Tematisk analyse – metodeartikkelen som løyser alt

For eit par månader sidan fann eg metodeartikkelen som løyser alle (eller i alle fall eitt av) mine problem: “Using thematic analysis in psychology”. Artikkelen er – etter mitt syn – like relevant for sosiologien som for psykologien og handlar om korleis ein på vitskapeleg vis gjennomfører denne kanskje mest vanlege forma for kvalitativ dataanalyse. Kort fortald er tematisk analyse ein metode for å identifisera, analysera og skildra mønster (tema) i datamaterialet. La meg fortelja dykk om kvifor eg syns denne artikkelen er så nyttig og spandera ei kortfatta gjennomgang av kva som står i han.

Mitt problem med metode

Innanfor kvalitativ metode syns eg me manglar eit godt språk for å skildra på ein konkret og gjennomsiktig måte kva me faktisk har gjort når me analyserer data. Alt for ofte syns eg metodeavsnitta i vitskapelege artiklar handlar om kva  metodologisk rammeverk forskaren har brukt, og gjev lite og inga informasjon om korleis forfattaren har gått fram når hen analyserte data. Nokon gonger er dette i form av endelause og nokså lite interessante harangar om kva diskurs betyr, kva sosialkonstruksjonsime er, kva som er det epistemologiske utgangspunktet for grounded theory eller kvifor institusjonell etnografi er så radikalt annleis frå vanleg sosiologisk metode. Slike tekstar seier gjerne lite og ingenting om kva ein har gjort.

Misforstå meg rett. Metodologi og epistemologi er både interessante og viktige grunnlagsdiskusjonar for empirisk forsking, men slike diskusjonar bør ikkje erstatta diskusjonen om kva me har gjort når me analyserte data. Den metodeboka eg har hatt mest nytte av opp gjennom er Karin Widerberg si bok «Historien om et kvalitativt forskningsprosjekt» (2001). Her skildrar ho på ein forståeleg og konkret måte kva ho og kollegar gjorde når dei analyserte data frå eit konkret forskingsprosjekt. Ho visar korleis dei gjorde tematisk analyse, narrativ analyse og diskursanalyse.

I ein av dei siste artiklane eg har skrive la eg vekt på å skildra så konkret og grundig som mogleg kva me har gjort i dette forskingsprosjektet, med referanse til andre som har gjort ting på liknande måtar. Eg syns sjølv det var både konkret, etterretteleg og forankra i litteraturen, men kritikken frå fagfellen var klar og tydeleg: «Artikkelen manglar informasjon om kva metodologisk tilnærming de har nytta».

I metodelitteraturen er der kort fortald to leirar:

  1. Dei som bekjenner seg til ein bestemt teoretisk og epistemologisk posisjon og følgjer ei bestemt oppskrift som er fundert på denne teorien/epistemologien.
  2. Metodar ein kan bruka på tvers av ulike epistemologiske og teoretiske tilnærmingar.

Fagfellen gav inntrykk av å vera i den første leiren. Sjølv vil eg plassera meg i den andre leiren. Men ettersom fagfellane bestemmer om artikkelen blir publisert må ein gjerne vera litt pragmatisk. I ein versjon av artikkelen endte me opp med å skriva at me hadde basert oss på «konstruktivistisk grounded theory» (slik Kathy Charmaz har skildra det). Dette var ikkje blant løgn, for det me hadde gjort var til forveksling likt det ho skriv om.  Men det var heller ikkje heilt sant. Sjølv las eg nemleg ikkje Charmaz før etter at me var ferdige med mesteparten av analysearbeidet, og eg har aldri sett meg ordentleg inn i eller prøvd å gjennomføra grounded theory i nokon som helst variant. Eg var derfor ikkje særleg komfortabel med denne (førebels) løysinga.

I arbeidet med den siste innsendte versjonen av artikkelen fann eg heldivis artikkelen “Using thematic analysis in psychology”. Med denne referansen som skyts kunne eg forklara at eg hadde gjort tematisk analyse, og at det er ein metode i seg sjølv, helsing Braun and Clarke 2006. Deira skildringa stemmer svært godt med kva eg har lært på mastergrad og doktorgrad i sosiologi, og kva eg seinare har gjort i lag med kollegar i ulike forskingsprosjekt. Tematisk analyse, slik Clarke og Braun skildrar det, liknar også ein metode som eg har utvikla i lag med kollegar, nemleg kollektiv kvalitativ analyse.

Forfattarane meiner at tematisk analyse er ein grunnleggande metode i kvalitativ dataanalyse, og at dette er eit fellestrekk på tvers av ulike metodologiske tilnærmingar. Vidare meiner dei at tematisk analyse ikkje berre er eit aspekt ved fleire forskjellige metodiske perspektiv, men ein metode i seg sjølv. Men, skriv dei, det er ein dårleg marknadsført metode. Målet med artikkelen er å gje metoden eit namn, utvikla ei konkret oppskrift for korleis ein utfører metoden og på denne måten marknadsføra tematisk analyse som ein eigen metode.

Tematisk analyse i 6 trinn

  1. Bli kjend med datamaterialet
    1. Transkribera heile datamaterialet ordrett (Merk: David Silverman argumenteret mot å gjera det!)
    2. Fordjupa deg i data, det vil seia les grundig gjennom alt. Ta notat, markera teskt og skriv i margen.
    3. Leit etter meining og mønster.
  2. Lag dei første kodane
    1. Lag ei første liste med idear og tankar om kva tema du har sett i datamaterialet.
    2. Du “koder” datamaterialet ved å identifiserer eit aspekt ved data som framstår som interessant å analysera.
    3. Arbeida deg gjennom datamaterialet og identifisera interessante aspekt ved kvart einaste intervju (eller dokument eller observasjonsnotat). Du kan bruka post-it-lappar, notera i margen eller tusja med ulike fargar. Du kan også kopiera relevante sitat frå dei ulike intervjua inn i eit eige dokument som er tileigna ein bestemt kode. Her kan du også bruka programvare for kvalitativ dataanalyse.
    4. Du koder så mange tema og mønster som du kan finna, og hugs at kvart intervjuutdrag kan plasserast i fleire kodar.
    5. Når du har koda alt datamaterialet har du ei lang liste med ulike kodar som du har identifisert i datamaterialet
  3. Leit etter tema
    1. Arbeid med å finna meir overordna tema og samla dei relevante kodane under slike meir overordna tema.
    2. Tenkja gjennom kva som er tilhøva mellom kodane, mellom tema og kva som er overordna tema og undertema.
    3. Ved slutten av denne fasen har du eit ferdig forslag til overordna tema og undertema og alle utdrag som du har koda under kvart enkelt tema.
  4. Gå kritisk gjennom tema
    1. Kritisk gjennomgang av temalista. Vurdera om nokon tema bør brytast ned i fleire undertema, om eit eller fleire tema kan vera grunnleggjande problematiske og om dei intervjusitata du har plassert under temaa faktisk passer der.
    2. Du revurderer også om eit eller fleire tema kan vera problematiske, og om dei utdraga du har koda under kvart enkelt tema faktisk passer der.
    3. Til slutt gjer du ei ny kritisk vurdering av om dette kartet du no har laga faktisk gjev eit godt bilde av heilskapen i datamaterialet.
    4. Ved slutten av denne fasen har du ei liste over tema som du er ganske nøgd med og som du syns passer godt til å skildra datamaterialet på ein relevant og treffande måte.
  5. Definer og gje temaa namn
    1. I denne fasen jobbar du med å finna treffande namn på kvart tema, som du syns fanger essensen på ein god måte.
    2. For kvart enkelt tema må du identifisera kva som er «historia» for akkurat dette temaet, og sjekka om det stemmer bra med det som er den overordna historia du fortel på grunnlag av dette datamaterialet.
    3. Ved slutten av denne fasen kan du gje ei god og klar skildring av temaa du har identifisert, og har funne presise, treffande og fengande namn på alle emna, som gjev lesaren eit innblikk i kva det handlar om.
  6. Skriv rapporten
    1. Når du har utarbeidd tema så skriv du rapporten.
    2. Finna gode sitat som illustrerer tema og undertema på ein nyansert måte.
    3. Du må fortelja eit godt analytisk narrativ, ei overtydande historie om datamaterialet ditt. Du må ha eit argument som passer til forskingsspørsmålet.

Omsett til norsk

I ei norskspråkleg lærebok har Johannsen med fleire (2018, s. 279–313) presentert ein firetrinns versjon av metoden til Braun og Clarke: 1. førebuing, det vil seia å gå gjennom datamaterialet og notera undervegs, 2. koding, det vil seia å framheva og setja ord på viktige poeng i data ved å skriva ned stikkord, streka under tekstutdrag og skriva ned idear og refleksjonar, 3. kategorisering, det vil seia å sortera datamaterialet etter meir overordna tema, 4. rapportering, det vil seia skriveprosessen.

Fleksibel metode

Tematisk analyse krev ikkje den detaljerte teoretiske og tekniske kunnskapen som ein del andre metodar og metodologiske perspektiv. Det er faktisk ein ganske enkel og rett fram prosedyre som du kan få til sjølv om du er under opplæring og ikkje har gjort kvalitativ dataanalyse før. Tematisk analyse er ikkje bunden til eit bestemt teoretisk rammeverk og kan derfor brukast innanfor rammene av ulike teoretiske og epistemologiske tradisjonar.

Ein kan analysera hendingar og erfaringar, meiningsproduksjon eller diskursar ved hjelp av tematisk analyse, eller alle desse tinga. Ein kan gjera tematisk analyse anten ein tek ei konstruksjonistisk eller realistisk tilnærming til forskinga, eller ein stad i midten. Alt etter kva som er forskingsspørsmålet og det epistemologiske og teoretiske utgangspunktet ditt. Det er berre viktig å gjera greie for kva teoretisk og epistemologisk posisjon som ligg til grunn for den aktuelle tematiske analysen. Braun og Clarke meiner ein må slutta med «methodolantry» det vil seia å vera gift med metoden heller enn å konsentrera seg om forskingsspørsmålet og temaet for studia.

Braun og Clarke argumenterer altså for at tematisk analyse er ein metode i seg sjølv. For å kunne skildra og marknadsføra metoden er det viktig å utvikla klare og konkrete retningslinjer og prosedyrar for metoden. Klare retningslinjer, men utan at ein mister den verdifulle fleksibiliteten. Ein må laga eit språk for og ei oppskrift for korleis ein gjer tematisk analyse. Kvalitative forskarar må kunna skildra heilt konkret korleis ein har analysert data. Dersom me ikkje får vita korleis folk har gått fram for å analysera data, så er det vanskeleg å evaluera og vurdera forskinga og resultata. Dessutan kan ein stå i fare for å gje inntrykk av at ein berre har kokt i hop ei historie frå sitt eige hovud, utan klare forskingsmessige prosedyrar.

Tematisk analyse i praksis

Eg har utvikla ein metode for korleis ein kan gjennomføra tematisk analyse i praksis og kalla denne metoden for “kollektiv kvalitativ analyse”. Eg har skrive om dette i ein vitskapeleg artikkel, i gjestespalta mi Forskerforum og i ein engelsk versjon publisert her på bloggen.

Kjelder:

  • Braun, Virginia og Victoria Clarke (2006) “Using thematic analysis in psychology”, Qualitative Research in Psychology 3(2): 77-101.
  • Widerberg, Karin (2001) Historien om et kvalitativt forskningsprosjekt, Oslo: Universitetsforlaget.
  • Eggebø, Helga (2020) “Kollektiv kvalitativ analyse”, Norsk sosiologisk tidsskrift, 02/2020, 4.
  • Johannessen, Lars E. F., Tore Witsø Rafoss og Erik Børve Rasmussen (2018) Hvordan bruke teori? : nyttige verktøy i kvalitativ analyse, Oslo: Universitetsforlaget.

10 thoughts on “Tematisk analyse – metodeartikkelen som løyser alt”

  1. Tusen takk for at du har tatt deg tid til å skrive denne artikkelen! En velskreven artikkel med en god beskrivelse av trinnene i tematisk analyse.

  2. Dag Gunnar Gunnar Brekke

    Hei
    Kan tematisk analyse samanlignes med det som heter framework approach ?

  3. Takk for hjelpsam oppsummering! Kva dato kan eg setje på det som kjelde?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content