Tid for ski!

Endeleg var det på tide med hyttetur og skihelg og fleire dagar heilt utan ungen. Mang ei helg siste halvanna året har eg sett mot dei snødekte fjella full av lengt etter å vera på tur med Eli og Katrine.

Hurra! Hyttetur med Eli i Beiarn, og ettersom Katrine var nett heimkomen frå i Alaska fekk me med oss Hanne. Medan eg venta på at dei andre skulle henta meg på fredag ettermiddagen oppførte eg meg som ein fuglehund har sett eigaren ta på seg turkleda. Kom dei ikkje snart? Jo!

On the road again! Me spurta innom butikken, handla mat og øl og suste avgarde til Beiarn i strålande måneskin. Det var 18 minusgrader då me tok av frå vegen i Beiarn og snirkla oss opp fjellsida mot hytta. Kaldt og deilig og ikkje snurten av den sure austavinden som alltid dreg over Bodø.

Innan berre få timar var det plussgrader i hytta og pølse og pils på bordet. Å vera vaken til midnatt utan å uroa seg over at ein må stå opp klokka fem eller før! Samanhengande søvn frå tolv til åtte. Halleluja!

DSC08580

Eg og dei tøffe skikøyrarane i turfølget mitt greidde å oppdriva litt fin snø, sjølv om det var banke hardt og avblåst dei fleste stadene etter mest to månader utan nedbør. Eit par fine svingar i launssnø vart det, sjølv om teknikken er rusten etter ikkje å ha stått på telemark på to år.

“Me fyrer vel eit lite furubål?” spurde eg då sola skein i bakken og det plutseleg var heilt vindstille mellom trea. “Klart det”, meinte Eli og bryja klatra opp i furutrea for å bryta av nokre solide greiner. Og så satt me der på ein sofa av snø og kjende sola varme. Eller i alle fall trudde me sola varma. Då bålet brann ned viste det seg at varmen kanskje først og fremst var strålevarmen frå bålet.

DSC08579

Kvar gong eg er på tur med Eli, så speler Halvdan Sivertsen opp til dans: “Hver gang vi møtes, har vi det bra! Vi e venna for livet – sånne e gode å ha!”. Det er kjekt med unge, men det er jammen kjekt å vera litt utan også.

Og då eg kom heim den kvelden, var det som om Magnus fullstendig hadde gløymt at han brukar villa ha pupp når mamsen kjem heim. Ser man det! Ferdig med amming. Hurra!

2 thoughts on “Tid for ski!”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Kom gjerne på besø og overnatting til oss på hytta på Fiplingdalsmyra ! Velkommen! Hilsen Bodil Flikke Hestvik!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content