsmøtet går inn for er å endra praksis innanfor dagens regelverk. AP insisterer på sitt gamle mantra: streng men rettferdig asylpolitikk. I praksis betyr det stadig strengare og meir urettferdig. På linje med sittande regjering.

Illustrasjonsbilde: Children of a lesser god… av Saad Sarfraz Sheikh CC BY-NC-ND 2.0

Kjelder:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content